Hopp til innhold

Vestlandsbønder må ha naudfôr frå aust

NAUSTDAL (NRK): Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.

Ingar Horstad

MÅ KJØPE: Ingard Horstad må kjøpe store mengder med firkantballar frå Austlandet for å ha nok fôr til dei 44 kyrne sine.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein stor haug med firkantballar ligg stabla bak fjøsen til Ingar Horstad (27) på Horstad i Naustdal. På nabogarden ligg den same typen ballar godt synleg.

– Både første og andreslåtten hadde lågare mengde og var av lågare kvalitet enn normalt. Difor må eg kjøpe ein god del fôr, fortel Horstad.

Han driv ein gard med 44 kyr mjølkekyr og har storfeproduksjon i tillegg. Det går ein firkantball i døgnet. Horstad har så langt kjøpt 40 ballar frå Austlandet, og i oktober kjem det ytterlegare 80 ballar.

– Eg kjøper no for å vere i forkant og for å unngå å kome i ein tvangssituasjon der eg må redusere buskapen, seier han.

Ser ikkje bort frå import

Frøydis Haugen er nestleiar i Norges Bondelag og kjem frå Lindås i Hordaland. Ho driv med mjølkeproduksjon og er sjølv råka av mangel på fôr.

– Eg har djup og tung myrjord som ikkje er fornøgd med 13 grader og regn heile sommaren. Graset druknar på rot og eg manglar mykje fôr, seier ho.

Frøydis Haugen

FORTVILA: Nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen frå Lindås, fortvilar over dårleg fôrkvalitet. Ho må sjølv kjøpe inn store mengder grovfôr.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Haugen håper å få kjøpt fôr i Norge, men ser heller ikkje bort frå at det blir frå Sverige. Ho har høyrt fleire bønder seie at dei går ein vanskeleg vinter i møte.

– Sidan det er så mange norske bønder som treng meir fôr, kan det vere vi må importere. Siste utveg er å slakte ut dyr, seier ho.

Opp mot 20 lass i veka

Horstad er på ingen måte den einaste vestlandsbonden som har for lite for. Mykje nedbør og dårleg vær gjer at avlingane er langt under normalen frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

Vestfor

LASTING I SVERIGE: Her ser vi ein semitrailer under lasting av firkantballar på ein gard i Sverige. Dei største svenske gardane er på over 8000 dekar.

Foto: Vestfor / Vestfor

Alf Steinhovden frå Eikefjord har koordinert transport av grovfôr frå Austlandet og Sverige i ei årrekkje. Han fortel om langt større etterspørsel enn i eit normalår.

– Ja, pågangen er større enn vanleg. Eg får tak i fôret frå faste produsentar på Austlandet og til dels i Sverige, seier han. Dei siste åra har han henta grovfôr mellom anna frå Karlstad-området. Der er det produsentar som har over 5000 dekar med grovfôr.

Steinhovden administrerer mellom 10 og 20 trailerlass i veka til bønder i Sogn og Fjordane. Avhengig av storleiken kostar kvar ball mellom 600 og 900 kroner pluss meirverdiavgift.

– No er det ikkje noko problem å skaffe grovfôr, men vi ser at går unna som varmt kveitebrød. Korleis situasjonen blir utpå vårparten er meir usikkert. Det lønner seg difor å skaffe fôret no, seier han.