Montaag på jobb
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bildesign for framtida

Når det kinesiske teknologiselskapet LeEco satsar milliardar på å slå seg opp innan elektriske sjølvkøyrande bilar, har dei det norske designfirmaet Montaag med seg i førarhuset.

– Her ser du rattet. Det er eit veldig spesielt ratt, som foldar seg inn når bilen blir sett over i autonom-modus, seier designar Petter Skogheim, medan han peikar på mac-en sin inne på kontoret til designfirmaet Montaag på Storhaug i Stavanger.

Han syner fram teikningar av den kinesiske konseptbilen LeSee, som han har vore med på å designa, og som blei presentert på bilmessa Auto China 2016 i Beijing i slutten av april.

– Det er veldig spanande å vera med på dette, spesielt sidan bilpressa har teke godt imot bilen, seier Skogheim om bilen som er produsert av selskapet LeEco.

Sjølvkøyrande bilar

Intelligente bilar, som kan køyra sjølv, er ikkje lenger noko som berre finst i fiksjonsverda. Som den trufaste bilen KITT til David Hasselhoff i 80-tals serien Knight Rider, eller dei utrulege bilane i framtidsfilmen Demolition Man frå 90-talet, eller den nye utgåva av Pelle Politibil for den saks skuld.

Det finst allereie fleire sjølvkøyrande bilar ute på vegane, og fleire bilprodusentar og datateknologiselskap har mål om å nå marknaden med heilautonome bilar innan snar framtid. Altså bilar der føraren ikkje lenger er ein førar, men ein passasjer.

Google sine bilar har allereie lagt 160 000 mil bak seg på eiga hand, og i USA kan det nå gå mot at den autonome programvara blir den ansvarlege sjåføren av bilen.

 LeSEE

Det var stor interesse for konseptbilen LeSee, som har digitale skjermar designa av Stavanger-firmaet Montaag, under bilmessa Auto China 2016 i Beijing i april.

Foto: Kim Kyung-hoon / Scanpix/Reuters

– Før 2020 vil det ikkje vera uvanleg at personbilar kan køyra sjølv på strekk som er egna for det, eller tilrettelagt for det, seier direktør i Intelligente transportsystemer Norge, Trond Hovland.

Dei jobbar for sikrare og reinare transport med hjelp av teknologi, og slår fast at det skjer store omveltingar i bilverda om dagen.

– Teknologien er allereie på plass hos Tesla og fleire andre bilmerke. Men me må truleg endå lenger fram i tid, i alle fall etter 2030, før det er heilt daglegdags at bilar køyrer heilt av seg sjølv, også utan førar, seier han.

Altså som David Hasselhoffs KITT.

Dette synet delar dei også med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, som nyleg delte sine framtidsvisjonar med NRK.

– Me vil få sjølvkøyrande bilar der du ikkje lenger treng å betale folk for å køyre deg rundt. Fleksibiliteten vil bli ein heilt annan enn i dag, sa ministeren til programleiar Ole Torp.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen mener vi vil få helt andre transportløsninger i storbyene i fremtiden og at folk ikke kommer til å eie sine egne biler.

VIDEO: Ketil Solvik-Olsen om bilbruk i framtida.

Luthersk tilnærming

Eitt av selskapa som har vald å satsa på sjølvkøyrande elektriske bilar, eller autonome bilar, er det kinesiske selskapet LeEco, som blir kalla Kina sitt svar på amerikanske Netflix. Nå blir dei også kalla den store Tesla-utfordraren.

Per Ivar Selvaag

Per Ivar Selvaag frå den vesle bygda Fogn i Ryfylke har vore sjefdesignar for Peugeot og han har jobba for BMW. Han er administrerande direktør i Montaag.

Dei står bak Faraday Future, som nå er i gang med masseproduksjon¨av ein luksus-elbil i USA, denne blir tilgjengeleg frå neste år. I tillegg står dei altså bak den nyleg avduka konseptbilen LeSee.

Og Stavanger-selskapet Montaag, som også har kontor i Oslo og Berkeley, har designa touch-skjermar til begge bilane.

– Me er ansvarlege for å laga eit miljø der dei digitale flatene er med på å auke både tryggleik, samt ekte, avslappa brukarglede. Vår viktigaste jobb er å leggja til rette for enkel konsentrasjon på det ein ønskjer å oppnå, om det er «mission critical», eller berre «infotainment», seier Per Ivar Selvaag som er administrerande direktør i Montaag. Han har tidlegare vore sjefdesignar for Peugeot.

Men korleis har dei eigentleg hamna i kinesarane sitt førarhus i kappløpet om morgondagens bilar?

Selvaag, som er frå Fogn i Ryfylke, trekk litt på skuldrene.

– Dette er ganske enkelt ein ekspertise som firmaet vårt har og som er ettertrakta, akkurat nå. Det er ikkje nødvendigvis fordi me er best, sjølv om det er eit evig mål, men fordi me har gode kontaktar og eit bra, globalt nettverk i denne bransjen, seier han.

Sjølv held han dagleg til på Berkeley-kontoret, han meiner likevel at Stavanger-merkelappen og vestlandskulturen tel positivt.

Øyvind Tendenes

Øyvind Tendenes er seniordesignar i Montaag. Han er svært nøgd med å få oppdrag frå Tesla-konkurrenten LeEco, sjølv om han bur i Tesla-byen Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er definitivt positivt at me tek tak i problem på ein nøktern og ærleg måte. Det er faktisk ganske unikt å ha ei luthersk tilnærming til ting i USA og Asia, seier han.

Gratis bil?

Det er ikkje berre innan teknologi bilverda skal endrast. Det handlar også korleis bilane skal produserast, destruerast og korleis dei skal seljast. Toppsjefen for LeEco, Jia Yueting, kom på bilmessa i Beijing med eit svært kontroversielt utsegn.

– Prisinga av bilane våre vil vera lik måten me i dag prisar mobiltelefonar og fjernsyn. Ein dag blir dei derfor gratis, og den dagen vil koma, sa Yueting ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Tanken er at du heller betalar for alle tenestene du har inne i bilen. Som ein mobiltelefon som kostar ei krone, men du må ha abonnement for å bruka. Dette er visjonar som ein vanskeleg kunne tenkt seg frå etablerte bilprodusentar.

Seniordesignar Øyvind Tendenes, var involvert i Faraday Future-prosjektet, han har tidlegare sagt dette om måten dei tenker på:

– Det var eit svært inspirerande miljø å jobba i. Ei skikkeleg «We're Gonna Change The World»-haldning, seier Øyvind Tendenes.

Då dei på ny blei valde til å vera med på å designa for LeEco blei han nærmast frå seg av glede.

– Det er heilt utruleg å møta og jobba saman med folk i bedrifter som tenker så visjonært, og som faktisk skal påverka måten me køyrer på i framtida.

Petter Skogheim

Designar Petter Skogheim forklarer at dei aldri tok utgangspunkt i kva Tesla hadde då dei skulle ta opp konkurransen gjennom LeSee, men at det handla om å sjå framover.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Inga gullgruve

Montaag har lang erfaring frå oljeindustrien, der kontraktane nå lar venta på seg. For Tendenes i Montaag er det veldig spesielt kjekt å få vera med på ei grøn satsing.

Jia Yueting

Toppsjef i LeEco, Jia Yueting, har ambisjon om at bilane dei produserer skal bli gratis, men at folk må betala for dei digitale tenestene i bilen.

Foto: JASON LEE / Reuters

– Det er veldig mykje forureining i dei store byane, så om me kan vera med på ein «game-changer» i Kina, så er me med på å gi betre luft til barna. Ein kan godt sei at det er kult å vera med på bildesign og alt det der, men det som verkeleg er kjekt er å få vera med på eit miljøvenleg prosjekt, seier han.

Sjølv om biljobbane på mange måtar er eit personleg eventyr for designarane, så er det ikkje ei økonomisk gullgruve forklarar Selvaag.

– Tener de pengar på dette?

– Ja. Og nei. Ei utfordring er å alltid vera disiplinert med bruk av eigne ressursar i forhold til budsjett, samstundes som ein ynskjer å laga frukter av eit samarbeid som er ekstraordinære. Ein ordinær arbeidsdag er dårleg egna, i så måte, seier han.

Definisjonen held endå

Kva framtida vil bringa veit ingen, men at kinesarane har fått fart på saker og ting meiner Per Ivar Selvaag at det er lita tvil om.

– Dei ønskjer å gjera det som Google og Apple gjer, men på 4 år, ikkje 20. Det vil sei å skapa integrerte løysingar for den moderne forbrukar. Mobilitet er berre eit av fleire ledd og ambisjonsnivået er stratosfærisk.

Men sjølv om utviklinga er rivande, så meiner han ikkje at det er nødvendig å revidera Store Norske Leksikon sin definisjon på bil:

«...en motorvogn med minst fire hjul som er godkjent for hastighet på over 25 km/t. Definisjonen inkluderer firehjuls motorsykler men ikke skinnegående kjøretøy (Veitrafikkloven). Bilen drives fremover av en motor som omdanner kjemisk energi til mekanisk arbeid. Kraften overføres til underlaget ved hjelp av gummihjul eller belter.»

– Eg tykkjer dette er ein god definisjon som har ei lys framtid. Sjølv om eg også trur at me snart får ei mengde med rare doningar, som me aldri har sett før, avsluttar Selvaag.

Faraday Future FFZERO1

Faraday Future presenterte konseptbilen FFZERO1 under bilmessa i Beijing. Dei har framleis ikkje synt fram bilen som skal koma for sal i 2017, som Montaag har vore med på å designa. Kinesiske LeEco står bak Faraday Future.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters