Hopp til innhold

Planane om å overvaka kysten med dronar blei kutta i det stille

Sjøheimevernet skulle bli erstatta av teknologi og dronar store som bussar. No vert det plutseleg ingenting av droneframtida. Kva skjedde?

Global Hawk

STORE SOM BUSSAR: Om kysten skal overvakast av dronar, må det ifølge forskar Ståle Ulriksen bli RQ-4 Global Hawk, som er brukt av det amerikanske luftforsvaret til overvaking.

Foto: HANDOUT / Reuters

I nesten 70 år har Norge hatt historie med eige heimevern til sjøs. Men no er det heilt slutt for det nasjonale Sjøheimevernet.

Med om lag 200 større fartøy og 130 hurtigbåtar overvaker og kontrollerer innsatsstyrken kysten – både i fredstid og ved krise eller krig. Sjøheimevernet er vedteke nedlagd, og er i desse dagar under avvikling:

Tre innsatstroppar er allereie nedlagde, og snart er den siste historie.

Med kva skal dei erstattast av? Då Sjøheimevernet vart bestemt fjerna i 2016, vedtok ein samtidig at avansert teknologi skulle erstatta folk og fartøy.

«Sjøheimevernet ble vedtatt lagt ned i forbindelse med behandlingen av langtidsplanen, og denne kapasiteten var ment å bli erstattet av blant annet dronar.»

Denne vesle setninga står i Forsvarsdepartementet sin statusrapport for landmaktutgreiinga. Den kom i juni og er siste nytt om kva planen er for Forsvaret i framtida.

Den såkalla landmaktutgreiinga, som blir utarbeidd av ei arbeidsgruppe på oppdrag frå Forsvarsdepartementet, skal ta føre seg korleis Noregs «landmakt» – Heimevernet og Hæren – skal organiserast i framtida.

Men i neste setning i den same statusrapporten kan ein lesa at det ikkje lenger skal bli teknologisk erstatning av Sjøheimevernet.

Men kvifor blei det ingenting av droneovervaking? Det står det ingenting om i rapporten.

Haakon Bruun-Hanssen på besøk i Andøya 16. november 2016

VILLE HA DRONAR: Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen meinte sjølv at norskekysten burde overvakast av dronar.

Foto: Ole Dalen / NRK

Ei anbefaling frå forsvarssjefen

Om ein skrur tida tilbake til oktober 2015, anbefalte forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen i sitt fagmilitære råd – Et forsvar i endring – å legga ned Sjøheimevernet. Rådet blei lagt fram i forkant av landmaktutgreiinga.

Dette vart starten på slutten for det marine heimevernet.

For å overlappa overvakinga i kystsona, ville forsvarssjefen etablera ein kombinasjon av satellittbaserte sensorar i tillegg til bemanna og ubemanna overvakingsfly – altså dronar. Det forklarar Forsvarsdepartementet i ein e-post til NRK om kva planen var den gong.

Det var tenkt å vera del av ei teknologisk satsing til over 90 milliarder fram til 2028.

I perioden 2021–2028 er det lagt til grunn en total investeringsramme på om lag 92 milliarder kroner, der følgende kapasiteter prioriteres: Nye etterretnings- og overvåkingssystemer, ny maritim mineklareringskapasitet, ubemannede luftsystemer og satellitt.

"Et forsvar i endring", oktober 2015

Men kva type dronar som kan overvaka kysten etter Sjøheimevernet blir historie, gjekk ikkje forsvarssjefen lenger inn på. Heller ikkje no vil Forsvaret gå inn på kva planene for dronane har vore.

Sjøheimevernet

HISTORIE: 15. november 2016 vedtok Stortinget at sjøheimevernet skal leggast ned, noko som betyr slutten for 2000 soldatar langs kysten. Forsvarssjefen anbefalte å erstatta nokon av oppgåvene til Sjøheimevernet med dronar.

Foto: Marte Brohaug/ Forsvaret

15. november 2016 kom nådestøyten. Då vedtok Stortinget langtidsplanen for forsvarssektoren. Her blei det klart at Sjøheimevernet skulle leggast ned, noko som betyr slutten for 2000 soldatar langs kysten.

