Hopp til innhold

Tidlegare stortingspolitikarar i Hordfast-krangel: – Debatterer som eit nettroll

Steile frontar i kampen om gigantprosjektet på E39: Høgre sin tidlegare samferdselspolitiske talsmann meiner tidlegare SV-leiar debatterer som eit nettroll.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

HORDFAST: Bruene mellom Os, Stord og Tysnes på E39 vil koste godt over 30 milliardar kroner.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen / Vianova/Baezeni

Øyvind Halleraker (H) og Kjellbjørg Lunde (SV) har vore tydelege røyster i debatten om 30-milliardarsprosjektet Hordfast mellom Os, Tysnes og Stord.

Lunde er motstandar. Halleraker er leiar for selskapet Hordfast AS. Dei kjempar for å få planane gjennomført, mellom anna ved å besøke statsrådar og bestille eigne rapportar.

Høgre sin tidlegare samferdslepolitiske talsperson reagerer på at Lunde fleire gonger har kalla han «lobbyisten Halleraker».

I innlegget «Pinlig frå Kjellbjørg Lunde - igjen!» i avisa Sunnhordland svarar Halleraker blant anna dette på SV-politikaren sitt siste innlegg:

«Kjellbjørg Lunde oppviser igjen et debatt- og saklighetsnivå som vi oftere finner blant nettrollene i kommentarfeltene i sosiale medier».

– Eg plar ikkje svare henne, men det rant rett og slett over. Difor skreiv eg at debattforma hennar minner om nettroll, seier Halleraker til NRK.

Øyvind Halleraker i Hordfast AS på Sandvikvåg ferjekai

VIL IKKJE BLI KALLA LOBBYIST: – Ho nyttar alle høve til å personifisere eit stort og viktig prosjekt som Hordfast og legge det ut som noko «lobbyisten Halleraker» arbeider for, seier Øyvind Halleraker.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Usakleg

Kjellbjørg Lunde er kommunepolitikar for SV på Stord, og har vore både stortingspolitikar, parlamentarisk leiar og nestleiar i partiet.

I Hordfast-innlegget Halleraker reagerer på, skriv Lunde at ho reknar med at samferdsle- og kommunalministeren «lyttar meir til politikarane som har eit overordna ansvar for at kronene blir brukt der det er størst behov, enn til ein betalt lobbyist som arbeider for eitt einskild prosjekt».

– Han liker ikkje at eg kallar han det han er betalt for å vere, nemleg lobbyist, seier Lunde.

– Kva synest du om at han samanliknar debattstilen din med den til nettroll?

– Det synest eg er veldig usakleg. Eg har jo ikkje skjelt han ut, eg skriv berre at han er ein lobbyist. At det skal vere eit omgrep som nettroll bruker, synest eg ikkje har noko med realitetane å gjere. Så det får stå for hans rekning, seier Lunde.

Halleraker viser til at Hordfast AS er eigd av blant andre NHO og ni kommunar. Han meiner Lunde kom med feilaktige påstandar, og angrar ikkje på språkbruken.

– Ho nyttar alle høve til å personifisere eit stort og viktig prosjekt som Hordfast som noko «lobbyisten Halleraker» arbeider for, meir eller mindre åleine. Det er ein måte og debattform som er uriktig, meiner han.

Utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde

– IKKJE NOKO NETTROLL: – Det er meir spesielt at han kallar meg eit nettroll, enn at eg kallar han lobbyist. Eg skriv ein god del på nettet, og prøver å vere spissformulert, men sakleg. Men eg er ikkje noko nettroll, seier Kjellbjørg Lunde.

Foto: John Christian Lundstadsveen / NRK

– Generell tendens

Retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen meiner ordbruken mellom Halleraker og Lunde er uskuldig.

– Men problemet med å snakke om korleis folk seier ting, er at vi sluttar å snakke om saka, påpeiker han.

Då er kunsten å droppe personleg kritikk og fokusere på temaet, seier Kjeldsen.

– I utgangspunktet er verken det han eller ho seier så alvorleg, men det illustrerer ein generell tendens i politikken: I våre dagar skal det ikkje så mykje til før vi ikkje snakkar om saka, seier han.

Retorikkprofessor Jens Kjeldsen

IKKJE LURT: Negative personkarakteristikkar gjer at vi sluttar å snakke om saka, seier retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen ved UiB.

Foto: Tove K. Breistein / UiB