Hopp til innhold

Regjeringa ventar med å legga fram Nasjonal transportplan

Opposisjonen reagerer kraftig på at Regjeringa ikkje vil legga fram Nasjonal transportplan før etter påske. – Respektlaust, meiner Knut Arild Hareide.

Marit Arnstad

VENTAR TIL APRIL: Samferdsleminister Marit Arnstad kjem ikkje til å legga fram Nasjonal transportplan før i april. Opposisjonen meiner alt tyder på at Regjeringa ikkje greier å bestemma seg for prioriteringar på veg og bane.

Foto: Tone Iversen / NRK

I går vart Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget informert om at Regjeringa ikkje vil legga fram Nasjonal transportplan (NTP) før i april.

Det gjer at Stortinget for knappast mogeleg tid til å vedta og ta stilling til planen som legg føringane for dei norske transportinvesteringane dei neste ti åra.

Knut arild Hareide

KRITISK: Leiar for transportkomiteen på Stortinget Knut Arild Hareide er kritisk til at regjeringa ikkje legg fram transportplanen før påske.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er altså her me legg alle dei store planane for veg, bane, sjø og fly dei neste ti åra, og så får me så kort tid til behandlinga, seier komiteleiar Knut Arild Hareide frå Kristeleg folkeparti.

Sjølv om samferdsleministeren har svart «til våren» når ho har fått spørsmål om kva tid planen kjem, har «alle» rekna med at Stortinget ville få forslaget i løpet av mars.

Seks veker på høyring

NTP har ved dei to siste rulleringane vorte lagt fram i god tid før påske, i starten eller midten av mars månad.

Stortinget har dårleg tid fordi planen skal ut på ei minst seks vekers lang høyring før dei folkevelde kan ta stilling til saka. 18. juni skal saka opp til votering i stortingssalen.

Det gjer at Regjeringa må legga fram saka seinast 15. april, for at Stortinget skal rekka å behandla saka før dei folkevalde tar sommarferie.

– Me har aldri hatt ein så stor plan med så dårleg tid, eg synst det er respektlaust av Regjeringa.

Les òg: – Trur på ferjefri E39

Mange innspel

I seinare tid har fleire ulike innspel hamna på bordet til regjeringspartia.

Ei utgreiing om intercityutbygginga i det sentrale austlandsområdet stilte spørsmål ved den samfunnsmessige nytten av utbygginga, medan kravet om ein ferjefri kyststamveg langs vestlandskysten har auka i omfang.

Hareide meiner det ikkje forsvarar at regjeringa ventar med å komma til Stortinget med planen.

– Det er Regjeringa si evne til å ta ei avgjerd som er problemet, ikkje det at dei ikkje har nok kjennskap til sakene

Slit med å bestemma seg

Fleire kjelder NRK har vore i kontakt med i regjeringspartia fortel at dei raudgrøne ikkje har greidd å verta samde om prioriteringane i transportplanen. SV sin motstand mot ferjefri E39 og spørsmåla om intercityutbygging og Ringeriksbanen skal vera blant stridsemna.

Regjeringa stiller seg uforståande til kritikken frå opposisjonen.

Sigrid Brattabø Handegard

FORSTÅR IKKJE KRITIKKEN: Politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard frå Senterpartiet meiner Stortinget vil få god nok tid på seg.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto

– Det er ingen grunn til å laga spel og spetakkel rundt framlegginga av Nasjonal transportplan, seier politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard frå Senterpartiet til NRK.no.

Ho lovar at Regjeringa skal komma med planen i tide til at Stortinget skal kunna gjera ei forsvarleg behandling.

– Me vil følgja dei tidsfristane som Stortinget sjølv har sett, seier Brattabø Handegard.

Handegard vil ikkje seia noko om diskusjonane internt i Regjeringa.

– Eg vil ikkje gå inn på forhandlingane, men det er tre parti med ulike synspunkt som skal kunna legga fram ein god plan når den tid kjem, seier den politiske rådgjevaren.

Les òg:– Godt nytt for Bergensbanen

– Tida er forsvarleg

Magne Rommetveit som sitt i transportkomiteen for Arbeidarpartiet forstår at opposisjonen reagerer på den knappe sakbehandlingstida.

– Eg kan jo godt forstå at dei har venta på at dette vert lagt fram, men eg trur å ei skikkeleg og god behandling, seier Rommetveit.

Men han går ikkje med på at tida er for knapp.

– Verken me eller opposisjonen har levd i eit transportpolitisk vakuum det siste året, eg trur alle er i stand til å ta stilling til kva investeringar ein ønskjer å prioritera,

– Men burde ikkje då regjeringspartia greia å bestemma seg?

– Det kan du gjerne seia, eg hadde og forventa at dette kom før påske, men trur ikkje dette vert så problematisk, seier Rommetveit.

– Arrogant av Regjeringa

Øyvind Halleraker (H)

PROVOSERT: Øyvind Halleraker frå Høgre meiner Stortinget for knapp tid til å ta ei kvalifisert avgjerd.

– Eg synst dette er ein arroganse frå Regjeringa si side, seier Øyvind Halleraker som er samferdslepolitisk talsmann i Høgre.

Han meiner det er eit problem at dei folkevalde ikkje får lengre tid til å vurdera Regjeringa sitt forslag, og henta inn synspunkt frå berørte partar.

– Dette er det desidert største arbeidet me gjer i løpet av ein fireårsperiode. Dette kan ein ikkje behandla som ei vanleg lita sak med minimal høyringstid, meiner Halleraker.