Har funne tarmbakteriar i taket på høgdebassenget

– Styrkar teorien om at forureina vatn har kome inn gjennom sprekkar i fjellet, seier Askøy kommune.

Det infiserte høydebassenget på Øvre Kleppe Askøy

BAKTERIEFUNN: Det er funne bakteriar i både vatnet og no også i sjølve fjellveggen i høgdebassenget.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Dei nye prøvesvara fekk kommunen informasjon om i dag. I to av fire prøvar frå biofilm i taket og fjellveggen i høgdebassenget, er det påvist E. coli og koliforme bakteriar (tarmbakteriar) (ekstern lenke).

– Det er ein indikasjon på at det framleis kjem vatn inn i høgdebassenget som inneheld spor av dyreavføring, seier varaordførar Bård Espelid til NRK.

Biofilm er bakteriar som har samla seg og er festa til ei overflate, som fjellveggen inne i høgdebassenget, og til kvarandre. Det er avskraping av slik biofilm som altså har gitt kommunen nye svar i drikkevass-gåta.

Espelid seier også at dei nye prøvane understrekar det som har vore hovudteorien lenge; nemleg at høgdebassenget er forureina gjennom sprekker i fjellet.

– Dette er nok ei brikke vi kan plassere i puslespelet, men vi ventar på fleire prøvesvar og ytterlegare bevis.

Bård Espelid, varaordfører på Askøy

NY FASE: Kommunal kriseleiing er avvikla, fortel Bård Espelid. No fokuserer Askøy kommune på å finne smittekjelda og årsaka til at fleire tusen vart sjuke.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ventar på fleire prøvar

NRK har vore i kontakt med Mattilsynet måndag, som ventar på bekreftande prøvar av om avføringa som har kome inn i drikkevatnet stammar frå dyr.

Samstundes har kommunen tømd høgdebassenget for vatn. Måndag er planen at geologar skal ta seg inn for å studere sprekkene i fjellet nærare.

– Då kan vi sannsynleggjere meir og meir at det er gjennomtrengande sprekker i fjellet, seier Espelid.

Sjølv om høgdebassenget er tomt, må innbyggjarane i den sørlege delen av kommunen framleis koka vatnet. Truleg må dei gjera det i fem-seks veker til.

Ikkje lenger kriseleiing

Kommunen har også trappa ned ein god del av ressursane som vart sett inn då krisa oppstod. Den kommunale kriseleiinga er tatt ned og dei skal no møtast to gongar i veka, i staden for kvar dag.

– Akuttfasen ser ut til å vera litt over. No går vi over i ein fase der vi skal handtere smittesituasjon. Før helga var det ikkje meldt om fleire sjuke, seier Espelid.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon