Totalt 14 personar vart evakuert då to trehus i Sydnesgaten i Bergen stod i full fyr natt til 14. mai. Brannen starta i eit leilegheitskompleks, og spreidde seg snart til nabohuset.
– Husa vert rekna som tapt, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen i politiet morgonen etter.
Sidan har politiet etterforska brannen, og etter lang tid gav dette til slutt resultat.
Måndag denne veka vart ein mann arrestert, sikta for å ha forårsaka brannen.
– Mannen er avhøyrd, og har erkjent å ha tent på noko på utsida av huset. Vi fant ikkje at vilkåra for fengsling var til stades, og mannen vart lauslaten etter avhøyr, fortel politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.
- Les òg:
Skal vurdere mannen
Den sikta, som er føydd på 60-talet, har tidlegare vore avhøyrd i saka, då med status som vitne.
– Vedkommande er per no sikta for grovt skadeverk, seier Opdal.
Rettspsykiatrar skal no vurdere om mannen er strafferettsleg tilrekneleg.
– Det vil bli føreteke ein observasjon av mannen, og denne prosessen har akkurat starta, fortel Opdal.
Politiadvokaten vil førebels ikkje gå inn på kva tilknyting den sikta har til huset.
FULL FYR: 14 personar vart evakuert då brannen braut ut i Sydnesgaten 35, og spreidde seg til nr. 33.
Verneverdige
Politiet har tidlegare opplyst at krimteknikarane er ferdige med sine undersøkingar etter storbrannen, men har ikkje ville gå i detalj om kvar brannen starta fordi det framleis stod att fleire avhøyr.
Opdal vil førebels ikkje seie noko om den sikta sine forklaringar stemmer overeins med det politiet meiner er brannårsaka.
– Dette er ei sak vi prioriterer, forsikrar Opdal.
- Les òg:
Dei to husa som brann står på eigedommar frå 1895, ifølge byantikvar i Bergen, Johanne E. Gillow.
VERNEVERDIGE: – Desse husa var verneverdige, så dette er ikkje noko gøy, sa byantikvar Johanne E. Gillow til NRK like etter storbrannen på Sydnes i Bergen.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK– Eg har førebels ikkje høyrt noko om kva som vil skje med husa, men håpar framleis at dei skal byggast opp igjen, seier Gillow.
Ho er framleis ikkje sikker på om husa må byggast opp att slik dei var, slik konklusjonen vart etter brannen i Skostredet i mars.
– Vi har ikkje fått nokon meldingar eller innspel på at det er snakk om å rive huset der brannen starta. Det beste vil vere at huset vert bygd opp att på basis av det originale, seier velforeiningsleiar i Sydnes og Nøstet Vel, Jan Hanchen Michelsen.
UTBRENT: Det var natt til 14. mai at det braut ut brann i leilegheitskomplekset i Sydnesgaten 35.
Foto: Dag Harald Andersen / NRK– Stor narkotrafikk
Leilegheitskomplekset har tidlegare vorte beskrive av naboar som «belasta».
– Det har vore veldig stor narkotrafikk der. Vi har i grunn venta på at noko skulle skje, sa ein av naboane om Sydnesgaten 35 til NRK dagen etter brannen.
Velforeininga fryktar no at huset igjen skal bli eit hybelkompleks.
– Eg håpar huset vert bygd opp att og gjort til ein normal bustad, ikkje eit hybelhus med problematiske driftsforhold, seier Michelsen.
TO HUS RÅKA: Brannen skal ha starta på utsida av underetasjen i Sydnesgaten 35, til venstre. Slik ser husa ut i dag.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK