NRK Meny
Normal

Over 300 år gammalt trehus totalskadd i brannen: – Ein tragedie

Det var eitt av dei eldste trehusa i Bergen som gjekk tapt i storbrannen natt til tysdag. Byantikvaren kallar brannen eit stort tap for byen.

Gå til forsiden

Se bildene: Brannen i Østre Skostredet

Frimerkehuset i brann

Se bildene: Brannen i Østre Skostredet

20 bilder

    Huset, det såkalla «Frimerkehuset», blei reist i 1707 og er såleis eit av dei første husa som blei bygd etter den store bybrannen i Bergen i 1702.

    Byantikvar Johanne Gillow i Bergen kallar det eit stort tap for byen.

    – Dette er først og fremst trist. Huset hadde ein svært høg kulturminneverdi og var eit av dei eldste husa i Bergen sentrum. Huset hadde umistelege kulturminneverdiar, som no likevel er tapt.

    – For byen er dette ein tragedie, meiner ho.

    Brannvesenet opplyser tysdag føremiddag at dei held vakt på brannstaden i frykt for at huset skal rasa.

    – Me er her for å sjå at glør ikkje blussar opp og for at publikum ikkje skal gå bort, i tilfelle huset rasar saman, seier vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen.

    Skadene på huset

    UTBRENT: Slik ser det ærverdige trehuset ut etter storbrannen 14. mars. – For kulturminnebyen Bergen er tapet stort, seier Byantikvaren.

    Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

    Like gammal som Bryggen

    Alle husa i området Vågsbunnen har ein formell vernestatus. Huset som i natt gjekk tapt var eitt av husa med høgast kulturminneverdi i området.

    Nesten heile bykjernen i Vågsbunnen gjekk tapt i den omfattande bybrannen i 1702, som slukte sju åttedelar av husa i sentrum.

    – Den fatale brannen gjer huset til eitt av dei eldste me har igjen frå det historiske sentrum. Det er veldig, veldig få bygg som er eldre enn det sett vekk frå kyrkjer og steinkjellarar.

    Huset blei reist på same tid som mange av dei ikoniske husa på Bryggen i Bergen. Storbrannen for 315 år sidan raserte husrekkja fullstendig og dagens bygningar er difor reist etter 1702.

    Østre Skostredet

    HISTORISK: Huset, heilt i enden av gata på høgre side, blei først bygd i 1707. Huset var blant dei første som blei bygd etter den store bybrannen i Bergen i 1702. Her frå Østre Skostredet i 1957.

    Foto: Universitetsbiblioteket / UiB

    – Den høge kulturminneverdien kjem av det skeive taket som går litt i alle retningar. Det går igjen blant mange eldre hus, der ein har forsøkt å tilpassa bygget til moderne stilartar.

    Også i nyare tid har brannar ramma dei verneverdige trehusa i brannsmitteområdet i Bergen. Gillow meiner det utbrende huset i Skostredet representerer noko av det eldste det historiske Bergen har å by på og det eldste huset som har brent i moderne tid.

    – Alder er ikkje utan betydning i denne samanheng. Me har ikkje så mange hus frå denne perioden og me har verkeleg ingen å mista.

    Byantikvaren vil byggja kopi

    Byantikvaren er på synfaring på brannstaden tysdag. Gillow seier allereie no at kommunen ynskjer å reisa ein kopi av bygningen.

    Byantikvar Johanne Gillow

    FORTVILT: Byantikvar i Bergen Johanne Gillow foran brannstaden i Østre Skostredet.

    Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

    Huset hadde i dag butikk i første etasje og kontor og bustader i andre og tredje etasje. Fram til for to år sidan låg det ein frimerke- og myntsamlarbutikk i første etasje.

    – Det er for tidleg å slå noko fast, men eg håpar eigar og forsikringsselskap er samarbeidsvillige. Me har svært godt biletmateriale. Om ikkje fullgodt, så kan det i alle fall bli ein erstatning.

    Huseigar Frantz-Caspar Moldenhauer seier at han er innstilt på å byggja ein kopi av huset.

    Nabobygget, som brannvesenet klarte å redda i natt, var bygd i 1703. Byantikvaren prisar seg lukkeleg for at dette bygget blei redda.

    – Igjen har brannvesenet i Bergen gjort ein formidabel innsats.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    programleder Mariann Reikerås
    Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.