Hopp til innhold

Brevatn kan vere giftig: – Eit skikkeleg skummelt stoff

Forskarane har for første gong sett på kva det svarte stoffet i isbreane inneheld. Konklusjonen er klar: ikkje drikk brevatn.

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Høyrest det ikkje freistande ut med klart, iskaldt brevatn?

Om nokon hadde selt det i flaske, hadde du kanskje vore freista til å kjøpe det?

Men sjølv om vatnet ser både freistande og reint ut er ekspertanes råd klart:

Uansett kva du gjer, ikkje drikk isbrevatn.

Vatnet inneheld nemleg restar av dyr, og kan til og med innehalde radioaktive stoff.

Turist drikker vann fra isbre

Som mange andre blei denne turisten freista til å smake på det klare, blå brevatnet. Uvitande om at det kan vere veldig giftig.

Foto: SARA KANUTTE SKJELVIK / Privat

Døde lemmen på isbreen

– I isen ligg det ofte bakteriar. Det kan til dømes vere nedbrotne dyrerestar.

Det seier Atle Nesje, professor ved Universitetet i Bergen.

Han er ein av fleire forskarar som gjennom fleire feltsesongar har utført målingar og modelleringar i prosjektet JOSTICE for å forstå landskapet under isen.

Forskarane har funne fleire uventa bakteriar i målingane. Og desse bakteriane kjem ofte frå døde lemmen.

Sint lemmen

Kvart tredje eller fjerde år er det lemenår. Det vil seie at det blir født mange fleire lemmen enn andre år. Fleire av desse vandrar ut på isbreane og frys i hel der.

Foto: Berit Rødstøl / Den Norske Turistforening

– I lemenår vandrar lemmen ut på isen og fryser i hel eller svelter hel. Når dei blir brote ned dannar det seg bakteriar, seier Nesje.

Rundt området dyra har låge blir det svarte flekker på isen. Det er kryokonitt.

Kryokonittfylte hull observert på Jostedalsbreen

Kva er kryokonitt?

Kryokonitt el. isstøv (frå gresk: ‘kryokonítis) er sett saman av ‘kryo’som betyr kald, og skoni som betyr støv.

Kryokonitt er finkorna, vindblåst støv som inneheld ei blanding av små steinpartiklar, sot og mikrobar avsett på snø, brear og iskapper.

Bakteriar sit på støvet og lever i ei mørk hinne der.

Kalving og bølge

Korleis hamnar det i brevatnet?

Dei svarte flekkene absorberar meir solstråling enn snøen rundt. Det gjer at snøen og isen under kryokonitten smeltar og dannar groper med smeltevatn med kryokonitt på botnen (kryokonitthol).

Nede i kryokonitthol kan det danne seg mikro-økosystem som kan bestå av finkorna avleiringar og mineral, menneskeskapte forureiningar som sot, mikrobar og organisk materiale som algar, cyanobakteriar, sopp og virus.

Når isen smeltar blir dette vatnet del av brevatn i bekkar, elver og innsjøar nær breen.

– Dersom konsentrasjonen er høg nok, kan ein få diaré og oppkast, seier Nesje.

Les også Isbiter fra denne breen kan ende opp på restauranter over hele verden

Engenbreen/Svartisen

Spor av Tsjernobyl

Men ein skal ikkje berre vere forsiktig med å drikke vatnet.

Det er heller ikkje ein god idé å få det i opne sår.

– Det er ein grunn til at ein bruker hanskar eller vottar i brevandring eller isklatring, seier Nesje.

Sveitsisk isbre

Dei store svarte delta på isbreane er kryokonitt som har samla seg opp. Viss ein kjem ned på gamal is kan han vere gråaktig. Det vil seie at det er meir av desse stoffa.

Foto: Valentin Flauraud / AP

Viss ein skrapar seg opp på dei skarpe iskrystallane set det seg nemleg ofte ubehagelege infeksjonar i såra.

– Eg var sjølv så uheldig at eg skada knokane på høgrehanda på den måten. Då sat det seg ein infeksjon som det tok fleire veker før eg blei kvitt, fortel forskaren.

Men det er ikkje berre restar av døde dyr i brevatnet. Det er òg restar av Tsjernobyl.

Turist drikker vann fra isbre

Årsaka til at brevatnet har ein blågrå farge er at det er slam i elvene. Det er finknust steinmjøl. Det er det du ikkje ser som er farleg.

Foto: SARA KANUTTE SKJELVIK / privat

Forskarane gjorde ein undersøking på Finse av kryokonitt.

– Det var radioaktive isotopar som sannsynlegvis stammar frå Tsjernobyl i 1986, seier Nesje.

Lemmen beiter på vegetasjon rundt breen. Vegetasjonen inneheld framleis det radioaktive stoffet. Det får lemmen i seg, før dei vandrar ut på breen.

– Eg tok sjølv ei prøve. Ho lukta død og fordelsving. Det er eit skikkeleg skummelt stoff.

