Hopp til innhold

- Slutt på privatbilar i store byar om nokre år

– Den teknologiske utviklinga gjer at vi om nokre år ikkje vil ha eigne bilar. Då vil vi bestille den transporten vi treng på ein app, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i eit intervju med NRK.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen mener vi vil få helt andre transportløsninger i storbyene i fremtiden og at folk ikke kommer til å eie sine egne biler.

VIDEO: Ketil Solvik-Olsen om bilbruk i framtida.

På spørsmål frå programleiar Ole Torp om det er færre eller fleire bilar i norske storbyar om 20–30 år, er Solvik-Olsen klar på at det vil bli færre bilar i byane.

– Nokre gonger kan du få ein femsetars buss som tek med seg fleire i nabolaget ned til jernbanen, som tek deg vidare til bysentrum. På dagar når du skal på hytta, så bestiller du ein annan type bil. Vi vil få sjølvkøyrande bilar der du ikkje lenger treng å betale folk for å køyre deg rundt. Fleksibiliteten vil bli ein heilt annan enn i dag, seier ministeren.

Framtidskonferanse

Ketil Solvik-Olsen fortel om ein framtidskonferanse han nyleg var vert for. Der var blant andre Tesla-grunnleggjaren Elon Musk, saman med blant andre samferdsleministrane frå USA og Finland. Dei kika inn i krystallkula, og det kom fram mykje spennande.

– Fleire av dei som var med på konferansen meinte at det eg skisserte vil vere ein realitet alt om fem år, men erfaringa viser at det truleg tek litt lenger tid. Vi vil bruke tid og pengar på framtidas løysingar, i staden for å forby dei gamle løysingane, seier Solvik-Olsen blant anna i intervjuet.

Se hele intervjuet med Ketil Solvik-Olsen her

Han er oppteken av at næringsliv og industri er i ferd med å gi oss heilt nye løysingar, som både vil gi oss betre mobilitet, og som kuttar utsleppa.

– Dei som seier at vi ikkje må byggje nye vegar, det er omtrent som dei som for 100 år sidan sa at ein måtte forby hestar for å løyse trafikkproblema i byar som New York og Oslo. Eg vil heller bruke tida mi på å finne framtidas løysingar i staden for å forby problema frå i går, legg han til.

Det finnes mange veier til rommet

Tesla-gründer: – Norge har alle muligheter

Klimaendringar

Solvik-Olsen forsikrar at Framstegspartiet meiner at CO₂-utslepp bidreg til klimaendingane.

– Det vi har sagt er at vi er imot dyre og symbolske løysingar som ikkje har klimaeffekt. Vi vil ha nye løysingar som også gir folk ein betre kvardag. Det er ikkje slik at berre ein forbyr privatbilen, så er alle problem løyste, seier Ketil Solvik-Olsen i intervjuet.

AKTUELT NÅ