NRK Meny
Normal

Nordmenn meir redd for flaum og uvêr

Ekstremvêret dei siste åra har ført til at to av tre nordmenn har større frykt for naturskadar. Fleire veljarar set no klimasaka øvst. – Eg trur vi ser ei endring som følgje av det folk observerer, seier Jonas Gahr Støre.

Vannskader i kulturhuset på Voss.

UROA: Flaumen i Odda i fjor haust førte til store materielle skadar. Meir ekstremt vær kan ha gjort folk uroa for klimaendringane, ifølgje TNS Gallup.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Vi registrerer ei markant auke, seier kommunikasjonssjef Eva Fosby Livgard i TNS Gallup.

Jonas Gahr Støre

KONSEKVENSAR: Auka merksemd rundt klimaendringane i befolkninga bør få politiske konsekvensar, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I befolkninga generelt har forandringane i klimaet hoppa opp på andre plass på lista over utfordringar, ifølgje Klimabarometeret til TNS Gallup.

Nordmenn si frykt og engasjement for klimaendringar aukar sterkt.

To av tre nordmenn fryktar no meir flaum, ras og uvêr som følgje av klimaendringar i åra framover. Frykta har blitt tredobla berre dei to siste åra.

– Nordmenn er blitt meir fokusert på klimaendringar, seier Livgard.

Meir fokus på klimaendringar

Nordmenn meiner no klimaendringar er den nest største utfordringa Noreg står overfor, og er difor blitt den viktigaste politiske saka for kvar tredje nordmann.

– Det eg trur vi ser, er ei endring som følgje av det folk observerer. Meteorologisk institutt har varsla ni ekstremvær dei siste åra, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

Dei siste fem åra har nordmenn vurdert klima som den sjette viktigaste utfordringa, men i år blir berre innvandring og integrering oppfatta som meir utfordrande enn klima.

– Nordmenn er blitt meir utolmodige i forhold til klimapolitikk og dei forventar meir av politikarane. Folk forventar at regjeringa, politikarane og kommunane gjer ein aktiv innsats for å avgrense utsleppa og klimagassane, seier Livgard.

Set klimasaka øvst

Veljarane til både SV, Ap, KrF, Venstre og Dei Grøne set klimasaka øvst. Også Sp- og Høgre-veljarane er blitt markert meir opptatt av klimasaka. FrP-veljarane er dei einaste som er blitt mindre opptatt av klima dette året enn i fjor.

– Folk har forventningar til styresmaktene. Politikarane bør tolke dette som at folk viser vilje til å ta omstillingane som vert kravd, seier Støre.

Ap-leiaren meiner større merksemd rundt klimaendringane i befolkninga bør få politiske konsekvensar.

– Denne typen haldningar har betydning for all politikk, seier Støre, som forventar større kutt i klimautslippa frå norsk industri.

Bør vere meir førebudd

Folk seier dei merkar i mykje større grad klimaendringane i sitt eige nærmiljø no, enn for to år sidan. Delen nordmenn som opplever eit nytt klima lokalt har blitt tredobla, til over 30 prosent, berre sidan 2013.

– Fleire meiner at vi bør vere meir førebudd på ekstreme naturhendingar i åra framover. Folk merker seg at det regnar meir, er endringar i årstidene og høgare temperaturar, seier Livgard.

Sør- og vestlendingar seier dei ser meir regn og vind, i Oslogryta ser dei meir varme og skybrot, medan resten av austlendingane ser mindre snø og meir flaum.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik