Vy vann kontrakten på Bergensbanen – betalar 2,2 milliardar for å få lov til å køyre

OSLO (NRK): Vy skal stå for persontrafikken mellom aust og vest dei neste elleve åra. Dermed unngjekk det statseigde selskapet sitt tredje jernbanenederlag på rad.

Tildeling av kontrakt for trafikken på Bergensbanen og Vossebanen

INN I MANESJEN: Etter to tap i konkurransen om å køyra persontog i nord og sør, gjekk Vy Tog og konserndirektør Arne Fosen sigrande ut av konkurransen om Bergensbanen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Klokka 12 i dag offentleggjorde Jernbanedirektoratet at Vy går sigrande ut av konkurransen om å køyra persontrafikk på Bergensbanen og Vossebanen i åra som kjem.

Det store spørsmålet var om Vy fekk halda fram som togoperatør på strekninga som NSB for første gong køyrde i 1909.

NRK varsla på førehand at det stod mellom Vy, svenske SJ og tyske Arriva i samarbeid med Tide. Det stadfesta jernbanedirektør Kirsti Slotsvik då ho presenterte vinnaren under pressekonferansen måndag.

– Me har hatt ein spanande prosess med fire tilbydarar. I siste del av konkurransen stod det mellom Vy Tog, Tide/Arriva og SJ Norge. Kvalitet blei denne gongen vekta 60 prosent, kostnad 40 prosent. Den som i dag blir peika ut som vinnar var best på begge kriterium, sa Slotsvik.

Sjå tildelinga:

Tog på Bergensbanen ved Myrdal

MYRDAL: Sjå tildelinga av Trafikkpakke Vest.

Betalar over to milliardar for å få køyra tog

Staten vil i avtaleperioden på maksimalt 11 år få betalt inntil 2,2 milliardar kroner frå Vy Tog for retten til driva persontrafikken på strekningane.

Til samanlikning betalte staten SJ Norge 1,244 milliardar for å køyra tog på dei sju togstrekningane som inngår i Trafikkpakke Nord. Britiske Go Ahead fekk 1,5 milliardar statlege kroner for ein tiårsperiode på Sørlandsbanen.

Staten betalar i dag togoperatørane for å drifta attraktive togtilbod på dei aller fleste jernbanestrekningane. Dagtoga mellom Oslo og Bergen er eit unntak.

Med dagens avtale betalar staten om lag 200 millionar kroner årleg til Vy for togtilboda på Vossebanen og Bergenbanen.

Med den nye avtalen vil Vy betala staten om lag 2,2 milliardar kroner over ein tiårsperiode.

Når Vy no vinn anbodet, betyr det at selskapet skal køyra alle fjerntog mellom Oslo og Bergen, alle regiontog på strekninga Bergen – Voss – Myrdal og alle lokaltog mellom Bergen og Arna.

Det nye anbodet får trafikkstart i desember neste år. Fram til då, blir jernbanen køyrd med gjeldande rutetilbod.

VY - nytt felles navn for NSB og nettbuss

GRØNT: Vy presenterte sine nye, grøne profil i mars i år. Så langt har selskapet til gode å presentera nye avtalar på det norske jernbanenettet.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ingen namneendringar

Konserndirektør i Vy Tog, Arne Fosen, uttrykte lette over å gå sigrande ut av selskapet sin tredje anbodsprosess på kort tid.

– Det er ein gledas dag for Vy i dag. Etter to andreplassar er det tredje gongen som gjeld. Me har brukt den tilbakemeldinga me har fått i dei to føregåande rundane på ein mest mogleg konstruktiv måte. Vy har gått heim og betra tilbod og pris, og har no endeleg kome til topps, sa Fosen under pressekonferansen.

Bergensbanen og Vossebanen held på namna. I tillegg til fleire avgangar vil det også bli synlege endringar om bord i toga, varslar Vy. Detaljar i tilbodet vil bli presenterte i samband med kontraktsignering i Bergen 20. desember.

Fosen varslar at selskapet tek sikte på å skapa eit tilbod i lag med lokalt reiseliv som i større grad utnyttar det potensialet Bergensbanen har.

– For både turistar og feriereisande elles vil me forsøka å skapa eit solid tilbod. I tillegg skal toget gjera ein viktig jobb for dei som bur langs strekninga, sa konserndirektøren under pressekonferansen.

Fosen poengterte at Vy har trua på toget som eit viktig og miljøretta framkomstmiddel framover.

– Det finst få strekningar på denne kloden som har ei så flott oppleving i form av naturen ein køyrer gjennom og dei landskapa ein får frå fjellet og ned til fjorden.

«Gratulerer», «bismak» og «plaster på såret»

Reaksjonane på at er statseigde Vy som skal køyra toga på Bergensbanen dei neste elleve åra, er delte. LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen meiner nyheita kjem med ein bismak.

– Dei siste åra har høgrepartia jobba med å splitta norsk jernbane. Dei reisande har ikkje lenger eitt selskap å forholda seg til. Dei NSB-tilsette sin arbeidsplass er øydelagd. I staden for å satsa på norsk jernbane, har regjeringa splitta han opp. I staden for å styrkja Vy, gamblar dei med norsk jernbane, seier han i ein uttale.

Pipa har sjølvsagt ein heilt annan lyd i regjeringskvartala.

– Etter tre år med jernbanereform har monopolisten Vy utvikla seg til å bli eit selskap som toler internasjonal konkurranse. Det er all grunn til å applaudere, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) etter kunngjeringa hjå Jernbanedirektoratet måndag.

Han meiner trafikkpakka er historisk fordi togselskapet no betalar staten i staden for at staten betalar togselskapa for å køyra. Gjennom dei tre første trafikkpakkane anslår regjeringa at konkurranse om persontogtilboda vil gi innsparingar i milliardklassen.

– Me frigjer om lag 12 milliardar kroner som tidlegare har vore subsidiert av togdrift, som me no kan investera i ny infrastruktur, seier statsråden i ein uttale.

Vy risikerte tre tap på rad

Dette er den tredje anbodskonkurransen Jernbanedirektoratet har lyst ut.

Får før har britiske Go-Ahead sikra seg køyrerettane på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen. Britane vann den første kontraktspakken, som blei offentleggjort i november i fjor, og overtar drifta 15. desember i år.

I sommar blei det klart at Svenske SJ fekk tilslaget på dei sju strekningane som inngår i Trafikkpakke Nord.

Lokaltogtrafikken rundt Oslo i «Pakke 4 Oslo» vil truleg få tilbodsfrist ein gong neste år med mogleg trafikkoppstart i 2022.