Hopp til innhold

Statsminister heilt utan styring

Erna Solberg testa fredag den førarlause bussen i Bergen sentrum. – Vi må tenkje framover, seier ho.

Erna Solberg i sjølvkøyrd buss

BUSSTUR: Politikarane fekk seg ein køyretur litt utanom det vanlege.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Vi må allereie no begynne å planlegge for denne typen førarlause køyretøy, sa statsminister Erna Solberg då ho fredag fekk sitje på i den sjølvkøyrande bussen langs Lille Lungegårdsvannet.

Minibussen som er på plass i Bergen navigerer ved hjelp av kamera, ulike sensorar og GPS. Det er slike bussar Bergen kommune, Bergen Næringsråd, Skyss, Tide og BKK vil få sett inn i trafikk fleire stader i Bergen.

– Vi må planlegge trafikk på ein heilt anna måte i åra som kjem, seier statsminister Erna Solberg.

Ho meiner mykje av den daglegdagse bruken av privatbilar kan erstattast av sjølvkøyrande bilar i dei store byane.

Erna Solberg i førarlaus buss

SENDER SNAP: Statsministeren tok bilete og film for å dokumentere den førarlause turen.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Viss vi lykkast med at fleire brukar kollektivtransport og ikkje kvar person eig sin eigen bil i framtida, treng vi mindre dimensjonar på framtidige veganlegg. Det er viktig at vi tek høgde for det når vi planlegg, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

Rask gangfart

Maksfarten til den førarlause minibussen er 40 km/t, men under demonstrasjonane går det ikkje fortare enn 20 km/t.

Bergen er med i eit pilotprosjekt med denne typar bussar, men dei vil ikkje vere i rute med det første.

Førarlaus buss Bergen

UTAN FØRAR: Denne bussen køyrer rundt Lille Lungegårdsvannet av seg sjølv.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Vi vil nok ikkje vere i rute med slike bussar til neste år i alle fall, men det er eit spennande prosjekt og eit spennande supplement til dagens kolektivtilbud, seier direktør i Skyss, Oddmund Sylta.

Politikarane vil likevel ha ei hand på rattet når det gjeld vegutbygging og andre utfordringar med ein ny type transport.

– Dette gir oss eit perspektiv på vala vi må gjere. Viss vi ikkje treng bussjåførar framover må vi tenkjer på kva andre jobbar vi må ha, seier Solberg.

Ho understrekar òg at dei etiske spørsmåla knytt til kven som er ansvarleg viss det skjer ei ulykke med ein førarlaus buss må undersøkast.