NRK Meny
Normal

Fryktar mageplask for omstridd badeanlegg

Kommunen støtta Hardangerbadet med 20 millionar. Eitt år seinare anar ikkje ordføraren kvar prosjektet er på veg.

Hardangerbadet

VÅTE PLANAR: På denne tomta i Øystese skal Hardangerbadet etter planen byggjast. Hardangerbadet skal lokaliserast ved sjøen sentralt i Øystese og skal knytast saman med Hardangerfjord hotell.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I fjor vedtok Kvam herad å støtta bade- og helsesenteret Hardangerbadet i Øystese med 20 millionar kroner.

Eitt år seinare har eigedomsselskapet til Hardangerfjord hotell, den største aksjonæren i Hardangerbadet AS, gått konkurs. I mai vart hotellet selt til DnB.

Konkursen set det omstridde prosjektet i fare.

– Om eg skal tru eller håpa på realisering, det skal eg ikkje vera tydeleg på, seier ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).

Hardangerbadet-tomt

NÆR FJORDEN: På denne tomta i Øystese skal Hardangerbadet etter planen byggjast. Hardangerbadet skal lokaliserast ved sjøen sentralt i Øystese og skal knytast saman med Hardangerfjord hotell. Det er mellom anna planar om saltvassbasseng og rehabiliteringsområde i anlegget.

Foto: Vegard Berge / Hordaland Folkeblad

Bank overtok hotell

Det konkursråka eigedomsselskapet eig ein femtedel av aksjane i Hardangerbadet AS. DnB har teke mellombels over.

– Banken driv ikkje vanlegvis med hotellverksemd, så me ser ikkje for oss å vera ein langsiktig eigar, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Marit Elisabeth Giske.

Tidlegare eigar Per Ove Pedersen er framleis styremedlem i Hardangerbadet AS.

Han ynskjer ikkje å kommentera konkursen eller sala overfor NRK, utover at det vert jobba med ei løysing.

– Såg ikkje dette koma

Hardangerbadet har fått lovnader om eit titals millionar kroner i offentleg støtte. Lokalt næringsliv har gått tungt inn i prosjektet, og Trond Mohn har spytta inn ti millionar.

Men prosjektet er enno ikkje fullfinansiert.

Dagleg leiar i Hardangerbadet AS, Martin Vik, vedgår at konkursen er frustrerande.

– Me pressa på hotelleigar for å syta for at situasjonen var under kontroll, og så enda det med konkurs. Det er klart det er beklageleg, men konkursen går ikkje utover finansieringa til Hardangerbadet, understrekar han.

Martin Vik Hardangerbadet

FRUSTRERT: Martin Vik er dagleg leiar i Hardangerbadet AS. Det private selskapet jobbar framleis med å skaffa kapital til bade-, helse- og hotellanlegget ved Hardangerfjorden. At situasjonen til hotellet er uavklart hjelper ikkje saka hans.

Foto: Sigbjørn Linga / Hordaland Folkeblad

Hadde dårleg tid

Den kommunale løyvinga kom i eit ekstraordinært heradsstyremøte fordi ein raskt ville koma i gang med bygging.

No har det heile stoppa opp.

Var det feil å vedta kommunal støtte i fjor?

– Nei. Det var heilt nødvendig at kommunen viste tydeleg interesse. Me hadde ikkje oversikt over hotellet sin situasjon i fjor, men prosjektet er like bra og vedtaket står seg, seier Vik.

Millionar manglar

Både i det private og kommunale selskapet er det enno hol i rekneskapen.

I den kommunale delen manglar elleve millionar. Vik håpar å få inn meir i nye søknader til fylket og gjennom samarbeid med andre kommunar.

– Situasjonen gjer at ting stoppar opp. Me er i møte med bankar, men no går det sakte av di alt heng saman.

Jostein Ljones

BEKLAGELEG: Senterparti-ordførar Jostein Ljones kallar situasjonen for Hardangerbadet beklageleg.

Foto: Roy Bjorge

– Beklageleg

Ordføraren kallar situasjonen beklageleg, og stiller seg tvilande til at prosjektet vil få ytterlegare offentleg støtte utan sterke private investorar.

– Me håpar det kjem inn ein eigar med vilje, kapital og evne til å følgja dei pliktene me vedtok for kommunal deltaking.

Rådmannen Arild McClellan Steine stilte kritiske spørsmål ved dei økonomiske rammene då han vurderte prosjektet i fjor. Han meiner kommunen må revurdera si deltaking om ikkje prosjektet kjem på rett kjøl.

– Ein må vera optimist fram til noko anna er bevist, seier Steine.

Vik er optimist. Han trur Hardangerbadet vil verta ein realitet.

– Elles hadde me ikkje jobba vidare.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.