Hopp til innhold

Nyttårsbrannen på Voss: Ordføraren vil ha forbod mot fyrverkeri i hyttefelt

88 menneske blei evakuerte då leilegheitsbygget på skidestinasjonen sto i full fyr. No vil ordføraren ha totalforbod mot fyrverkeri i slike hytteområde.

Brann i Bavallen på Voss

ETTERSLØKKING: Brannvesenet måtte tidleg gi tapt mot flammane, som til slutt gjorde fleire leilegheiter totalskadde.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Natt til første nyttårsdag brann det kraftig i eit leilegheitsbygg som høyrer til Voss Resort. 88 menneske blei evakuerte og 25 sende til legevakt for sjekk.

Politiet mistenker at fyrverkeri eller naudbluss kan ha starta brannen.

Fleire stader i landet er det innført lokale forbod mot bruk av fyrverkeri i privat regi på nyttårsaftan. Og etter storbrannen kan det same skje i Voss kommune.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) seier til NRK at han no tar initiativ til å vurdere eit totalforbod mot fyrverkeri i dei tettast bygde hyttefelta i kommunen.

– I utgangspunktet er eg positiv til eit slikt tiltak. Eg vil be om ei fagleg vurdering frå Voss brannvern, seier Ringkjøb.

Brannvesenet jobbar på spreng med å sløkka brann i Bavallen på Voss

TORVTAK: Dei første meldingane brannvesenet fekk gjekk på at brannen hadde starta på taket til ein av hytteleilegheitene.

Foto: Arne Hofseth

Brannsjefen vil ha nasjonal debatt

Voss er Hordalands største hyttekommune, og har befesta den posisjonen med ei eksplosiv nybygging dei seinare åra. Ringkjøb påpeiker at spreiingsfaren aukar når hyttene ligg tettare.

– Det er naturleg å stille spørsmål om vi heller skal ha felles rakettoppskyting på nyttårsaftan på trygge stader i kommunen, seier Ringkjøb.

Men brannsjefen på Voss sitt råd kjem truleg til å vere at eit forbod knytt direkte til hyttefelta i kommunen ikkje er vegen å gå.

– Det er ikkje eit generelt problem at fyrverkeri set fyr på hytter, då må vi sjå på bustadfelt òg. Eg er einig i at ein burde ha ein fyrverkeridiskusjon, men meiner den burde vore om totalforbod på landsbasis, grunna alle skadane fyrverkeri fører med seg, seier David Skjerven.

Får støtte av Bergen-brannsjef

Erik Sletten (Sp), ordførar i Trysil, Noregs nest største hyttekommune, er som Skjerven skeptisk til fyrverkeriforbod knytt til hytteområde.

– Det er stor risiko også alle andre stader det er busetnad, så om ein skal ha ein debatt om fyrverkeri bør ein ikkje avgrense den til berre hytteområde, meiner Sletten.

Men Ringkjøb får støtte av brannsjefen i Bergen, der det er totalforbod mot privat fyrverkeri i sentrum.

– Mange stader ligg hyttene tett, og det er veldig mykje torvtak. I kombinasjon med vind, blir det ei veldig vanskeleg oppgåve for brannvesenet, som ofte er langt vekke frå desse områda, seier Leif Linde.

Brann i Bavallen på Voss

TOTALSKADD: Slik såg det ut på branntomta første nyttårsdag. Politiet trur sterk vind gjorde at brannen spreidde seg raskt i hytterekkja.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Nei til totalforbod

Fleire andre brannsjefar har tidlegare tatt til orde for totalforbod, slik Skjerven på Voss er inne på.

Men dette er det ikkje aktuelt for Justis- og beredskapsdepartementet å greie ut no.

– Nei, vi vurderer ikkje eit totalforbod, seier statsråd Tor Mikkel Wara (Frp) til NRK.

– Det kommunale brann- og redningsvesenet har høve til å innføre forbod der dei meiner det er naudsynt ut frå lokale risiko- og sårbarheitsvurderingar, påpeiker han.