Atle Nesje, professor i geologi

Atle Nesje, professor i geologi og klimaforsking. Han er og guide og leiar feltkurs for studentar. På turane han leiar har studentane alltid med seg vatn sjølv så dei ikkje skal bli freista av brevatnet.

Foto: NRK

Forskaren fortel at dette sannsynlegvis gjeld på alle brear i Noreg. I alle fall om ein ser svarte felt av kryokonitt.

– På ein varm sommardag er det freistande å ta seg ein slurk. Men eg rår ifrå alltid å drikke vatnet, avsluttar Nesje.

Les også Norges nest største isbre har sluttet å krympe, men Øyvind jubler ikke for det

Isbreguide Øyvind Gjersvik, Meløy Adventure, ved Engenbreen (Svartisen).

– Kan forstå at folk blir freista

I Noreg er det om lag 2500 isbrear. Rett over 1200 ligg i Sør-Noreg og nesten 1300 ligg i Nord-Noreg.

Benny Sætermo, fagleg leiar ved Nordland Nasjonalparksenter fortel at dei ofte ser døde smågnagarar når dei har med seg skuleelevar på isbreane.

Oksbretinden

I Nordland er det 16 isbrear. Dei mest kjende er Svarttinden, Blåmannisen og Okstind.

Foto: Benny Sætermo / Nasjonalparksenteret Nordland

Har du nokon gong måtte stoppe nokon frå å drikke brevatnet?

– Nei, ein ser ganske tidleg at det er døde dyr der, når ein går på breen. Ein får ikkje lyst til å drikke vatnet der, seier Sætermo.

– Men eg kan godt forstå at om ein familie går opp til brekanten, kan bli freista av å drikke av ein bekk som renner like ved.

Har du nokon gong drukke brevatn

Han peiker på at turistar skal vere merksame på at alle bekker i naturen kan gjere ein sjuk. Særleg i år med mange gnagarar.

– Mange går også nært brekanten for å ta på breen. Det er kjempefarleg. Det kan rase blokker ut av breen, seier Sætermo.

Små marginer gjorde at Sondre Åkervik overlevde feilsteget på breen. Nå oppfordrer han andre til å ha respekt for omgivelsene.

Små marginar gjorde at Sondre Åkervik overlevde feilsteget på breen. Nå oppfordrar han andre til å ha respekt for omgivnadane.

Gjer at breane smeltar raskare

Jacob Clement Yde, professor i geologi ved Høgskulen på Vestlandet har òg vore med i prosjektet.

Han seier at dei har oppdaga heilt eigne økosystem i dei små pyttane med kryokonitt.

– Det ganske nyleg at vi har undersøkt dette livet, og vi blir stadig overraska over kva vi finn.

Bilde av forsker Jacob Clement Yde fra Høgskulen på Vestlandet på Sørbreen på Jan Mayen august 2021.

Forskarane har forska på økosystema i kryokonitt dei seinaste 10 til 20 åra. Dei har mellom anna funne cyanobakteriar og algar, og litt større mikroskopiske dyr som bjørnedyr og hjuldyr som lever av desse.

Foto: Siri Engen / HVL

– Kva type bakteriar er det?

– Det er ein blanding av ein del kjente og ukjente bakteriar. Vi veit ikkje om det er sjukdomsframkallande bakteriar, seier Yde.

– Vi har ikkje undersøkt kva virus det er der, men dei bakteriane som er der, er tilpassa eit kaldt miljø.

Han trur det er mange som lar seg freiste av brevatn når dei er på tur.

Turist med hatt foran isbre

Turisten som er avbilda her tok berre ein liten slurk av vatnet. Han fortel NRK at han ikkje blei dårleg av å drikke det.

Foto: Sara Kanutte Skjelvik / privat

– Kor farleg er det å få i seg det radioaktive stoffet i vatnet?

– Det er ikkje nokon reel risiko når ein snakkar så små mengder, men det målbart. Det er jo ein stund sidan Tsjernobyl, seier forskaren.

Likevel er det forholdsvis høge konsentrasjonar om ein samanliknar med andre stader i verda.

Nærbilde av pakkisen på en isbre på Svalbard

Isbreane på Svalbard har minska med ein halv meter årleg i løpet av sju år. Issmeltinga har ført til 112 gigatonn vatn frå isbreane dei sju åra. Det svarar til om lag to gonger volumet til Mjøsa.

Foto: Jack Kohler

– Særleg i brefronten er det mykje svart kryokonitt.

I tillegg har forskarane sett på kva som vil skje med isen i framtida.

Det svarte stoffet fører nemleg også til noko anna: Ein forsterking av klimaeffektane.

– Kryokonitt gir ein forsterka effekt av at breen smelter ekstra mykje, seier Yde.

– Det ser vi på Grønland, og er ein forsterkande effekt på klimaendringane. Då smelter isen endå fortare.

Les også Oppdaget giganthull på isbre: – Aldri sett noe liknende

Smeltehull i Blåmannsisen

Les også Isblokk løsnet fra Svartisen: – Sekunder fra å være en dødsulykke

Et turfølge stod rett ved isbreen da en diger blokk løsnet og raste ned.