NRK Meny
Normal

Sjukeheimen gjekk i pluss sjølv om kommunen tok over

Byrådet trudde dei ville tapa millionar på å ta over privat sjukeheim. I staden enda kommunen opp med pengar til gode.

Styrer Ingunn Kjemhus på Søreide sykehjem i Bergen

GOD DRIFT: Styrar Ingunn Kjemhus og dei andre på Søreide sjukeheim vart kommunalt tilsette i mai 2016.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Då vi var private vart det sagt at vi drifta rimelegare enn dei kommunale sjukeheimane. Og det ser vi no også, vi har eit pluss i 2016, seier styrar Ingunn Kjemhus på Søreide sjukeheim i Bergen.

I tolv år var det Aleris som drifta sjukeheimen for kommunen. Men i mai 2016 var det slutt.

Byrådspartia Ap, Venstre og KrF ville ikkje lenger ha kommersielle aktørar i eldreomsorga, og tok over drifta både på Søreide sjukeheim og Odinsvei busenter.

Rekna med tap

Høgresida reagerte og protesterte. NHO Service meinte det ville kosta kommunen opp mot 11 millionar kroner i 2016 å ta over.

Sjølv rekna byrådet seg fram til ein meirkostnad på 3,5 millionar kroner for å ta over drifta på Søreide og i Odinsvei.

Etter åtte månadar er fasiten klar. Odinsvei har gått i balanse, medan Søreide har brukt 4,7 millionar kroner mindre enn venta.

Søreide sykehjem i Bergen

SKRYT: Søreide sjukeheim har lågt sjukefråvær hjå dei tilsette og eit godt rykte i eldreomsorga i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Drifta som før

Kjemhus seier dei har gjort nærast ingen endringar etter at dei vart kommunale i mai.

– Omstillinga gjekk mellom anna på å lære seg kommunen sine system. Elles har vi drifta på same måte som då vi var private. Det har vore eit innføringsår, så det er kanskje difor kommunen har bomma på kostnadane.

– Men dette er positivt for kommunen og det kan også vera positivt for dei andre kommunale sjukeheimane å sjå at det går an å drifta rimeleg med høg tilfredsheit og kvalitet, legg Kjemhus til.

Har pengar til gode

Det vart altså langt mindre kostbart å legge sjukeheimsdrifta i kommunale hender, enn det byrådet hadde sett føre seg på førehand.

Helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) seier dei ikkje visste kor effektivt det var drive på Søreide.

– Vi oppdaga det etter kvart som året gjekk. Men det er ingen grunn til at ikkje kommunen skal drive like godt.

Helsebyråden er glad for at overskotet no går til kommunen, slik at pengane kan gå attende til eldreomsorga.

– I 2017 har vi midlar til å tilsette ein farmasøyt i etaten, vi kan tilføre meir midlar til ergo- og fysioterapeuttenester for dei eldre og vi ser for oss å bemanne opp med sjukepleiarar på Søreide, seier Gåskjenn.

Helsebyråd i Bergen (2017) Vigdis Anita Gåskjenn (KRF)

GLAD: Byrådet rekna med tap, men helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) har no pengar til gode etter å ha kommunalisert to sjukeheimar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ikkje overraska

Administrerande direktør Erik Sandøy i Aleris er ikkje overraska over at sjukeheimen på Søreide framleis går i pluss.

– Vi dreiv i pluss dei siste åra og det er også slik at kommunen tok over både leiar og stab som er vande med å jobbe i den strukturen vi har lagt til grunn. Eg syns eigentleg det berre er hyggeleg, seier Sandøy.

Søreide sjukeheim vil gjerne syne andre korleis dei driftar sjukeheimen.

– Og motsett; vi vil gjerne ta det beste frå kommunen til Søreide. Målet må vera å gjera kvarandre gode og at alle driftar like godt, avsluttar Kjemhus.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.