NRK Meny
Normal

Vil ha like ferjevilkår for elbilane i heile landet

No skal alle med elbil betale vanleg takst på fylkesferjene i Møre og Romsdal, men på riksferjene er det halv pris. – Vilkåra bør vere like over alt, meiner Helge Orten (H).

Ferje Sulesund-Hareid

På ferja mellom Sulesund og Hareid må elbileigarane betale full pris.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Helge Orten

Helge Orten tar til orde for ein felles nasjonal standard på ferjetakstar for elbilar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Frå 1. mars må elbileigarar betale full pris på alle fylkesferjer i Møre og Romsdal. Stortinget har vedteke at på riksferjer skal elbileigarar betale maks halv pris.

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) meiner at det ikkje bør vere ein takst for fylkesferje og ein annan for riksferjer.

– Bilistane ser ikkje forskjell på om ferjetenesta er bestilt av fylkeskommunen eller staten. Det bør vere føreseieleg, seier Orten.

Vil ha nasjonal standard

Samferdselsdepartementet jobbar for å setje i verk vedtaket Stortinget har gjort om halv pris på riksferjene. Grunnen til at det er full pris på fylkesferjene, er at det er Fylkeskommunen som sjølv bestemmer takstane dei har ansvar for.

– Eg vil ta opp med departementet at vi får ein felles nasjonal standard, seier Orten, som sit i samferdselskomiteen på Stortinget.

LES OGSÅ:

Løftebrot

På ferja mellom Sulesund og Hareid må bilistane betale full pris frå onsdag. Stine Andersen er ikkje glad for det vedtaket.

– Det er kjempekjedeleg. Eg studerer i Volda og pendlar kvar dag, seier elbileigaren. Ho meiner det er urettferdig at det er forskjell på om ferjesambanda er på fylkesvegar eller riksvegar.

Johan Skår køyrer dieselbil, men forstår frustrasjonen til elbileigarane.

– Dei var jo lokka med at det skulle vere gratis og vere ein del fordelar med å kjøpe elbil. Det er eit lite løftebrot ovanfor dei som har investert i elbil, meiner Skår.

Tar opp like mykje plass

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Arild Fuglseth er samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han meiner ferjetilbodet vert betre med auka takstar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

I 2016 frakta Fjord1 nesten 80.000 elbilar i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen meiner at ferjetilbodet kan bli betre ved å auke takstane. Dei tapar nemleg inntekter på elbilane.

– Folk flest ynskjer eit godt ferjetilbod med fleire avgangar og utvida opningstid. Difor er det viktig å sikre inntektssida, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

På strekninga Solavågen-Festøy er det riksvegsamband. Her slepp elbileigarane å betale for bilen, men må betale for sjåføren. Matros Tone Lillebø i Fjord1, meiner at vilkåra burde ha vore like.

– Eg meiner at elbilane burde ha betalt på alle ferjer. Dei tar opp like mykje plass som alle andre bilar, seier Lillebø.