Hopp til innhold

Hallgeir satsar 120.000 av eiga lomme på nytt badeanlegg i heimbygda

ØYSTESE (NRK): I desember skal Hardangerbadet til 300 millionar kroner stå ferdig. Taxisjåfør Hallgeir Torpe har lova å betale 12.000 kroner i ti år dersom prosjektet går med underskot.

Hallgeir Torpe

OPNAR LOMMEBOKA: Taxisjåfør Hallgeir Torpe og mange andre kvemmingar må betale dersom det nye gigantanlegget i Øystese ikkje skulle bli ein suksess.

Foto: Tale Hauso / NRK

Rett ved Hardangerfjorden, på tomta til det gamle hotellet i Øystese, har eit splitter nytt og digert bygg reist seg.

Hardangerbadet har heilt sidan starten vore eit omdiskutert prosjekt, både økonomisk og innhaldsmessig. Kvemmingane har vore skeptiske, men òg begeistra.

I fjor blei prosjektet redda då milliardæren Trond Mohn gjekk inn med eit større beløp som sikra fullfinansiering. Også kommunen måtte spytte inn 4,5 millionar kroner meir enn planlagt.

Anlegget med ein prislapp på 300 millionar kroner rommar både helsepark, badebasseng, hotell og visningssenter for lakseoppdrett.

Gir av eiga lomme

For å støtte det nye tilbodet, har nokre av kvemmingane vald å opne sine eigne lommebøker.

Blant dei er taxisjåfør Hallgeir Torpe.

Om Hardangerbadet går med underskot, har han forplikta seg til å betale 12.000 kroner i året i ti år.

– Det er ei von om å få ny aktivitet, og at dette vert noko som både eg sjølv og mine ungar kan få glede av. At det vert det beste for heile bygda, seier Torpe.

Om du i verste fall må betale over 100.000 kroner, er det verdt det?

– Det blir jo surt viss ein må ut med pengane, men vi får tru at dette går seg til, seier Torpe.

Hardangerbadet i Øystese

NYTT BYGG: Det nye Hardangerbadet ligg sentralt plassert i Øystese like ved Hardangerfjorden.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ordførar i Kvam herad, Jostein Ljones (Sp), er imponert over dugnadsinnsatsen.

På fundamentet til tremeteren står han og tørrtrenar på teknikken før opninga om litt meir enn tre månader.

– Dette er den største investeringa vi har hatt i Hardanger på denne typen tilbod. Det har vore spennande om vi klarte å få på plass ei finansiering, seier Ljones.


Sikra avtale i siste liten

Prosjektet kunne nemleg enda med mageplask. Rådmannen åtvara og kvemmingane byrja å tvile.

Då den største aksjonæren gjekk konkurs i 2016, var det heilt i det blå om prosjektet ville bli noko av.

Ein avtale med Helse Bergen om å samla helsetenester i Hardangerbadet kom først på plass i august i år.

Det nye helsetilbodet, «Helse i Hardanger», skal vere eit spesialtilbod retta mot kronisk sjuke.

– Av og til må ein ta nokre sjansar. No er heile bygget utleigd, og me skapar den framtida som Kvam skal ha, seier Ljones.

Dei første badegjestene kan etter planen stupe i bassenget i Øystese når anlegget opnar i midten av desember.

Ordførar i Kvam, Jostein Ljones

PÅDRIVAR: Kvam-ordførar Jostein Ljones er nøgd med at Hardangerbadet no er utleigd og at finansieringa kom på plass til slutt.

Foto: Tale Hauso / NRK