Hopp til innhold

– Godt nytt for Bergensbanen

Kommunane langs Bergensbanen meiner intercityrapporten gjer det lettare for politikarane å prioritera jernbanen mellom Bergen og Oslo.

Inter-city-rapport er godt nytt for Bergensbanen

MEIR OPTIMISTISK: Styreleiar i Forum nye Bergensbanen, Mona Hellesnes (V), meiner intercityrapporten er godt nytt for Bergensbanen.

Foto: Åge Algerøy / Rolf M. Sørensen / NRK / NSB

Jernbanestasjonen i Bergen

BERGENSBANEN: Forum nye Bergensbanen krev kortare reisetid mellom Bergen og Oslo.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Dette viser at Bergensbanen og Ringeriksbanen må prioriterast før ein satsar på ei full intercityutbygging, seier Mona Hellesnes, venstrepolitikar og styreleiar i Forum nye Bergensbanen.

Måndag vart det kjend at ein ny rapport frå Dovre Group og transportøkonomisk institutt sår sterk tvil om nytten av å bygga ut intercitytriangelet utover Hamar, Fredrikstad og Tønsberg.

Rapporten slår fast at full utbygging vil føra til:

  • Små økonomiske ringverknader
  • Liten eller ingen klimagevinst.
  • Dårlegare kapasitet i Oslotunnelen.

I tillegg vert det peikt på at optimismen for framdrift har vore for stor og at det ikkje vil vera mogeleg å nytta toppfarten på 250 km/t.

Ei ulempe for all annan togutbygging

– Intercity-ambisjonane har vore ein ulempe for all annan togsatsing, så det er veldig interessant at dette kjem fram, seier Hellesnes som meiner intercity får for stor del av dei norske jernbanekronene.

I november gjekk Hellesnes ut og bad Regjeringa om å avgrense måla om full utbygging av intercitytriangelet, for å prioritere Bergensbanen. Ho fekk mellom anna støtte av Høgre sin samferdsletalsmann Øyvind Halleraker.

– Styrkar argumenta

– Då hadde me ikkje denne bakgrunnsinformasjonen, men denne rapporten styrkar dei argumenta me hadde, meiner Hellesnes, som òg er fylkesvaraordførar i Hordaland.

Forum Nye Bergensbanen er ei samanslutning av kommunane langs traseen på togstrekninga mellom Bergen og Oslo. Styreleiaren forventar at rapporten får konsekvensar for prioriteringa i Nasjonal transportplan.

– Dette er godt nytt for Bergensbanen og gjev grunnlag for ein meir fagleg diskusjon om korleis ein skal utvikla togtilbodet i Noreg, seier Hellesnes.

Les òg: Krev full utbygging av Bergensbanen

Utgreiinga om mogelegheitene for høgfartsbaner, som vart gjort på vegner av Samferdsledepartementet, peikte på at oppgradering av Bergensbanen var den mest lønsame investeringa ein kan gjera på langdistansetog i Noreg.

Saka held fram under bildet..

Intercity-triangelet

INTERCITY: Ein ny rapport sår tvil om gevinsten av å bygga intercitytriangelet heile vegen til Lillehammer, Skien og Halden.

Foto: Jernbaneverket

– Feil grunnlag

Elvestuen

UEINIG: Oslo-byråd Ola Elvestuen meiner det vert feil å nedprioritera intercitytriangelet.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Ola Elvestuen frå Venstre, som er byråd for miljø- og samferdsle i Oslo, delar ikkje synet til partifellen Hellesnes. Han meiner rapporten bygger på feil grunnlag.

– Dobbeltspor på heile Intercitystrekninga er bra for eit betre busetjingsmønster, og redusert biltrafikk, det kan og føra til lågare bustadprisar, seier Elvestuen.

Han meiner ikkje full utbygging av intercity bør nedprioriterast.

– Eg håpar verkeleg ikkje at Regjeringa legg denne rapporten til grunn for arbeidet med Nasjonal transportplan, seier Elvestuen.

Elvestuen meiner, i motsetning til Hellesnes, at full intercityutbygging vil verta ei viktig valkampsak for Venstre.