Hopp til innhold

Politiet har «klar indikasjon» på kor lenge drapsoffera låg i turområdet før dei vart funne

BERGEN SENTRUM/ARNA (NRK): Politiet har gjort beslag i ei raudflekkete madrass frå adressa som blir omtala som «sentral» i drapsetterforskinga. Offera skal ha blitt påført stikkskader.

Dronebilde av funnstedet ved Osavatnet i Arna. Dobbeltdrapssaken

FUNNSTAD: To personar vart funnen døde ved ei elv i Arna måndag ettermiddag. Politiet har ei klar formeining om kor lenge dei to har lege i terrenget.

Foto: Odd Arne Olderbakk/Sindre Skrede / NRK

Den førebelse obduksjonen av kvinna (29) og mannen i 40-åra som vart funnen døde i Arna i Bergen måndag, styrkjer politiet sin mistanke om at dei står overfor eit dobbeltdrap.

Etter det NRK kjenner til er dei to påført skader som kan stamma frå kniv eller andre skarpe gjenstandar.

Førebels held politiet tett om drapsmetode og om det er gjort funn av eitt eller fleire drapsvåpen.

– Me kjem ikkje til å gå inn på kva funn som er gjort eller kva skader som er på dei avdøde, sa påtaleleiar Inger-Lise Høyland på pressekonferansen tysdag kveld.

Flekkete madrass blir bært ut fra Møllendalsveien 19 i Bergen.

FLEKKETE: Den raudflekkete madrassa blei tatt med av politiet for nærare undersøkingar. Adressa blir omtala som «sentral» i etterforskinga.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Trur dei veit kor lenge offera låg i turområdet

Over 30 personar i politiet har jobba med saka tysdag. Politiet har aksjonert og gjort undersøkingar på ei rekke adresser i Bergen, i tillegg til funnstaden ved Osavatnet i Arna.

Den sentrale teorien til politiet er at mannen og kvinna vart drepen ein stad, for så å bli dumpa i turområdet ved Gullfjellet i Arna.

Politiet vil ikkje seie når dei trur drapa har skjedd, men seier etterforskinga så langt har gitt dei ein klar indikasjon på kor lenge dei døde har lege i terrenget ved Osavatnet.

Det betyr isåfall at politiet no veit når dei to offera vart dumpa på funnstaden.

– Me har indikasjonar på kor lenge dei har lege der, men det er opplysingar me ikkje vil gå ut med, seier Høyland.

AKSJONERTE: Politiet aksjonerte tysdag mot eit kommunalt bustadkompleks på Lone i Arna. I tillegg gjorde kriminaletterforskarar undersøkingar i eit hospits eit stykke frå Bergen sentrum.

Henta raudflekkete madrass

Eit hospits i Møllendalsveien i Bergen sentrum blir trekt fram som heilt sentralt i den omfattande etterforskinga.

Gjennom heile tysdag ettermiddag og kveld har politiet endevendt tomta og henta ut fleire gjenstander. Ein av gjenstandane som blei tatt med for nærare undersøkingar, var ei madrass som blei funnen under ein presenning på tomta.

– Det er kriminaltekniske undersøkingar som går føre seg fleire stader, men kva funn som blir gjort og kva me gjer med dei, kan eg ikkje seia noko om, seier Høyland.

Reknar de denne adressa som åstaden for drapa?

– Me meiner me har kontroll over åstaden, men kor det er ønskjer eg ikkje kommentera ut i offentlegheita enno.

Undersøkelser ved hospits i Bergen drapssaken Arna

TELT: Politiet gjorde undersøkingar i Møllendalsveien tysdag ettermiddag og kveld. Det blei tatt beslag i fleire gjenstander.

Foto: Christian Lura / NRK

Funne med fleire skader

Det var måndag klokka 12.00 at turgåarar varsla politiet om funn av blodige gjenstandar i ei elv ved Osavatnet i Arna.

Då krimteknikarar kom til staden, vart først kvinna (29) funnen død. På same stad fann dei også dei døde mannen i 40-åra.

VG har meldt at dei vart funne under ein presenning, saman med blodige klede. Bergens Tidende skriv tysdag kveld at begge skal ha lege under vatn, påført fleire stikkskader.

Nokre timar seinare blei to menn i 30- og 50-åra pågripne i hospitset i Møllendalsveien, sikta for drap eller medverknad til drap.

Politiet sa under pressekonferansen tysdag at mannen i 50-åra ikkje har ønskt å forklara seg til politiet.

Forsvarar til mannen i 30-åra, Kjetil Ottesen, opplyser til NRK at mannen ikkje erkjenner straffskuld.

– Han har gitt ei lang forklaring til politiet. Han erkjenner ikkje straffskuld for drap eller medverknad.

Tysdag blei ytterlegare éin person sikta for drap, og ein fjerde person sikta for øydelegging av bevis. Den tredje personen som er sikta for drap, også ein mann i 30-åra, sat i avhøyr med politiet tirsdag kveld.

- Det er tøft å vere i ein slik situasjon og ha ein slik påstand mot seg. Han skal truleg i fleire avhøyr, men vi vil ikkje kommentere spørsmålet om straffskyld, seier forsvarar Erik Mjell til NRK.

Avviser ikkje fleire pågripingar

Politiet har kategorisk avvist å kommentera relasjonen mellom dei to drepne og dei fire sikta så langt i saka.

Men politiet var allereie måndag føremiddag på plass i Møllendalsveien, som i mange år har vore eit hospits for personar i rusmiljøet, og som er godt kjent av politiet frå før.

Tredje- og fjerdemann som fekk status som sikta blei pågripne i eit kommunal bustadkompleks på Lone i Arna, også kjent for å husa personar tilknytt rusmiljøet i Bergen.

Politiet avviser ikkje at det kan bli snakk om fleire pågripingar i saka.

Dei to mennene som først vart sikta i saka, blir framstilt for fengsling i Bergen tingrett onsdag.