Hopp til innhold

Nær 3000 ramma av helikopterstans: – Kan koste mange titals millionar

For fjerde dag på rad er ei rekke helikopteravgangar til og frå Nordsjøen innstilt. – Har ikkje vore med på maken i løpet av mine 33 år i bransjen, seier oljearbeidar.

Helikopterforsinkelser på Flesland

LANG VENTETID: Mange oljearbeidarar har venta i fleire dagar på å kome seg på arbeid. Problema har vart i fire dagar. Her frå Flesland fredag føremiddag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Fare for lyn og tore, såkalla statisk aktivitet, kombinert med høge bølger gjer at ein risikerer materielle skadar på helikoptera dersom ein flyg, seier pressetalsmann Morten Eek i Statoil.

Fredag ettermiddag er 29 helikopteravgangar frå Bergen lufthavn kansellerte, viser heliport.no (ekstern lenke) si oversikt. Frå Stavanger er 22 avgangar kansellerte, medan to avgangar frå Florø er kansellerte og to framleis er uavklarte.

– Om lag 1300 passasjerar ventar på å kome frå land og ut til plattformene, medan like mange ventar på å kome heim att, seier Eek.

I tillegg er fleire av Aker sine tilsette ramma av helikopterstansen.

– Kan bli dyrt

– Vêrutfordringar er ikkje uvanleg i Nordsjøen i vinterhalvåret. For oss er det viktigaste at vi varetek sikkerheita til passasjerane. Når vêret ikkje tillèt det, vil vi ikkje fly, seier Eek.

Han beklagar situasjonen for dei involverte.

Helikopter på bakken

KANSELLERTE: Ei rekke helikopter som etter planen skulle gått til Nordsjøen fredag, vart ståande på bakken. Her frå Sola i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Oljearbeidarane som sit vêrfast har kompensasjonsordningar som gjer at dei får betalt for ventetida.

– Det vil fort bli ein del kostnadar relatert til dette. Dei som sit og ventar både på land og offshore skal kompenserast. I tillegg kjem det kostnader relatert til helikopterberedskap, seier oljeanalytikar Tore Guldbrandøy i Rystad Energy.

Kor mykje vil du anslå at det kostar Statoil å ha 2600 tilsette på vent?

– Det vert fort nokre titals millionar over nokre dagar. Men dette er ikkje eit stort tal for Statoil. Dei kjem først viss ein går glipp av produksjon, må stenge ned plattformer eller riggar må vente over lengre tid. Til dømes viss personell som skal utføre spesielle oppgåver ikkje kjem seg av garde, seier Guldbrandøy.

– Aldri vore med på liknande

Statoil vil ikkje kommentere kostnadane knytt til forseinkingane.

– Meirkostnader knytt til uventa vêrforhold er noko vi må ta. Vi følgjer reguleringa og avtaleverket. Dette er kjedeleg for dei som blir råka, men slik eg oppfattar det er alle partar glade for at vi gjer desse vurderingane, og set sikkerheita først, seier Eek.

– Ventinga i seg sjølv er det verste, seier nordsjøarbeidar Jostein Grotle.

Fredag er det tre dagar sidan han eigentleg skulle vore på veg til jobb på Oseberg C.

Jostein Grotle

VENTA I FLEIRE DAGAR: Jostein Grotle er ein av dei som har venta på helikopter til Nordsjøen sidan tysdag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Vi har gått fram og tilbake frå hotellet. Slik vêrforholda er no vert det mykje venting. Dette er første gang i løpet av mine 33 år i Nordsjøen at eg har vore med på noko slikt, seier Grotle.

Eek håpar vêret etter kvart vil tillate flygingar, men seier dei då har eit stort etterslep å ta inn att.

– Vi jobbar no med å setje opp eit alternativt flyprogram for å hente igjen dette i dei komande dagane, seier Eek.