NRK Meny
Normal

Nytt kart avslører kvar plasten skyl i land

Havforskarar har laga kart som viser kvar straumane i havet fraktar plast og søppel inn mot norskekysten. Plastryddarar jublar.

Store mengder plast og avfall langs kysten

NY OVERSIKT: Forskarar har studert havstraumar og har laga eit kart over kor søppelet skyl i land.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Det er Havforskingsinstituttet som har laga eit oversiktskart for sokalla «hot spots» langs kysten. Dette er dei stadene langs kysten der det er mest sannsynleg at plasten og anna søppel i havet driv inn på strendene.

Kartet er nybrottsarbeid og har er teikna opp etter at forskarane har studert havstraumane langs kysten. I første omgang har forskarane laga kartet for Hordaland.

– Dei raude flekkane syner strender der det er størst sannsyn for å finna store mengder avfall, medan dei gule flekkane indikerer at det også her er søppel å finna, forklarar seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik.

Kartet syner med gule og røde felt kor det er størst sjanse for plasten og havsøppelet å treffe land.

Søppelkart over Hordaland

NYTT KART: Det er særleg Sotra og Bømlo som er område der det er sannsynleg at store mengder plast og anna søppel kjem skyljande inn med havstraumane.

Foto: Havforskingsinstituttet

Plastryddarane jublar

Kenneth Bruvik i Norges Jeger- og fiskeriforbund er ein av mange som det siste halve året har gjort ein veldig innsats for å rydde i den vestlandske skjergarden.

Etter funnet av gåsenebbkvalen med magen full i plast, har engasjementet rundt saka vore enorm. Bruvik jublar over at dei no har fått eit forskingsbasert kart i hendene.

– No kan vi faktisk lage den store ryddeplanen for å gjere heile kysten rein, seier Bruvik takknemleg.

– Eg blir veldig glad. Kunnskap om kor plasten kjem inn og kor me skal sette inn støyten på ryddinga, er ufatteleg viktig.

Kenneth Bruvik
Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Kan enkelt lage kart for heile kysten

Det nye kartet er laga på oppfordring frå Bergen og omland friluftsråd, men Havforskingsinstituttet håpar oversikta blir viktig for alle som vil ha plast vekk frå strendene.

Førebels er det berre laga kart for Hordaland og Skagerak, men det er ingen problem å utvida kartet.

– Dette blir eit godt hjelpemiddel for kor ein skal sette inn innsatsen. Og vi kan kartlegge heile norskekysten på denne måten, seier Grøsvik.

Det står att likevel å sjå kor presist kartet stemmer overeins med verkelegheita. Forskarane ber om hjelp frå publikum til å evaluera kartet.

– Vi har ikkje vore ute å sjekka at alt stemmer, så vi blir takknemlege for tilbakemeldingar på om kartet er ei god rettesnor eller ikkje.

Bjørn Einar Grøsvik, seniorforskar

BER OM TILBAKEMELDINGAR: Seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik håpar kartet dei har laga blir ei god rettesnor for strandryddeaksjonar framover.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2