Hopp til innhold

Her budde 29 menneske. Politiet leitar etter brannårsaka

Politiet stussar over kvifor brannen i leilegheitsbygget på Voss spreidde seg så fort. – Dei er lovleg bygde, seier eigaren.

Brann i Bavallen på Voss

UTBRENT: Brannen spreidde seg til alle dei seks leilegheitene i bygget. Politiet etterforskar no kva som er årsaka til brannen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

88 menneske blei evakuerte og 25 sende til legevakt for sjekk då ferieleilegheitene i Bavallen på Voss brann ned natt til første nyttårsdag. Dei fyrste meldingane gjekk på at det brann utvendig i taket på leilegheitsbygget. Då brannvesenet kom til staden, var fleire av leilegheitene fullstendig overtente.

Politiet skal no undersøke kva som var årsaka til brannen og kvifor den spreidde seg så raskt.

– Det var mykje vind, og det var ein faktor, seier politioverbetjent Håvard Skattum ved Voss lensmannskontor.

Etter å ha snakka med fleire vitne, har politiet allereie snevra inn arnestaden for brannen til eit mindre område. Ein av teoriane er at nyttårsrakettar kan ha sett fyr på taket.

– Vi vil også etterforske korleis leilegheitsbygget var bygd, og vi vil be om teikningar frå eigar og byggherre, seier Skattum.

TOTALSKADD: Med dagslyset første nyttårsdag kom dei enorme skadane på leilegheitsbygget til syne.

Var bygd etter forskrifta

Det er Voss Resort som eig leilegheitene i Bavallen.

Leilegheitene blei bygde i 2015. Administrerande direktør Øyvind Wæhle seier dei var bygde etter forskrifta.

Adminstrerende direktør Øyvind Wæhle

STORE VERDIAR: Administrerande direktør ved Voss Resort, Øyvind Wæhle, mista eit av leilegheitsbygga natt til 1. januar.

Foto: Voss Resort

– Ja, eg kan stadfeste at dei er bygde i samsvar med forskriftene, og då er det brannveggar. Det er relativt nye bygg.

Dei ventar no på at brannvesenet og politiet skal bli ferdige med arbeidet på tomta, slik at dei kan få ei vurdering frå forsikringsselskapet.

Ifølgje Bergens Tidende kan verdiar for over 30 millionar ha gått tapt. I fyrste omgang vil Voss Resort merke tapet av leigeinntektene resten av vinteren, opplyser Wæhle.

Får hjelp til det praktiske

Saman med brannvesen, politi og ein representant frå den nederlandske ambassaden har Voss Resort i dag hatt eit informasjonsmøte for dei som blei råka av brannen.

Totalt budde 29 menneske i leilegheitene nyttårshelga. Familiane var frå England og Nederland.

Wæhle seier dei har fått hjelp til praktiske ting, som kjøp av klede og hjelp til å skaffe nytt pass.

– Vi opna nokre butikkar på Voss i går slik at dei fekk handla seg klede. Stemninga er etter forholda god, og dei seier dei er nøgde med hjelpa dei har fått i etterkant, seier Wæhle.

Brann i Bavallen på Voss

LITE IGJEN: Brannvesenet jobba måndag føremiddag med ettersløkking på staden. Fire av dei seks leilegheitene i bygget brann heilt ned.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK