Hopp til innhold

Då motorvegen opna, skjedde det plutseleg noko med busstrafikken

Ny supermotorveg opna mellom Bergen og nabokommunen. Den enorme effekten på kollektivbruken overraskar ekspertisen.

Lyshorntunnelen

LYSHORNTUNNELEN E39: Det nye storprosjektet på E39 langs vestlandskysten opna i 2022, noko som har påverka trafikken på fleire måtar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Før vegstrekninga Rådal-Svegatjørn opna i 2022 kryssa kring 1200 kommunegrensa mellom Bjørnafjorden og Bergen med buss, målt på ein snittleg vekedag.

Etter 14 månader med motorveg har talet stige til om lag 2000 daglege passasjerar kvar veg. Det viser tal frå Skyss.

1600 av desse tek buss på den nye Europavegen.

På same tid har biltrafikken hatt ei auke på kring 7 prosent. I overkant av 16.000 bilar køyrer mellom kommunane kvar dag. Det syner statistikken frå Statens vegvesen.

– Litt overraskande

Hjå Transportøkonomisk institutt har ikkje forskingsleiar Askill Harkjerr Halse høyrd om at ein ny motorveg har skapt eit så stort oppsving for kollektivtrafikken.

– Det er litt overraskande. Det pleier å vere biltrafikken som vinn mest på slike vegar.

600-bussen på veg mot Osøyro.

600-bussen på veg mot Osøyro frå Bergen, ei reise som no tek mykje mindre tid.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Halse meiner utviklinga i biltrafikken er som venta, med ei svak auke. Han meiner det er fleire mogelege forklaringar på kvifor busstrafikken har gått så mykje opp.

– Generelt sett er kvaliteten på tilbodet det viktigaste for å få folk til å velje bussen. Så det avgjerande vert korleis ein opplever bussturen. Det betyr meir enn prisen på å køyre bil.

Forskaren er usikker på om kollektivauka kan halde fram om passasjerane ikkje opplever ei betring i busstilbodet.

Askill Harkjerr Halse, forsker ved Transportøkonomisk institutt

Askill Harkjerr Halse, forskingsleiar for samfunnsøkonomiske analysar ver TØI.

Foto: Privat

Misnøgde med bussen

Liv Grethe Holstad er ei av dei som har gått over til buss etter at den nye vegen kom. Som dei fleste NRK har snakka med seier ho at pris er det avgjerande for valet.

– Det vert alt for dyrt med bompengar og parkering. Det seier seg sjølv!

Dei fleste som går på Os-bussen denne ettermiddagen på Bergen Busstasjon er misnøgde med kollektivtilbodet.

– Vi har fleire avgangar no. Men ekspressbussane er fjerna. Difor tek jo bussen om lag like lang tid som tidlegare.

Holstad før støtte frå sambygding Vilde Vintertun. Dei fortel at det ofte berre er ståplassar.

– Bussen er nesten alltid stappfull. Mange må stå. Det er litt slitsamt.

Buss på veg inn i tunnel på nye E39 mellom Rådal og Svegatjørn

Bussen på veg mot Osøyro frå Rådal i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fryktar bussen vil tape over tid

Kommunane rundt Bergen har forplikta seg til å redusere biltrafikken inn mot regionhovudstaden. Dette gjeld og Bjørnafjorden.

Mange fryktar kollektivtrafikken har nådd toppen.

– Sjølv om bussturen er meir behageleg enn tidlegare, men biltrafikken har fått mange fordelar som bussane ikkje har.

Det seier Nils-Anders Nøttseter frå Bjørnafjorden MDG. Han meiner det rett og slett tek for lang tid med bussane.

– Bussane går i 80, bilane kan køyre 100 kilometer i timen. Ekspressbussane er fjerna, og no er det «mjølkeruter» med alt for mange stopp. Vi fryktar vi ikkje får fleire til å velje buss når ein sparer mykje tid med å velje bilen.

Trafikkforskar Halse ved TØI viser til at så lenge biltrafikken går opp, når ikkje politikarane måla sine uansett kor mange som tek bussen.

Ber om fleire avgangar

Bjørnafjorden-ordførar Terje Søviknes (Frp) er begeistra for det meste med den nye vegen.

– Vi ser jo no at det er høg tilflytting og stor interesse frå næringsaktørar. Nye E39 er ekstremt viktig for kommunen.

Søviknes kjempa lenge for Rådal-Svegatjørn. Men at kollektivtilbodet skulle få eit så stort oppsving hadde han ikkje venta. Ordføraren trur det er mogeleg å få opp buss-andelen enno meir.

– Eg synest det er veldig positivt at mange tek bussen. Vi må legge til rette for fleire avgangar og fleire parkeringsplassar for pendlarar.

Søviknes, som og er fylkespolitikar, meiner fylket no må justere tilbodet etter den auka etterspurnaden etter buss.

Terje Søviknes

Terje Søviknes er positivt overraska over at så mange tek bussen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK