Losforbundet ber politiet umiddelbart om å trekkja losen sin mistenktstatus

Norsk Losforbund meiner rapporten til Havarikommisjonen frikjenner losen på oljetankaren for all skuld. Formannen reagerer på at kapteinen på tankskipet først no er mistenkt. – Han er kaptein, han er ansvarleg.

Montasje Sola TS og KNM Helge Ingstad

Havarikommisjonenla la fredag fram sin rapport om skipskollisjonen i Hjeltefjorden 8. november i fjor. Losforbundet mener den reinvaskar losen på «Sola TS».

Foto: NRK

– Etter vår oppfatning har losen handla heilt i samsvar med lovverket. Eg kan ikkje sjå at losen har gjort noko gale, seier formann i Norsk Losforbund, Johannes Sivertsen.

Losen er ein av dei fire mistenkte i politiet si etterforsking av skipskollisjonen i Hjeltefjorden. Dei tre andre er trafikkleiaren på Fedje, vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» og kapteinen på «Sola TS».

Fredag skreiv NRK at også kapteinen på den 249 meter lange oljetankaren hadde fått status som mistenkt.

Losen på «Sola TS» er mistenkt for brot på navigasjonsreglane i skipssikkerheitslova. Dette gjeld blant anna om skipet låg riktig i farvatnet og gav riktig signal til fartøyet som kom imot.

Illustrasjon av Sola TS ved Stureterminalen like før avgang

ILLUSTRASJON: Slik såg Sola TS truleg ut då oljetankaren la frå kai ved Stureterminalen rundt kvart på fire natt til 8. november.

Foto: Statens havarikommisjon / Illustrasjon

Meiner rapporten reinvaskar losen

Det har losforbundet heile vegen meint var feil.

Norsk Losforbund forventar no at politiet umiddelbart trekkjer losen sin status som mistenkt i saka. Grunngivinga er hovudkonklusjonane i rapporten, som i vesentleg grad peikar på svikt hjå fregattbesetninga og sjøtrafikksentralen på Fedje.

– Rapporten viser tydeleg at hovudansvaret for kollisjonen ikkje ligg hos «Sola TS» og losen, seier los og formann Johannes Sivertsen til NRK.

Han meiner Havarikommisjonen sin rapport synleggjer at losen og brubesetninga på Sola TS oppfatta faren i situasjonen, men at det var sviktande handling frå besetninga på KNM «Helge Ingstad» som forårsaka kollisjonen.

Rapporten slår fast at mannskapet på fregatten trudde det enorme tankskipet var Stureterminalen eller eit anna fast objekt.

– Rapporten viser tydeleg at losen og brubesetninga på «Sola TS» var dei einaste som forstod faren, og varsla både trafikksentralen og fregatten i situasjonen som oppstod, seier Sivertsen.

Men ikkje alt fungerte som det skulle på brua på «Sola TS» heller, ifølgje rapporten.

Ankerlysset og skadene på Sola TS etter kollisjonen med KNM Helge Ingstad. Hull i skroget er merket med hvit sirkel.

NYE BILETE AV SKADER: Ankerklysset og skadane på Sola TS etter kollisjonen med KNM Helge Ingstad. Holet i skroget merka med kvit sirkel. Biletet stammar frå rapporten til SHT.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Lite kommunikasjon mellom los og besetning

Oljetankaren gjekk med dekkslysa tende då ho sette ut frå oljeterminalen. Dette gjorde det utfordrande for brubesetninga på fregatten å sjå lanternene på tankskipet. Signallampa som tankskipet forsøkte å varsla med, blei heller ikkje oppdaga.

Havarikommisjonen har tilrådd reiarlaget Tsakos Columbia Shipmanagement S.A å etablera tryggingstiltak for bruk av dekkslys, slik at det ikkje kjem i konflikt med navigasjonslysa.

I tillegg tilrår kommisjonen at reiarlaget går gjennom og betrar praksisen for samarbeid på brua og sikker navigasjon med los om bord.

Kommisjonen slår nemleg fast at det var lite kommunikasjon mellom brubesetninga og losen om seglasen og trafikksituasjonen i fjorden.

«Dermed sikret man ikke i tilstrekkelig grad effekten av et team som aktivt bygger opp en felles situasjonsforståelse», heiter det i rapporten.

Johannes Sivertsen i Norsk Losforbund

FORMANN: Johannes Sivertsen er los og formann i Norsk Losforbund, fagforeininga der den mistenkte losen er medlem.

Foto: Norsk Losforbund

NRK har vore i kontakt med losen sin advokat. Han ønskjer ikkje kommentera rapporten, men seier til NRK at han ønskjer at Sivertsen i forbundet uttalar seg.

– Losen forklarar at samarbeidet på brua fungerte utmerkt, seier Sivertsen om kritikken i rapporten.

Fagforeiningsleiaren seier losen ikkje er samd i alt som står i rapporten, utan å trekkja fram kva konkret losen er ueinig i.

– Losen er stort sett einig i hovudkonklusjonane, sjølv om det kan vera enkelte punkt han ikkje nødvendigvis er einig i.

Nye overvåkningsbilder publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske møtet

KOLLISJON: Nye overvakingsbilete publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske samanstøyten.

Reagerer på at kapteinen først no er mistenkt

Fredag sa etterforskingsleiar Ole Bjørn Mevatne, som er Vest politidistrikt sin påtaleleiar i saka, at politiet ikkje vil endra status på nokon før saka blir sendt over til Statsadvokaten. Det blir saka truleg ikkje før på nyåret.

I same intervju opplyste Mevatne at kapteinen no har fått status som mistenkt i saka. Kapteinen seglar no i Karibia, men skal avhøyrast når han returnerer til Noreg.

Det reagerer Sivertsen på.

– I prinsippet er det kapteinen som har ansvaret for navigeringa. Losen har ansvaret for losinga. Så at ikkje kapteinen har vore involvert tidlegare, er jo litt merkeleg.

Han meiner losen burde ha blitt sjekka ut av saka for lengst.

– Politiet bør umiddelbart trekkja losen sin status som mistenkt. Me ventar at saka mot han blir lagt bort på ikkje straffbart forhold bevist.

NRK har også vore i kontakt med kapteinen sin advokat. Han seier til NRK at han ikkje kommenterer klientforhold.

Sola TS

HARD MEDFART: Det 249 meter lange oljetankaren fekk mindre skader etter møtet med fregatten. På styrbord side av baugen fekk tankaren hol i skroget.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix