Hopp til innhold

Slår saman skular – berre tre av 24 får fast jobb

Tilsette ved Etne vidaregåande skule føler seg gløymd når drifta blir lagt ned og elevane blir overført til Ølen.

Lærerer ved Etne vgs får ikke jobb

UVISS FRAMTID: Berre ti av 24 lærarar ved Etne vgs. får halda fram i jobben når skulen skal slåast saman med Ølen vidaregåande. Hanne Rullestad Rosseland har fått tilbod om ei deltidsstilling.

Foto: Tale Hauso / NRK

I haust vedtok fylkestinget at elevane ved Etne vidaregåande skule, heilt sør i Hordaland, skal flyttast til Ølen, like over fylkesgrensa til Rogaland. Ølen vidaregåande skule blir renovert og utvida for å ta imot elevane.

Førre veke kunne NRK fortelja at tilsette ved Etne vidaregåande var frustrerte då dei gjekk ei uviss framtid i møte.

– Situasjonen er tung

No er framtida bestemt.

Av dei 24 lærarane ved Etne vidaregåande skule, får berre ti tilbod om jobb ved Ølen vidaregåande skule. Berre tre av desse får fast jobb.

– Berre tre er sikra fast jobb, resten har fått deltidsstillingar: Noko fast og noko vikariat, seier lærar Hanne Rullestad Rosseland.

Ho er ein av dei ti heldige som har fått tilbod om jobb i Ølen, men stillinga er deltid. Resten av dei tilsette veit ikkje kor dei har jobb til hausten.

– Det er vanskeleg å vera glad, for du veit andre er leie seg. Situasjonen er tung, seier Rosseland.

Geir Davidsen, HR-direktør Hordaland fylkeskommune

LEGG TIL RETTE: HR-direktør i Hordaland fylkeskommune Geir Davidsen opplyste at fylkeskommunen har innført full tilsettingsstopp i alle avdelingar for å sikra at lærarane som står utan jobb skal koma først i køen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Innfører tilsettingsstopp

Frå tilsette er det retta skarp kritikk mot fylkesleiinga for mangel på konkret informasjon. Torsdag denne veka var HR-direktør i fylkeskommunen, Geir Davidsen, for første gong i Etne for å informera lærarane om kva moglegheiter dei har vidare.

Med seg hadde han lovnad om tilbod om ny jobb i fylkeskommunen.

– Fylkeskommunen har innført full tilsettingsstopp på alle stillingar for å ta vare på tilsette som mistar jobben på Etne vidaregåande. Målet er at alle skal få eit adekvat tilbod om vidare jobb i fylkeskommunen.

Lærere ved Etne vgs

USIKKER FRAMTID: Berre ti av dei 24 lærarane ved Etne vidaregåande skule har fått tilbod om jobb ved Ølen vidaregåande. Berre tre stillingar er faste.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kvinnherad, Stord, Odda er aktuelle område kor dei oppsagde kan få arbeid. Det vil føra til at ein må pendla over ein time ein veg til jobb om ein vel å fortsetje å jobba i Hordaland fylkeskommune.

– Etne er lokalisert heilt i utkanten av fylkeskommunen. Fylkesrådmannen har gjeve denne gruppa fortrinnsrett til ledige stillingar utover krava i arbeidsmiljølova. Det gir dei fortrinnsrett i alle ledige stillingar dei er kvalifiserte for fram til 1. januar 2019.

Men lærarane i Etne jublar ikkje over lovnadene frå fylkesleiinga. Frustrasjonen heng framleis over mange av dei tilsette.

– Ein er jo litt redd for at det er tomme ord. No håpar eg fylkesleiinga syner prov på det dei har sagt, seier Rosseland.