Hopp til innhold

Pressekonferanse om drikkevatn-skandalen

ASKØY (NRK): Kommunen og Folkehelseinstituttet held pressekonferanse no klokka 12.30. Sjå den direkte her.

Pressekonferansen er forseinka.

Den kriseråka kommunen vest for Bergen har søndag fått bistand frå to epidemiologar frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Desse ekspertane på sjukdomsspreiing i befolkningar skal etter planen starta med å intervjua nokre av dei første pasientane som vart sjuke med tarminfeksjon.

Tusenvis av askøyværingar har vore sjuke med oppkast, diaré og kraftig feber dei siste dagane, og over 40 har vore eller er innlagde på Haukeland universitetssjukehus.

Det er påvist ulike typar tarmbakteriar i drikkevatnet i eit høgdebasseng.

Ein 1-åring døydde på sjukehus onsdag, men det er ikkje stadfesta om forureina drikkevatn var ei årsak.