NRK Meny
Normal

Politiet gir opp å finna årsaka til brannen i Skostredet

Ingenting tyder på at den dramatiske brannen i eitt av Bergens eldste trehus var tent på. Men brannårsaka er eit mysterium.

Frimerkehuset i brann

– Dei kriminaltekniske undersøkingar på brannstaden har ikkje kunna slå fast ein sikker årestad for brannen, seier Eirik Myge Daae, politispesialist ved brann- og tjuveriavsnittet ved Bergen sentrum politistasjon.

Politiet er i sluttfasen av etterforskinga av brannen som braut ut i Østre Skostredet i mars, midt i det verneverdige trehusområdet Vågsbunnen.

Det historiske strøket er eit av dei mest brannfarlege områda i Bergen sentrum, og det var eitt av dei aller eldste trehusa, bygd i 1707, som blei totalskadd.

Trur brannen starta i veggen

Etter å ha gjennomført krimtekniske undersøkingar på brannstaden tør ikkje politiet konkludera med kva som var den direkte årsaka til brannen i det såkalla Frimerkehuset.

Politiet har gjennomført vitne med 15 vitne, mellom andre dei fire leigebuarane som redda seg ut av huset, samt vitne på gata.

Den mest trulege teorien er at brannen starta i det elektriske anlegget.

– Det er naturleg å tenkja i dei banar. Intervjua indikerer at brannen starta inne i veggen på huset, ikkje i bustad- eller kontoretasjen. I veggen er det i all hovudsak elektriske koplingar.

Lift
Foto: May Helen Rolfsnes / NRK

– Finn ikkje prov på at brannen er påtent

Politiet finn det svært lite truleg at brannen blei påtent.

– Undersøkingar som er gjort syner ikkje prov på at brannen er påtent. Ut frå skadane på bygget ser det ut til at han har starta så høgt oppe at det verkar lite truleg at uvedkomande har starta brannen.

Deler av huset kollapsa under brannen, og brannvesenet måtte riva deler ved oppstarten av dei tekniske undersøkingane. Daae trur ikkje politiet kjem nærare eit svar på kva som gjorde at flammane braut ut.

– Store deler av bygget kollapsa som direkte følgje av flammane. Det er grunn til å tru at gjenstandar som kunne ha teke oss nærare svaret, blei øydelagde i samband med sløkking og riving.

Vil gjenreisa bygningen

Det er Frantz-Caspar Moldenhauer som eig bygningen. I mars sa Moldenhauer til NRK at han har planar om å gjenreisa det meir enn 300 hundre år gamle huset slik det var.

Byantikvar Johanne Gillow

BYANTIKVAR: Johanne Gillow ynskjer å reisa ein kopi av det historiske huset. Huseigar Frantz-Caspar Moldenhauer er positiv.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Det same sa byantikvar Johanne Gillow, då ho i morgontimane etter brannen inspiserte skadane.

– Eg håpar eigar og forsikringsselskap er samarbeidsvillige. Me har svært godt biletmateriale. Om ikkje fullgodt, så kan huset i alle fall bli ein erstatning, sa Gillow.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.