Ni månader seinare vert Sjøheimevernet avvikla – men no er alle planar om dronar historie.

Den endelege Landmaktutgreiinga kjem i haust. Men NRK får allereie no stadfesta av Forsvarsdepartementet at overvaking med gigantiske dronar ikkje vert noko av.

I ei e-postutveksling skriv departementet at regjeringa ikkje har lagt opp til at dronar skal erstatta nokon av oppdraga som Sjøheimevernet hadde.

«Regjeringen valgte i stedet å anskaffe nye og moderne MPA (maritime patruljefly) av typen P-8 som erstatning for dagens P3 Orion.»

Dei seks maritime overvakingsflya P-3 Orion blir i dag drifta frå Andøya i Vesterålen av Forsvaret.

Forsvaret har aldri offentleg sagt noko om kva for ein teknologi som skulle erstatta heimevernet.

Men det har Ståle Ulriksen, forskar og lærar ved Sjøkrigsskulen, klare tankar om. Om heile norskekysten skulle blitt overvaka av dronar, måtte det blitt RQ-4 Global Hawk.

– Dei har ei lang rekkevidd, og kan halda seg i lufta i mange, mange timar.

Global Hawk er 14,5 meter langt, og har eit vengespenn på 39,8 meter. Den kan halde seg på 60 000 fot i meir enn 32 timar i strekk. Det ubemanna overvakingsflyet er mellom anna brukt av det amerikanske luftforsvaret til overvaking.

Global hawk

DYR: Global hawk har ei rekkevidd på 16,113 kilometer. Dronen er difor godt eigna til overvaking langs kysten, men er mykje dyrare enn å drifta Sjøheimevernet.

Foto: Eric Talmadge / AP

Har åtvara mot kostnadane lenge

Mange i Heimevernet har lenge hevda at dronar og teknologi blir mykje dyrare enn å drifta Sjøheimevernet, som kostar staten 80 millionar årleg. Det fortel sjef for Sjøheimevernets skole på Haakonsvern, Svein Jacobsen.

Svein Jacobsen i Sjøforsvaret

Svein Jacobsen, sjef for Sjøheimevernets skole på Haakonsvern.

Foto: NRK

Han er frustrert over at Landmaktutgreiinga først avslår drone-alternativet etter avgjerda om at Sjøheimevernet skal leggast ned.

– Det nyttar ikkje å koma opp med alternativ som ikkje er realistiske. Det er "hyggeleg" at departementet kjem etter det andre har sagt i lang tid, men dessverre etter Sjøheimevernet er nedlagt, seier Jacobsen.

– Sjøheimevernet kan aldri erstattast

Sjøheimevernet border og kontrollerer skipsfart langs kysten. I tillegg driv dei med kontrolldykking, og eskortering av andre maritime einingar.

Ulriksen ved Sjøkrigsskulen meiner at oppgåvene til Sjøheimevernet aldri kan erstattast fullt og heilt av dronar.

Ståle Ulriksen

Ståle Ulriksen, forskar og lærar ved Sjøkrigsskulen.

Foto: Nils Mehren / nrk

– Ei drone kan ikkje borda eit skip, og sjekka om skipet er OK eller ikkje. Og viss ein skal kjøpa inn dronar som kan bruka våpen, får ein mange andre problem. Det vil alltid vera lettare å vurdera om ein eventuelt skal bruka våpen når ein er på staden, samanlikna med å sitta på eit operasjonsrom langt borte.

Ulriksen meiner at vedtaket om at Sjøheimevernet skal erstattast av teknologi, berre er ei unnskyldning for å legga det ned.

– Ein ser i heile Forsvaret at ein trur ein kan erstatta folk med teknologi, men tar ikkje høgde for at teknologien vil kosta mykje pengar å kjøpa inn og å drifta.

Sjøheimevernet

– KAN IKKJE ERSTATTAST: Sjøheimevernet si innsatsgruppe skal kunna rykka ut langs heile kysten med over 300 ulike fartøy. Forskar Ståle Ulriksen meiner det er umogleg å erstatta Sjøheimevernet med teknologi.

