Auka fare for radioaktivt utslepp: – Du bør ha «atom-tablettar» heime

FANA, BERGEN (NRK): Frå 1. november kan du kjøpa jodtablettar reseptfritt på apoteket. No ber Statens strålevern folk om å vera føre var og fylla medisinskåpa.

Fra 1. november 2018 vil jodtabletter kunne kjøpes reseptfritt i norske apotek

«ATOMTABLETTAR»: Frå 1. november bør vaksne under 40 ha ein slik pakke i medisinskapet, seier Statens strålevern og DSB.

Foto: Apotekforeningen

Artikkelen er oppdatert for å presisere at tilrådinga frå Statens strålevern gjeld alle vaksne under 40 år.

Spenningane i verda aukar: USA vil rusta opp atomvåpena sine og seier opp nedrustingsavtalen med Russland. Nabolanda våre produserer framleis straum i gamle atomkraftverk, atomdrivne fartøy siglar langs norskekysten og frykta for terrorangrep er større enn tidlegare.

– Faren for at eit radioaktivt utslepp som inneheld jod kan koma innover Noreg har auka, seier beredskapssjef Astrid Liland i Statens strålevern.

Atomkraftverk på Kola

GAMAL KJERNEKRAFT I NABOLAGET: Kola kjernekraftverk i Russland er 45 år. Det skulle eigentleg vore stengt ned i 2003, men fekk forlengd driftskonsesjonen. Den «nye» driftskonsesjonen for reaktor 1 går ut i år.

Foto: Scanpix

– Alle vaksne under 40

Snart får du kjøpt «atomtablettane» reseptfritt på apoteket. Det vil Statens strålevern at alle vaksne under 40 år gjer, som eit vernetiltak om det verste skulle skje.

– Dersom det kjem ei radioaktiv sky innover landet kan folk få råd om å halda seg innandørs. Då er det best å ha tablettane der du er, seier ho.

Utslepp av radioaktiv jod er vanleg når det skjer uhell i ein kjernereaktor. Dersom du pustar inn dette, kan du få kreft i skjoldbruskkjertelen.

– Jodtabletten mettar skjoldbruskkjertelen med stabilt, naturleg jod, slik at kjertelen ikkje tek opp radioaktivt jod. Men du må ta tablettane rett før du kjem til å pusta inn det radioaktive stoffet. Elles verkar han ikkje, seier Liland.

Det er spesielt born, unge, gravide og kvinner som ammar som har størst risiko for å få slik kreft på grunn av radioaktiv ureining.

Astrid Liland, Statens strålevern

AUKA FARE FOR RADIOAKTIVE UTSLEPP: Dersom det kjem radioaktiv ureining inn over landet, er det greitt å ha jodtablettar for handa, seier Astrid Liland, beredskapssjef i Statens strålevern.

Foto: Statens strålevern

Eigenberedskap – ei rimeleg forsikring

19. oktober la Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fram ei oppdatert beredskapsliste over kva du må ha i skåpet når krisa kjem.

Målet med lista er at folk skal kunna klara seg i tre døger utan straum og vatn, om ei krise oppstår. På den lista står mellom anna vatn, mat, medisinar – og jodtablettar.

– I dag lever folk som om alt skal fungera alltid, og ventar at andre ordnar opp når ting ikkje fungerer.

Lars Atle Skorpen er dagleg leiar i Hordaland Røde Kors. Han er uroa over eigenberedskapen i Noreg.

Lars Atle Skorpen i lokala til Hordaland Røde kors på Midtun i Bergen

BILLEG FORSIKRING: Lars Atle Skorpen i Hordaland Røde Kors meiner at ein pakke med jodtablettar i skapet kan samanliknast med å setja opp ein røykvarslar.

Foto: Mats Arnesen / NRK

– Hadde eg spurd familien min for tretti år sidan om kor lenge dei ville har greidd seg dersom alt fall saman, så ville dei ha svara «eit halvt år». Spør eg om det same i dag, så ser dei på klokka, seier han.

Som å ha eit brannsløkkingsapparat

Røde Kors er verdas største humanitære rørsle, og veit kva ei krise vil seia. Difor meiner han at me må førebu oss på det verste, og mellom anna kjøpa jodtablettar.

– Det er som å ha eit pulverapparat for å sløkkja ein brann, eller ein røykvarslar slik at du vaknar dersom det byrjar å brenna om natta, seier han.