Hopp til innhold

– Eg trur ferjefri E39 vert prioritert

Knut Arild Hareide tok i mot krav om satsing på ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim. – Me har ikkje råd til å seia nei, meiner KrF-leiaren.

Fekk opprop frå næringslivet på Vestlandet

FEKK OVERLEVERT KRAV: 600 bedrifter og fagforbund på Vestlandet har skrive under på oppropet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

LO og NHO

SAMLA TROPP: Både næringslivsleiarar og fagrørsla har skrive under på kravet om ferjefri E39.

Arbeidsgjevarar og fagrørsla på Vestlandet møtte i dag opp i samla flokk på Stortinget.

Leiaren for Transport- og kommunikasjonskomiteen, Knut Arild Hareide, fekk overlevert kravet om at politikarane må satsa på ein ferjefri kyststamveg i Nasjonal transportplan.

600 bedrifter og fagforbund på Vestlandet har skrive under på oppropet.

Glad for engasjementet

– Eg synst det er veldig bra at det no ikkje berre er politikarar som er engasjerte. Det at både LO og NHO står bak, synst eg er veldig bra, seier Knut Arild Hareide til NRK.no

Utbygging av Intercitytriangelet mellom byane på Austlandet og ønskjet om ein ferjefri E39 har vorte dei to dominerande kampsakene fram mot NTP-behandlinga.

Hareide åtvarar mot at dei to prosjekta vert stilt opp mot kvarandre. Han vil ha ei kraftig satsing på begge prosjekta i transportplanen for dei neste fire åra.

– Me har ikkje råd til å la vera å satsa på nokon av dei to prosjekta. Me veit at betre infrastruktur vil gjera det lettare for samfunnsutvikling og næringsliv i distrikta.

Trur på satsing på E39

Hareide, som i dag representerterer Akershus på Stortinget, stiller til val i Hordaland til hausten. KrF-leiaren meiner det vert vanskeleg for politikarane å ikkje satsa på dei to prosjekta.

– Eg føler meg ganske trygg på at Nasjonal transportplan vert ei solid satsing både på intercity og ferjefri E39, seier Hareide.

600 underskrifter

Ofte er LO og NHO som hund om katt. Men i dag toppa dei opp på Stortinget med ein felles bodskap og 600 underskrifter frå bedrifter og fagforbund.

– Bedriftene våre er avhengige av ferjer, det er ein utruleg kostnad å stå i ferjekøane, seier Tom Knudsen, regiondirektør i NHO.

Som ein av fleire representantar for næringslivet i vest møtte Knudsen opp på Løvebakken i dag. Han er ikkje uroa for bompengar.

– Har me ferjer har me bompengar til evig tid, det er det me vil gjera noko med, seier Knudsen.

Kvifor går LO og NHO saman?

– Bedriftene bryr seg veldig om samferdsle, men det gjer jo mange av dei LO- organiserte som jobbar for oss og. Det er utruleg flott at me kan stå saman i denne saka, seier Knudsen.