Hopp til innhold

Politiet har avhøyrt fleire tilsette i Askøy kommune: – Skjerpande at mange har blitt sjuke

ASKØY/BERGEN (NRK): Politiet fastslår at Askøy kommune har brote lova, og vurderar å bøtelegga den allereie økonomisk pressa kommunen. No vil dei ha svar på om kontrollrutinane har vore for dårlege.

– Det er overraskande å sjå at det renn så mykje vatn inn i bassenget, seier varaordførar Bård Espelid.

NRK er med når Espelid studerer høgdebassenget på Øvre Kleppe for første gang. No er det heilt tomt for vatn. Lyden av vatn som finn vegen gjennom det råskutte fjellet og ned på bakken gir god klang i fjellhallen.

– Det skal ikkje vere inntrenging av vatn utanfrå og det ser ikkje til at fjellet er behandla for å kunne halde på vatn.

– Det er veldig illustrerande å sjå korleis ein har lagra vatn i så mange år. Ein kan undre seg over at det har gått så bra, konstaterer Espelid.

Tomt høgdebasseng på Øvre Kleppe

TOMT: Høgdebassenget på Øvre Kleppe er no tømd. Geologar har gjort laserskanningar av fjellet, som indikerar sprekker i fjellet.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Høgdebassenget har levert smitten

Tysdag, snart tre veker etter det store sjukdomsutbrotet på Askøy, kan kommunen slå fast med 100 prosent tryggleik at folk har blitt sjuke av vatnet som kjem frå dette høgdebassenget.

Prøvane av campylobacter frå høgdebassenget, er identiske med dei bakteriane som er funne hjå dei som har blitt sjuke.

Det kan bli langt verre å finne sjølve smittekjelda. Kommunen veit at det stammar frå avføring av dyr, men ikkje kva dyr, seier Espelid.

– Den aktuelle avføringa kan ha blitt vaska vekk. Men vi veit frå tilsvarande saker, at campylobacter-bakterien har kome frå fugleavføring.

Bård Espelid i høgdebassenget på Øvre Kleppe

FØRSTE BESØK: Tysdag fekk varaordførar Bård Espelid sjå høgdebassenget på Øvre Kleppe med eigne auge. Han likte ikkje det han såg. – Det skal ikkje vera inntrenging av vatn utanfrå, men det ser vi skjer her. Slik skal det ikkje vera.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Kan bli aktuelt med føretaksstraff

Politiet var tidleg i gang med undersøkingar då smitten frå drikkevatnet braut ut på Askøy tidleg i juni.

Allereie same dag som det vart kjent at ein eittåring hadde døydd på sjukehus av ein infeksjon, rykka politiet inn på rådhuset på Kleppestø.

Nokre veker seinare har politiet tatt mange prøvar og gjennomført vitneavhøyr av fleire tilsette i kommunen, mellom anna frå vatn- og avløpsetaten.

Politiet er klare på at kommunen har brote drikkevassforskrifta. Dei vurderer difor om kommunen skal påleggast føretaksstraff.

– Det er sjølvsagt aktuelt, men etterforskinga må vise grunnlag for det. Det er mange spørsmål vi vil ha svar på, til dømes om det har vore tilstrekkelege kontrollrutinar. Og det skjerpar saka at det er som mange som har vorte råka av dette, seier politiadvokat Trygve Ritland i Vest politidistrikt.

Trygve Ritland, politiadvokat Vest politidistrikt

ETTERFORSKAR: Politiadvokat Trygve Ritland har to etterforskarar på saka om drikkevatnet på Askøy. Kor lang tid etterforskinga vil ta, kan han ikkje gi svar på. Førebels er det ingenting i etterforskinga som tyder på sabotasje av drikkevatnet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vurderer føretaksstraff

Etterforskinga til politiet handlar no om å avdekka om kommunen, eller enkeltpersonar, kan lastast for at drikkevatnet var forureina.

Politiet har gjort fire vitneavhøyr i saka, der tilsette frå kommunen har vore inne og fortald om korleis systemet fungerer og kva rutinar dei har for kontroll av drikkevatnet.

Ritland presiserer at det er Askøy kommune og Mattilsynet som samarbeider om å finne smittekjelda.

– Om nokon har dumpa avføring i terrenget med vilje, vil det sjølvsagt bli ein del av saka også. Men vi er ikkje der, slik saka er no. Det er ingenting i etterforskinga så langt som hintar mot sabotasje av drikkevatnet, seier Ritland.

Fjellet og masta over høydebassenget på Øvre Kleppe

VANSKELEG: Det kan bli vanskeleg å finne smittekjelda. Høgdebassenget ligg inne i dette fjellet, under masta.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Økonomisk utfordrande

Etter Giardia-utbrotet i Bergen, vart kommunen straffa med ei føretaksbot av politiet. Fleire tusen bergensarar vart sjuke og det er betalt ut erstatningar til over 30 millionar kroner i ettertid.

Etter klagebehandling fjerna Riksadvokaten føretaksstraffa mot kommunen, fordi det vart vurdert at det ikkje var grunnlag for å gi ei slik bot.

Men ei eventuell føretaksstraff kan svi for Askøy kommune, som allereie har ein trøblete økonomi.

– Vi får sjå kva som kjem ut av politiet si etterforsking. At mange har blitt sjuke og at det også blir undersøkt om det har samanheng med to dødsfall, er nok faktorar som politiet vurderar, seier Espelid.