NRK Meny
Normal

Brukar fire millionar i året på å ta styringa over sjukeheimar

Bergen kommune tar tilbake drifta av to private sjukeheimar. Det kostar.

Rebekka Ljosland

TAR OVER DRIFTA: Det blir fire millionar kroner dyrare når helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) og kommunen tek over omsorga for dei eldre ved to private sjukeheimar. Ljosland forsvarar ekstrakostnaden.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Denne våren går avtalane mellom to private sjukeheimar og Bergen kommune ut. No skal Odinsvei busenter og Søreide sjukeheim ut av den private marknaden og inn i kommunen.

I byrådsplattforma som vart lagt fram i fjor haust, vart det slått fast at kommersielle aktørar ikkje lenger skal driva Bergen kommune sine sjukeheimar.

KrF vann fram med ei opning for at ideelle organisasjonar kunne ta over drifta, men no er det bestemt at det er kommunen som skal stå for omsorga.

– Vi hadde dårleg tid for å få til ein god prosess for å inn ideelle organisasjonar. Derfor tek kommunen over drifta av dei to sjukeheimane. Det skal vera ein smidig overgang og brukarane skal ikkje merka at vi tek over, forklarar helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF).

Brukar meir på tilsette sin pensjon

Men når kommunen no tek over drifta, går det også utover økonomien.

Kommunen reknar med at det vil kosta fire millionar kroner meir i året med offentleg enn med privat drift. Helsebyråden forsvarar den ekstra millionkostnaden.

– Dei fire millionane dreier seg primært om pensjonsutgifter. Med kommersiell drift er det dårlegare pensjon for dei tilsette og dei har lågare sjukepleiardekning, argumenterer Ljosland.

Jana Midelfart Hoff

– PRIVATE DREIV GODT: Jana Midelfart Hoff (H) meiner fire millionar kroner kunne blitt brukt på andre område.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ideologiske skylappar

Jana Midelfart Hoff (H) er lite imponert, og meiner det ser ut som Ljosland og KrF har gitt etter for Arbeidarpartiet i spørsmålet om kommunal drift versus ideelle organisasjonar.

– Eg må dessverre sei at nokon har svelgt nokon kamelar her. Det er trist at ideologiske skylappar dekkjer til at dette faktisk har vore to gode sjukeheimar, seier ho, og legg til at det i ein pressa kommuneøkonomi burde vore andre område å bruke ekstra pengar på.

Blant dei tilsette på Søreide sjukeheim, som er ein av dei to med privat drift i dag, er meininga delte om at kommunen til våren tek over.

– Mine medlemmar ønskjer å fortsette med den organiseringa vi har i dag. Det er ingen som har snakka med oss som jobbar her, seier tillitsvald Siv Eriksen.

Positive

Sjukepleiarforbundet i Hordaland er likevel positive til avgjerda til byrådet.

– For oss er det viktigaste at våre medlemmar sine rettar når det gjeld lønn og pensjon blir varetekne, seier fylkesleiar Mette Mikkelsen.

Sjølv om meiningane blant sjukepleiarane og hjelpepleiarane har vore delte, er helsebyråden overtydd om at dei tilsette vil tena på at kommunen tar over.

– Vi håpar at dei alle dei gode tilsette blir med oss vidare. Forhåpentlegvis er det ingen som vil merke så mykje, avsluttar Rebekka Ljosland (KrF).

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2