Hopp til innhold

Leilegheitsbygg på Voss totalskadd i brann: 25 personar frakta til legesjekk

– Det var forferdeleg dramatisk. Gneisteregnet stod rundt oss og me måtte springa rundt for å vekkja naboane, fortel ein av 88 evakuerte.

Brann i Bavallen på Voss

TOTALSKADD: Med dagslyset kom dei enorme skadane på leilegheitsbygget til syne. Brannmannskapa var sjanselause i kampen mot at flammane skulle spreia seg til fleire av leilegheitene i bygget.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Folk i Bavallen på Voss fekk ein skremmande start på det nye året. Fire timar inn i 2019 fekk brannvesenet melding om brann i eit bygg med seks leilegheiter.

Dag Gunnar Dahle låg og sov i eit av nabobygga då folk dundra på døra.

– Då var det full fyr i rekkja med leilegheiter bak oss. Gneisteregnet stod rundt oss og me måtte vekkja dei andre naboane.

– Det var forferdeleg dramatisk, for me var ikkje sikre på at alle hadde komme seg ut.

Dahle fortel om ei roleg nyttårsfeiring i Bavallen, men trur ein rakett kan ha hamna under takskjegget på huset som brann.

Dag Gunnar Dahle

GNEISTEREGN: – Vi var redd for at ikkje alle hadde komme seg ut, seier Dag Gunnar Dahle som vart evakuert frå leilegheita i Bavallen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

ETTERSLØKKING: Etter at brannen var meldt sløkt klokka 9.18 tysdag morgon, har brannvesenet drive med ettersløkking på brannstaden.

Elden spreidde seg fort

Det har vore mykje folk i det populære utfartsområdet i samband med jule- og nyttårsfeiringa. Like etter klokka fire i natt kom den første meldinga om brannen.

– Den første meldinga handla om at det brann utvendig i taket på leilegheitsbygget. Då brannvesenet kom til staden var tre av leilegheitene fullstendig overtente, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland.

Sterk vind gjorde sløkkjearbeidet vanskeleg.

– Elden utvikla seg fort. På få minutt spreidde brannen seg til naboleilegheita. Totalt vart 88 evakuerte frå området, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NRK.

Styrkar frå nabokommunane Granvin og Vaksdal vart kalla inn for å hjelpa i arbeidet med å få kontroll på brannen.

Brann i Bavallen på Voss

TOTALSKADD: Kraftig vind gjorde sløkkinga vanskeleg for brannvesenet. Dermed spreidde brannen seg til store delar av bygget med seks leilegheiter. Fire av leilegheitene vart totalskadde i brannen.

Foto: Arne Hofseth
Brann i Bavallen på Voss

RESTANE: Veggane på dei to siste leilegheitene i rekka står framleis. Brannvesenet frykta likevel tysdag morgpn at også desse leilegheitene er øydelagte etter brannen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Brannen under kontroll

– Det var ikkje mogeleg å hindra at brannen spreidde seg vidare til alle dei seks leilegheitene i bygget. Fire av leilegheitene er no totalt utbrende, seier vaktkommandøren.

Veggane på dei to siste leilegheitene i rekka står framleis, men brannvesenet fryktar at også desse leilegheitene er øydelagde etter brannen.

Klokka 8.18 melde brannvesenet om at brannen delvis var under kontroll.

Problem med vasstrykket gjorde at det framleis var mykje røyk i området, men ifølgje brannvesenet skal dette ikkje ha hatt store konsekvensar for mannskapa.

Ein time seinare vart brannen meldt sløkt.

Utbrente biler etter brann i Bavallen på Voss

BERRE SKALET ATT: Bilane som står parkert ved sida av leilegheitsbygget viser tydeleg dei massive kreftene til flammane natt til første nyttårsdag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK
Brannvesenet jobbar på spreng med å sløkka brann i Bavallen på Voss

TØFF KAMP: Brannmannskapa greidde ikkje å hindra at fleire av leilegheitene i bygget vart totalskadde i brannen.

Foto: Arne Hofseth

– Kaotisk

Dei evakuerte NRK møtte på Fleicher`s hotell tysdag morgon fortalde om ein dramatisk start på dagen

– Eg vart vekt av at nokon banka på vindauga. Eg kasta på meg kleda og fekk med meg kona og bikkja, og me kom oss ut, fortel Terje Andersen til NRK.

Andersen fortel at det var fleire barnefamiliar blant dei evakuerte, mellom anna ein familie frå Nederland som vart frakta til sjukehus.

– Det verka rett og slett som det var ganske kaotisk, seier Andresen.

Terje Andersen vart evakuert etter brannen i Bavallen natt til første nyttårsdag

VAKNA DÅ DET BRANN: Terje Andersen frå Trondheim var på Voss for å feira det nye året. Han opplevde situasjonen som kaotisk då han vart vekt like før klokka halv fem tysdag morgon.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Mange til sjukehus

25 personar er frakta til legevakta på Voss.

– Det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader, men mange har pusta inn røyk, og får hjelp på sjukehuset no, seier Drotningsvik.

I tillegg til dei som var i bygget, vart folk i omkringliggande leilegheitsbygg evakuerte. Ein av brannmannskapa fekk helsehjelp på staden.

– Det er ikkje fare lenger for at brannen spreier seg til andre bygg, men det er fare for at skorsteinane i det utbrende bygget kan rasa, derfor er vil det ta tid før folk i dei andre bygga får komma tilbake.

Dei over 88 evakuerte er frakta til Fleicher's hotell i Voss sentrum, der dei vil få frukost og naudsynt hjelp. Ytterlegare 14 til 15 leilegheiter nedanfor bygget der det brann vart òg evakuerte.

Kommunen sitt kriseteam er på staden og delar ut klede og materiell til dei som treng det.

Startar etterforsking

Politiet kan førebels ikkje seia noko om kva som har vore årsaka til brannen.

– Me startar no etterforskinga, og må komma tilbake til kva som var årsaka til brannen, seier operasjonsleiaren.