Hopp til innhold

Reiser seg mot sjefen

Fleire store fylkeslag i Arbeiderpartiet vil la asylbarna bli.

Årsmøte Hordaland Ap

Årsmøtet til Hordaland Arbeiderparti stemte laurdag for å utsetje utsendinga av 436 asylbarn.

Hordaland og Møre og Romsdal Arbeiderparti sine årsmøter gjekk i dag inn for å utsetje heimsending av 463 mindreårige asylsøkjarar. Laurdag gjekk Oslo Ap inn for det samme, og no aukar presset mot regjeringa.

LES ÓG: Stoltenberg står fast i asylsaken

Bakgrunnen er at det i år kjem ei ny stortingsmelding om barn på flukt, og stadig fleire har tatt til orde for at dei over 400 barna må få bli fram til den nye stortingsmeldinga er vedteke.

Asylbarn

Barn som er født i mottak og lev der i dag. Talla er fra UDI.

Foto: NRK

Vil sende ei tydeleg signal

Harald Schjelderup

Harald Schjelderup i Bergen Ap vil styrke barn sin rettstryggleik.

Foto: Bergen AP

I Hordaland vart vedtaket, som var eit forslag frå Bergen Ap, einstemmig. Gruppeleiar Harald Schjelderup trur dei sender eit viktig signal til regjeringa.

– Hovedbodskapet vårt er at barn sin rettstryggleik må styrkast, og me meiner at inntil stortingsmeldinga om barn på flukt er vedteke, må ingen av dei mindreårige asylsøkjarane som har vore på asylmottak i meir enn tre år sendast ut, seier han til NRK like etter dagens årsmøte.

LES ÓG: Trosset Jens i asylpolitikken

Einstemmig vart det ikkje i Møre og Romsdal, men det vart like vel støtte for forslaget med klår margin.

Astrid Eide Hoem

Astrid Eide Hoem er glad for at Møre og Romsdal Ap vil la asylbarna bli.

Foto: Trond Vestre / NRK

Astrid Eide Hoem er fylkesleiar i Møre og Romsdal AUF. Ho er glad for at årsmøtet vil utsetje utsendinga av asylbarna, og går inn for å setje sakene i bero. Hoem legg ikkje skjul på at ho har vore meir nøgd med sine eigne leiarar.

– Eg er skuffa over at me nesten nærmar oss Frp i vår politikk, og eg håper at Arbeiderpartiet sentralt no høyrer på fylkeslaga sine og får ein god solidarisk politikk der asylbarna får bli. Slik politikk som vert ført no er ikkje Arbeiderpartiet verdig, seier ho.

Får bli

Seks år gamle Nathan Eshete frå Arna i Bergen er blitt eit av symbola for barn som er født og oppvekse i Norge, men som no står i fare for å bli kasta ut. Onsdag vart det klart at saka hans skulle handsamast på nytt , samme dag som Norge sin avtale som tilbakesending til Etiopia tredde i kraft. Men samstundes står mange andre, mellom anna klassekameraten Abinezer Tadese i fare for å bli sendt ut .

Demonstrasjon for Nathan

Seksåringen Nathan har blitt eit symbol på asylbarna. Onsdag møtte fleire hundre opp i Bergen for å gi sin støtte.

Håper Ap høyrer på medlemane

Aina Heldal Bøe er mor til Nathan sin bestevenn i Ytre Arna i Bergen, og har vore ein frontfigur i kampen for å hindre utkasting av 6-åringen. Ho reagerte med stor glede på vedtaket i det lokale Arbeiderparti-laget.

Aina Heldal Bøe

Aina Heldal Bøe leiar støttegruppa for Nathan.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Eg vart veldig glad og letta, og tenker at no må dette gå vegen. No ser vi at det vert jobba frå grasrota og opp internt i Ap for å stemme for det beste for barna, og sette sakene på vent, seier ho til NRK.no.

Ho meiner at Ap-leiinga no ikkje kan la vere å høyre på fylkeslaga, når årsmøte etter årsmøte no har gjort slike vedtak.

– Sjølv om Jens Stoltenberg og statsrådane reiser rundt på årsmøta og talar regjeringa sin politikk, vert dei likevel stemt imot. Det må jo fortelje Ap-leiinga noko. No får vi håpe det er demokrati i Arbeidarpartiet også, og at partiet ikkje berre er sentralstyrt, men kan høyre på medlemmene sine, seier Bøe.

– Liknar på mastesaka

Hilmar Mjelde

Valforskar Hilmar Mjelde trur regjeringa kan komme til å snu.

Foto: Privat

Valforskar Hilmar Mjelde ved Universitetet i Bergen meiner saka liknar andre betente saker regjeringen har måtte handtere, som mastene i Hardanger og kampen for lokalsjukehusa der eit sterkt og følelsesladd grasrotengasjement splitter både partiet internt og regjeringa.

Han trur regjeringa kan komme til å snu.

– Det er sannsynleg at dette bidreg til å tvinge fram ei kompromissløysing, der utsendingar vert stogga og barnefamilier etter kvart får sakene sin prøvd på ny. Då forsvinnen mykje av brodden av saka. Men eventuelle vesentlige endringar i asylpolitikken vert det ikkje før stortingsmeldinga om asylpolitikken er handsama, seier valforskaren til NRK.no.

Òg motstand i regjeringa

Onsdag kveld gjekk Senterparti-leiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete ut og ba om stans i utsendinga av asylbarn som oppholder seg ulovleg i Norge.

– Mange av desse barna er født i Norge, dei har ein tilknytning til sine lokalsamfunn. Me bør setje sakene på vent, medan regjeringen jobber fram ei løysing, sa Navarsete til NRK.

Frå før har regjeringspartnar SV sagt det samme, det har óg Kirkemøtet og ei rekkje organisasjonar.

Hilmar Mjelde trur at den etterkvart breie motstanden kan verte problematisk for Stoltenberg.

– Hadde det dreid seg om kun motstand internt i Ap kunne Stoltenberg ridd det av relativt enkelt, men når han i tillegg har Sp og SV mot seg, vert det skapt ein brei front mot Stoltenberg og Ap sentralt. Dette auker sjansane for at Stoltenberg må tilfredsstille kritikarane på eit eller anna vis, dersom saka ikkje skal skure og gå i media og bli ei ny «mastesak».

Er ikkje uroa

Statsminister Jens Stoltenberg er ikkje uroa over at fleire store fylkeslag no reiser seg mot regjeringa.

– Det er ulike meininger i Arbeiderpartiet. Men eg meiner at me framleis må føre ein konsekvent og rettferdig asylpolitikk.

Han seier det er barna som vil tape dersom det vert skapt falske forhåpningar om at ein ved å komme til Norge med barn, kan bli i landet.

– Det er ingen tent med, og me vil hamne i ein situasjon der enno fleire barn vil sendast ut av landet. Regjeringa følger opp ein asylpolitikk som eit breiddt fleirtal på Stortinget har vedteke, seier Stoltenberg.

Statsminister Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg åtvara årsmøtet til Oslo Ap mot å setje sakene på vent.

Foto: Karlsen, Anette / Scanpix