Hopp til innhold

No blir det elbil-betaling på dei største ferjene på Vestlandet

Fjord1 og Norled innfører elbil-takst på ei rekke ferjesamband på E39.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

MÅ BETALE: Halhjem-Sandvikvåg er ei av ferjestrekningane der det vert innført elbil-takst denne veka.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Frå 1. mars innfører Fjord1 og Norled halv takst for elbilar på ei rekke ferjer på Vestlandet.

Takstendringane gjeld på følgande samband:

  • E39 Halhjem-Sandvikvåg (Hordaland)
  • Alle Fjord 1-samband i Sogn og Fjordane og E39 Oppedal-Lavik (Norled)
  • E39 Arsvågen-Mortavika (Rogaland)
  • Molde-Vestnes, Festøya-Solavågen, Halsa-Kanestraumen, Volda-Folkestad (Møre og Romsdal)

Med det må elbilar no betale på fleire av dei største sambanda på hovudvegen E39 langs Vestlandet.

Saka var i dag først omtalt av Stord24.

Nye elbil-reglar frå 1. mars

Endringane skjer etter at det nyleg kom på plass heilt nye reglar for ferjetakstar (ekstern lenke).

Tidlegare har elbileigarar måtte betale for sjåføren, men ikkje for elbilen på ferjene. Med dei nye reglane må elbilane betale halv pris av ordinær køyretøypris.

Reglane er gjeldande frå 1. mars, og gjer at elbilar må betale for ferjene på riks- og europavegane.

– No får vi eit generelt system som er enklare for forbrukarane å ta omsyn til, med minimum 50 prosent rabatt på totalprisen. Tidlegare har prisane vore ulike på ulike typar ferjer, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbil-forening.

Fjord1 og Norled er blant dei første som no tek betalt for ladbare bilar på det statlege vegnettet.

Trur fleire vil velje elbil

Stortinget vedtok i fjor at nullutsleppsbilar ikkje skal betale meir enn 50 prosent av det konvensjonelle bilar når det gjeld bompengar, ferje og parkering.

Norsk elbil-forening trur endringane vil få fleire til å velje elbil.

– Dette er ein tydeleg rabatt. For dei som pendlar og bruker ferje regelmessig bør det vere lønnsamt å velje elbil. Då er det viktig at vi har insentiv som får folk til å bruke elbil, seier Bu.

Christina Bu

NØGD: Christina Bu i Norsk elbil-forening meiner rabatten på 50 prosent er viktig og vil få fleire til å velje elbil.

Foto: Aksel Jermstad/Norsk elbilforening

Tidlegare har fleire fylke innført betaling på ferjene på fylkesvegane. Mellom anna er det no over to år sidan Hordaland fylkeskommune fjerna betalingsfritaket for elbilar på ferjene i fylket. Ferjefylket Møre og Romsdal innførte det same i 2017.

No er det same altså på plass på riks- og europavegane.