Foto: Marius Kaniewski/HV/Forsvaret

Liv Signe Navarsete (Sp) er ei av dei som har reagert på det som har skjedd undervegs. Ho meiner vedtaket om å legga ned Sjøheimevernet er gjort på feil grunnlag.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete (Sp) meiner saka om nedlegging av Sjøheimevernet må takast opp på nytt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Kva har me igjen for å sikra for eksempel viktige installasjonar i olje- og gassektoren, og alle oppdrettsanlegga som ligg langs kysten? Me treng å ha beredskap langs kysten vår.

Navarsete meiner at saka må takast opp på nytt.

Eitt spørsmål – ingen svar

Forsvarsdepartementet ønsker ikkje å stilla til intervju med NRK om denne saka. Dei skriv i ein e-post at delar av det som i dag er Sjøheimevernet blir overført til Heimevernet.

Mellom anna gjeld det delar av innsatsstyrkene, opplyser statssekretær Øystein Bø (H).

Øystein Bø

SVARAR: NRK ville ha eit intervju med forsvarsminister Ine Eriksen Søreide, men fekk berre skriftlege svar frå statssekretær Øystein Bø.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Innsatsstyrkane skal kunna nyttast langt meir fleksibelt enn i dag, uttalar Bø.

– Dei kan nyttast over heile landet der behovet er størst. Dermed blir evna til rask respons for oppdrag av militær karakter og forsterking av områdestrukturen behalde.

NRK har fleire gongar forsøkt å få Forsvarsdepartementet til å svara på kvifor forsvarssjefen si anbefaling om teknologisk erstatning av Sjøheimevernet ikkje vil bli prioritert, men har ikkje fått eit konkret svar.

NRK har også gjennom forsvarssjefen sitt pressetalsapparat prøvd å få arbeidsgruppa til landmaktutgreiinga til å svara på spørsmålet, men pressetalsapparatet viser tilbake til departementet.

Forsvarsdepartementet viser deretter til regjeringa sin langtidsplan for forsvarssektoren – som kom ut i november 2016, der det òg blei klart at Sjøheimevernet skulle leggast ned. Departementet viser også til eigne nettsider om maritime patruljefly, der det står følgande:

«P-8A Poseidon kan dekke store havområder på kort tid og oppholde seg lenge i et operasjonsområde. Flyene har evne til å samle informasjon, detektere, identifisere, følge og om nødvendig ramme mål under vann.»

Men svaret på kvifor departementet prioriterte annleis enn det forsvarssjefen anbefalte, har NRK framleis ikkje fått svar på.

Nedprioritert i det stille

I langtidsplanen kommenterer forsvarssjefen at hans anbefalingar om dronar til å overvaka kysten ikkje er høyrt:

«Proposisjonen legger i mindre grad enn det jeg anbefalte opp til at Forsvaret skal utnytte de muligheter som åpner seg ved bruk av ubemannede farkoster kommentarer til regjeringens anbefaling om den videre utvikling av Forsvaret. Den teknologiske utviklingen på dette området er stor og fremtidsrettet, og teknologien er godt egnet for etterretning, overvåkning og rekognosering.»

I ein siste telefon til departementet om kvifor dei ikkje følgde forsvarssjefen si anbefaling om dronar, grunngir kommunikasjonsavdelinga valet med «økonomiske prioriteringar». Utover det ønsker dei ikkje å kommentera.

«Landmaktutgreiinga kommer i oktober, da skal departementet se på den. Vi kommenterer ikke utgreiingen før den kommer.»

Framleis er det mange spørsmål rundt erstatninga av Sjøheimevernet. Kanskje får me svar kvifor Forsvarsdepartementet ikkje ønsker å overvaka kysten med dronar når den fullstendige Landmaktutgreiinga kjem i oktober.

Sjøheimevernet sin innsatsstyrke

– KAN IKKJE ERSTATTAST: Sjøheimevernet si innsatsgruppe skal kunna rykka ut langs heile kysten med over 300 ulike fartøy. Forskar Ståle Ulriksen meiner det er umogleg å erstatta Sjøheimevernet med teknologi.

Foto: Marius Kaniewski/HV/Forsvaret