Minipris-billettar blir dyrare: – Folk blir jo skremt vekk frå toget

Når Go-Ahead tek over Sørlandsbanen kan dei billegaste togbillettane bli dobbelt så dyre om du skal reise vidare frå Oslo. Naturvernforbundet fryktar fleire vil velje fly framfor tog.

Tog på Sørlandsbanen

Go-Ahead tek over Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen frå 15. desember. Da blir Minipris-billettane dyrare om ein både skal ta Go-Ahead og Vy-tog.

Foto: Tor Er

Minipris-billettane har i mange år vore NSB og nå Vy sin store kampanjestrategi. Billettar heilt ned til 199 kroner som kan ta deg gjennom heile landet.

Om du er tidleg ute kan ein reise heilt frå Kristiansand i sør til Bodø i nord for 199 kroner.

Den moglegheita ser ut til å bli borte når Go-Ahead tek over Sørlandsbanen 15. desember.

500 kroner for den billegaste billetten

Holger Schlaupitz byline

Holger Schlaupitz er fagsjef og jobbar mellom anna med samferdselssaker i Naturvernforbundet. Tidlegare har han jobba åtte år i NSB.

– Det kan jo bli dobbelt så dyrt, der du i dag kan få ein minipris-billett til 249 eller 199 kroner, må du kanskje betale to gonger det, seier fagsjef i Naturvernforbundet, Holger Schlaupitz og legg til:

– Minipris-billettane gjer at toget blir konkurransedyktig. Utan den trur eg togtrafikken vil gå ned.

Om du berre skal reise på Sørlandsbanen frå Oslo til Kristiansand vil du framleis kunne få dei billegaste billettane. Men om du skal frå Geilo til Kristiansand og dermed ta Vy-tog i tillegg blir det dyrare etter at Go-Ahead har overtatt.

10. desember kan du for eksempel kome deg frå høgfjellet i Buskerud til sørlandets hovudstad for 339 kroner. Veka etterpå har Go-Ahead tatt over, da kostar den same billetten 578 kroner.

Skjermdump togbillett Geilo-Kristiansand
Foto: SKJERMDUMP FRÅ ENTUR

Grunnen er at togselskapa kan prise dei rabatterte billettane som dei vil og det er berre dei ordinære billettane Jernbanedirektoratet har sett eit maksimalt prisnivå på.

Dermed blir dei to billegaste prisane lagt oppå kvarandre og prisen dobla om du skal innom begge selskapa på togturen din.

Redd for at trafikken vil gå ned

Stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) er redd det vil bety at færre vil velje toget.

– Folk blir jo skremt vekk frå toget når det er så dyrt og tek bilen i staden. Det er dyrt med enkeltbillettar på jernbanen og dette vil bety mykje. Det innbyr til dårlegare reisevanar, meiner Nævra.

Arne Nævra

Stortingsrepresentant Arne Nævra meiner dette er ein av skyggesidene ved jernbanereforma.

Foto: Terje Pedersen / NTB scan

Frå 20. juni neste år tek SJ over Dovrebanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen, Raumabanen og Meråkerbanen og enda fleire vil måtte innom forskjellige togselskap på togturen. Skal du for eksempel frå Kristiansand til Røros må du innom tre togselskap.

Bør stille krav om samarbeid

Jernbanedirektoratet har laga avtalene som Vy og Go-Ahead må ta omsyn til. Dei innrømmer at dei billegaste billettane i nokre tilfelle blir dyrare.

Svein Horrisland, kommunikasjonsdirektør i Jernbaneverket.

Svein Horrisland er kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet som har ansvar for avtalene til togselskapa.

Foto: Hilde Lilejord / Hilde Lillejord

– Ja, viss du reiser langt på ein gong, så blir det minipris + minipris, og det kan jo bety at det blir dyrare for nokon enn det var tidlegare. Det kjem me ikkje unna, seier kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet, Svein Horrisland.

Vil vurdere samarbeid

Schlaupitz i Naturvernforbundet meiner det er synd at staten ikkje har stilt krav om at togselskapa må samarbeide.

– Det her er rabattar som togselskapa bestemmer sjølv. Me hadde håpa at myndigheitene hadde stilt krav til at prisane ikkje aukar. Det me nå må håpe på er at togselskapa sjølv finn det attraktivt å inngå samarbeid, seier Schlaupitz.

Go-Ahead er tildelt kontrakten for Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen

Cathrine Elgin meiner dei ikkje har grunnlag for å sjå på dette før dei er godt i gang med togtrafikken.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Go-Ahead er kjent med problemstillinga og vil vurdere eit samarbeid med Vy når dei kjem i gang.

– Me ynskjer å sjå nærmare på dette når me er i stand til å gjere det. Så fort me er i gang og får historikk og sjå tilbake på, kan me gå i dialog med Vy og SJ og sjå om me kan kome fram til ei løysing, seier administrerande direktør, Cathrine Elgin.