Hopp til innhold

Henta ut og skaut historisk jervekull på Vestlandet

For første gong i moderne tid blei det oppdaga ei jervetispe med kvalpar på Sør-Vestlandet. Natt til sundag blei tispa og to kvalpar skotne.

Jervekull og tispe tatt ut i Suldal april 2018

SKOTNE: Jervetispa og dei to kvalpane blei skotne natt til sundag i eit fjellområde i Suldal nord i Rogaland.

Foto: Statens naturoppsyn

Det som truleg var det første jervekullet på Sør-Vestlandet på mange tiår, blei natt til sundag skote i Suldal kommune i Rogaland.

Jervetispa blei tilfeldig oppdaga under eit anna oppdrag 20. april. Då felte jegerar frå Statens naturoppsyn ein hannjerv som skal ha gjort skade på beitedyr i Suldal og Røldal dei siste åra.

Bedøvde tispa og spora henne

I terrenget i Bykle i Aust-Agder kom jegerar over ei tispe. Dei oppdaga at ho produserte mjølk, og festa difor ein radiosendar på henne. Signalet flytta seg vestover, til eit lite tilgjengeleg område i Suldal.

– Sidan ho er langt unna områda for jerveyngel, blei det fatta vedtak om at tispa og kvalpane måtte avlivast, seier seniorrådgjevar Jan Paul Bolstad ved viltseksjonen i Miljødirektoratet.

Jervetispa og kvalpane blei avlidne seint laurdag kveld.

Normalt er alt vilt i norsk fauna freda i yngletida. Men for jerven har styresmaktene gjort eit unntak. Frå 2001 og til og med februar i år var det gjennomført 142 såkalla hiuttak i Noreg.

– Prosedyren er den same: Jegerane grev seg inn i hiet. Kvalpane blir deretter tekne ut og skotne med pistol. Det same blir så gjort med mora, seier Bolstad om uttaket i Suldal.

Radiomerket jerv

BEDØVD: Jervtispa overraska jaktlaget frå Statens naturoppsyn. Då det blei det konstatert at ho hadde kvalpar, monterte jaktlaget ein radiosendar på dyret.

Foto: Statens naturoppsyn

– Spesielt så langt unna

Grunnlaget for uttaket er at jerv har tatt sau i Hordaland og Rogaland dei siste to åra.

– Me kan ikkje slå fast at denne tispa stod bak nokre av angrepa, men i dette området er det ikkje ynskt at jerv skal få kvalpar, seier Bolstad.

Dei sentrale jerveområda her til lands er Oppland, Hedmark, Møre og Sør-Trøndelag, og nordover langs grensa til Kirkenes.

Seniorrådgiver Jan Paul Bolstad i Miljødirektoratet

FATTA VEDTAK: Jan Paul Bolstad, seniorrådgjevar ved viltseksjonen i Miljødirektoratet, seier direktoratet fatta vedtak om felling.

Ifølge SNO er registreringa av tispa på Sør-Vestlandet historisk. SNO er ganske trygge på at jerv ikkje har yngla i området dei siste femti åra.

– Det er spesielt at det skjer yngling i eit område så langt unna der ein ønsker ynglande bestandar av jerv, sa Lars Bendik Austmo, leiar for rovviltseksjonen i SNO til NRK denne veka.

Naturvernforbundet kallar avliving «uetisk»

Fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet Arnodd Håpnes er svært kritisk til avgjerda.

– Med ein gong jerv stikk potane over på Vestlandet, blir dei skotne. Å skyta eit jervekull er svært uetisk, sa Håpnes til NRK etter at jervetispa blei oppdaga.

Håpnes har tidlegare teke til orde for å forby hiuttak som metode. Etter at fellinga blei bekrefta sundag, er Håpnes fortvila.

– Nok ein gong går norske styresmakter inn for ein barbarisk metode i handteringa av ein truga art, som Noreg har eit spesielt ansvar for. Naturvernforbundet er sterkt kritisk til denne fellinga.