Hopp til innhold

Rekordmange krev erstatning etter verste sesong på fleire tiår

Aldri før har så mange bønder søkt om erstatning for tapt eller øydelagt grovfôravling i Hordaland. – Det verste eg har sett, seier Sveio-bonde Frode Handeland.

Bøndene på Vestlandet fortviler etter nedbørsriks sommer

KLISSVÅTT: Fleire bønder på Vestlandet sleit med å få hausta inn det som skulle bli vinterfôr, fordi marka var for våt. No søker rekordmange om erstatning.

Foto: NRK

Lange nedbørsperiodar og få finvêrsdagar til tørke gjorde haustinga for vestlandsbonden til eit mareritt.

– Dei gamle snakkar om at berre 1964 kan måla seg med dette. Eg håpar for min del det går minst 50 år mellom kvar gong det blir så ille, seier bondelagsleiaren.

– Ingenting kan måla seg med dette

64 bønder i Hordaland har søkt om å få avlingsskadeerstatning på vinterfôr til dyra. Til samanlikning var det ingen som søkte i fjor.

– Det er ingenting som kan måla seg med dette. Søknadsbunken er sikkert dobbelt så stor som det me har vore borti tidlegare, seier seniorrådgjevar Øyvind Vatshelle ved Fylkesmannen i Hordaland.

Øyvind Vatshelle, fylkesmannen i Hordaland

EKSTREMT: Øyvind Vatshelle hjå Fylkesmannen i Hordaland kallar jordbrukssesongen i Hordaland for ekstrem.

Foto: Tale Hauso / NRK

Mange bønder klarte ikkje få andreslåtten i hus. Myrane var rett og slett for blaute. Mange marker er øydelagde av tunge køyretøy etter at bønder desperat forsøkte å hausta avlingar.

Må ha produsert tretti prosent mindre for å få pengar

Bønder i 22 kommunar har søkt erstatning. Blant dei 64 bøndene som søker grovfôrerstatning er 15 frå Sveio, sju frå Osterøy og seks frå Fusa.

For at bøndene skal få erstatning må ein dokumentera at tapet er meir enn tretti prosent av det ein normalt ventar å få inn.

Dei som til dømes ligg 25 prosent bak det dei normalt vil kunna hausta, får ingenting.

– Det er eigendelane bøndene må ta sjølve, og utgjer eigenrisikoen ved å driva jordbruksproduksjon. Eg trur mange ligg på rundt tretti prosent avlingstap, så eg trur ikkje erstatningssummen blir ekstremt høg. Tapet er større for dei som må kjøpa inn dyrt fôr i tillegg, eller slakta dyr.

– Dropen i begeret for bønder som har vurdert å legga ned

Og det må dei i Sunnhordland. Sjølv må Handeland ut med mellom 250.000 og 300.000 kroner i ekstrautgifter for å kjøpa inn det han treng av fôr.

– Dette går rett på inntekta. Slik er det for mange, sjølv om utgiftene er dei same. Bønder i mitt distrikt er avhengige av å kjøpa dyrt fôr, og fleire vel å selja dyr som enno ikkje er slakteklare, seier bondelagsleiaren.

Frode Handeland, leiar Sveio bondelag

LOKALLAGSLEIAR: Frode Handeland er leiar i Sveio bondelag, eit av dei hardast råka områda etter den regnfulle sommaren. – Her er mykje myrjord og det tørkar dårleg opp.

Foto: Hordaland bondelag

Etter ein tung seinsommar i fjor og ein katastrofal sommar i år, er det ifølgje Handeland fleire som har valt å leggja ned drifta.

– Dei har gjerne sete på gjerde ei stund, og slike forhold gjer valet enkelt. Dette blei dropen i begeret.

– Bøndene må belaga seg på fleire våte somrar

No går dei respektive kommunane gjennom dei nesten hundre sakene. Deretter er det opp til Fylkesmannen å avgjera kven som skal få pengar.

Vatshelle hjå Fylkesmannen meiner vestlandsbonden må belaga seg på at våte, nedbørstunge somrar kan bli framtida. I Sveio trur bondelagsleiaren endringar tvingar seg fram.

Jordbruket får svi etter regntung sommar i vest

GJØRMEHOL: Slik såg det ut på mange marker på Vestlandet denne sommaren. Biletet er frå Sandnes i Rogaland.

Foto: NRK

– Me vil prøva å gløyma dette året så fort som råd, men er nøydde å ta forholdsreglar. Me må drenera og gjera noko for å forhindra at beitemarka blir tråkka ned.