Hopp til innhold

To menn arresterte i Bergen etter at ei kvinne og ein mann vart funne døde

BERGEN (NRK): Politiet har starta full drapsetterforsking etter at ei 29 år gammal kvinne og ein mann i 40-åra vart funne døde i eit turområde i Bergen. Måndag kveld held undersøkingar fram i eit større område nær funnstaden.

Åstad Osevatn, Unneland i Arna.

ÅSTADEN: Måndag kveld jobbar politiet med undersøkingar ved Osavatnet. Området er avsperra inntil vidare.

Foto: Åge Algerøy

To menn er sikta for drap eller medverknad til drap i Bergen måndag kveld. Politiet utelukkar ikkje fleire pågripingar i løpet av kvelden eller natta. Det kjem fram i ei pressemelding.

Politiet stadfestar måndag kveld at to personar er funne døde i eit turområde ved Unneland i Arna i Bergen. Ifølge VG skal dei to ha blitt funne under ein presenning som skjulte to lik.

Politiet har no starta drapsetterforsking.

Det var turgåarar som melde ifrå om funn av blodige gjenstandar i terrenget ved Gullsfjellsvegen i 12-tida måndag.

Dei to døde er formelt identifisert, opplyser kommunikasjonsrådgivar Gry Benedicte Halseth i Vest politidistrikt. Dei jobbar no med å informera dei næraste pårørande.

Fant kvinne og mann

Då politiet kom til staden, fann dei ei død kvinne i tilknyting til gjenstandane. Ifølge politiet var det ei 29 år gammal kvinne som vart funnen død.

Seinare gjorde krimteknikarar funn av ytterlegare ein person. Dette var ein mann i 40-åra. Dei skal vere norske statsborgarar.

Politiet meiner å vite kven dei to personane er. Dei skal begge vere kjende for politiet frå før.

Politiet utelukkar ikkje at det kan dreie seg om eit dobbeltdrap eller eit drap og sjølvdrap. Dei avdøde vart frakta bort frå staden i 19-tida, og vil bli obdusert ved Gades instituttt.

DRAPSETTERFORSKING: Politiet har satt i gang drapsetterforsking etter at to personar blei funne døde i terrenget ved Unneland i Arna.

Avhøyrer vennekretsen

Politiet har no starta undersøkingar og vitneavhøyr av vennekretsen og naboar av dei to avdøde.

Kripos er kopla inn for å hjelpe til med taktiske undersøkingar.

Politiet fekk også bistand frå brannvesenet for å gjere søk med dykkarar i Osavatnet, som ligg like ved funnstaden.

– Dette gjer vi for å sjå om det kan ligge fleire ting som politiet er interesserte i, sa politiinspektør Tore Salvesen til NRK måndag.

PK drapsetterforsking bergen

ETTERFORSKAR BREDT: Politiadvokat Inger-Lise Høyland og politiinspektør Tore Salvesen seier politiet jobbar ut frå fleire hypoteser.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ein brannbil med gummibåt på hengaren køyrde frå staden like over klokka 17.

Området funnet er gjort i er eit populært turområde og politiet kartlegg no personar som har vore på tur i området.

Dei ønskjer å komme i kontakt med personar som har vore i området rundt Osavatnet på Unneland i løpet av helga eller i dag.

Publikum kan ringa inn på politiet sin tipstelefon 47 69 60 60.

Mistenkeleg dødsfall Unneland

STENGT: Ved 17.30-tida måndag er Gullfjellsvegen framleis stengt for presse og allmenta.

Foto: Åge Algerøy / NRK