Hopp til innhold

Reiarlaget avviser at «Sola TS» brukte dekkslyset feil

Havarikommisjonen meiner dekkslys på oljetankaren gjorde det vanskeleg for besetningen på KNM «Helge Ingstad» å sjå navigasjonslysa. – Ingenting unormalt ved det, seier reiarlaget.

Oljetankeren Sola TS

AVVISER FEIL: Oljetankaren «Sola TS» gjekk med dekksbelysning etter avgang frå Stureterminalen torsdag 8. november. Havarikommisjonen meiner det bidrog til kollisjonen med fregatten. Reiarlaget avviser feil lysbruk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det greske reiarlaget Tsakos Energy Navigation, som eig og driftar «Sola TS», har gitt få kommentarar til media etter kollisjonen med det norske marinefartøyet KNM «Helge Ingstad» 8. november.

Då Statens havarikommisjon for transport (SHT) la fram sin førebelse rapport 29. november, blei det lagt vekt på lysbruken til oljetankaren etter avgang frå Stureterminalen.

SHT meiner tente dekkslys på det 250 meter lange tankskipet gjorde at milliardfregatten ikkje klarte å skilja mellom tankskipet og den godt opplyste Stureterminalen då dei segla sørover i Hjeltefjorden.

– Kor vidt det var lov eller ikkje har me ikkje tatt stilling til, sa avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth om lysbruken under pressekonferansen.

Fregatten Helge Ingstad ved Stureterminalen

PÅ GRUNN: Her enda KNM Helge Ingstad etter samanstøyten med oljetankaren. I bakgrunnen kan ein skimta deler av oljeterminalen.

Foto: Stian Røkenes / NRK

– Vanleg over heile verda

I ein Ytring publisert på NRK.no skriv tidlegare underdirektør i Sjøfartsdirektoratet Eivind Sanden Vågslid at det er vanleg at skip går med tente dekkslys etter avgang.

– Det er praksis over heile verda at dekkslysa er tente eit lite stykke ut frå hamn, sjølv om skipet er undervegs.

Sjøvegsreglane seier at eit skip ikkje skal visa lys som kan forvekslast med lanternene eller gjera navigasjonslanternene mindre synlege.

– Om dette er brot med sjøvegsregel 20b, kan diskuterast, ifølge Vågslid.

Stadfestar at dekkslys var tente

Pressetalsmann for reiarlaget, Patrick Adamson, bad etter pressekonferansen om tid til å lesa rapporten.

No understrekar han overfor NRK at det greske reiarlaget Tsekos deler versjonen til SHT.

Likevel avviser Adamson at lysbruken på tankskipet var i strid med lovverket.

– Det stemmer at dekklysa på tankskipet var slått på både før, under og etter avgang frå Stureterminalen. Det er ingenting unormalt ved det. Det står att mykje jobb på dekk når ein oljetankar forlét terminalen, seier Adamson.

Sola TS

SKADER: «Sola TS» fekk skader i baugen då tankskipets anker bora seg inn i skroget på fregatten.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Ingen kjenner kostnadene

Reiarlaget ynskjer ikkje å kommentera rapporten til SHT ytterlegare før han er endeleg. Heller ikkje kapteinen eller annan besetning om bord på oljetankaren vil svara på spørsmål.

– Reiarlaget må ta rapporten til etterretning. Likevel vil me ikkje gi kommentarar som kan påverka arbeidet eller utfallet. Det handlar om respekt for det arbeidet som no går føre seg, opplyser Patrick Adamson.

Oljetankaren ligg for tida under reparasjon i Gdansk i Polen. Adamson estimerer at «Sola TS» vil vera tilbake i trafikk midt i desember.

Han kan ikkje seia kva kollisjonen har kosta reiarlaget eller forsikringsselskapet. Hovudassurandøren er det londonbaserte forsikringsselskapet Britannia P&I.

– Ingen veit enno noko om kostnadene frå reparasjonane. Eg kan heller ikkje seia noko om utfallet av eit eventuelt forsikringsoppgjer.

NRK skreiv i ein tidleg versjon av denne saka at det var uvisst om lysa på tankbåten var tente då dei to fartøya kolliderte. Det riktige er at Havarikommisjonen tidlegare har stadfesta at det var lys på heilt fram til då dei kolliderte.