Hopp til innhold

Opna nytt anlegg til 300 millionar. No kan den gjeldstunge kommunen få kostnadssmell

ØYSTESE (NRK): Ein årelang millionstrid ligg bak Hardangerbadet. No risikerer kommunen ein meirkostnad på 8,5 millionar kroner.

Opning av Hardangerbadet

OPNING: 1500 møtte opp til kakefest då Hardangerbadet opna søndag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Med eit grasiøst stup opna Kvam-ordførar Torgeir Næss Hardangerbadet søndag. Fire år har gått sidan dei bestemte seg for å bygge anlegget i Øystese i Hordaland.

Kommunen har gått inn med 24,5 millionar kroner i tilskot til den nye storstua, ein betydeleg sum for hardangerkommunen.

Anlegget rommar både helsepark, badebasseng, hotell og visningssenter for lakseoppdrett og har ei kostnadsramme på 300 millionar kroner, der mykje er statleg tilskot gjennom spelemiddel og momskompensasjon.

Men no kan måten kommunen har tolka reglar for spelemiddel ende med eit mageplask for Næss og Kvam herad.

Ifølgje ordførar Næss meiner Kulturdepartementet at kommunen ikkje kan få spelepengar når ein kommersiell aktør driftar bassenget, fordi det vil vere konkurransevridande.

Desse spelepengane er på over 30 millionar kroner.

– Dette er utruleg leit, seier Næss.

Hardangerbadet

FJORD: Hardangerbadet ligg i vasskanten i Øystese i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan tape 8,5 millionar kroner

Onsdag reiser han og andre frå kommunen til departementet for å forhandle. Ei løysing er å få dispensasjon, ein annan å snu på drifta.

I dag eig dei to av bassenga, men leiger ut til det private selskapet Hardangerbadet AS, som driv anlegget.

Får ikkje kommunen dispensasjon frå staten, ønskjer dei at Hardangerbadet i staden for å betale husleige til kommunen som i dag, sjølv tar driftskostnaden. Då vil dei i så fall miste ein momsrefusjon, som er på 8,5 millionar kroner.

– Denne finanseringa har lagt der sidan dag éin, og no kjem det meir heilt på slutten. Det er ikkje bra, men det legg ikkje nokon stor dempar på gleda av å opne dette fantastiske anlegget. Det er ein bra dag uansett, seier ordførar Næss.

Hordaland Folkeblad har òg omtalt saka.

Opning av Hardangerbadet

STORSTUE: Hardangerbadet seier at dei må ha mellom 70.000 og 80.000 besøkande i året.

Foto: Tale Hauso / NRK

Lang strid

Hardangerbadet har vore ei omstridd sak i kommunen sidan 2015, då heradsstyret bestemte seg for å støtte prosjektet. I 2016 gjekk den største aksjonæren konkurs, og i 2017 måtte kommunen spytte i meir pengar enn dei hadde planlagt.

I mars i fjor blei prosjektet fullfinansiert då Trond Mohn gjekk inn med eit større pengebeløp. Dryge halvanna år seinare er bygget opna.

NRK har tidlegare omtalt at nokre av dei lokale har vald å opne sine eigne lommebøker for å støtte tilbodet. Taxisjåfør Hallgeir Torpe har forplikta seg til å betale 12.000 kroner i året i ti år dersom Hardangerbadet går med underskot.

For at det ikkje skal skje, må svært mange besøkande finne vegen til fjordkanten i Øystese.

– Vi treng vel mellom 70.000 og 80.000 besøkande i året, inkludert årskort og månadskort, seier dagleg leiar Martin Vik i Hardangerbadet AS.

På opninga søndag hadde kring 1500 personar møtt opp. Etter opninga søndag blir det prøvebading med lukka grupper den første veka, før badet vil opna for ålmenta 2. juledag.

Vik gler seg over korleis opninga gjekk føre seg.

– Dette var ein kjempedag. Vi er litt letta over å få opne det, seier han.

Hardangerbadet

NYTT: Første vanlege badedag er 2. juledag.

Foto: Tale Hauso / NRK