Hopp til innhold

Legevakta oppdaga smitteutbrotet: – Friske, unge vaksne klarte ikkje gå sjølve

ASKØY (NRK): Tilsette på legevakta var dei første som forstod at drikkevatnet gjorde fleire tusen askøyværingar sjuke. Folkehelseministeren håpar andre kommunar lærer av det som har skjedd på Askøy.

Christina Gulla, lege på Askøy legevakt, sammen med Sylvi Listhaug

FORTALDE OM UTBROTET: Lege Christina Gulla (til høgre) gir folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) ei orientering om arbeidet på Askøy legevakt.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Unge og friske vaksne var så sjuke at dei ikkje klarte å gå sjølve. Dei måtte støtte seg til veggen og sat krokbøygd med veldige magesmerter, fortel lege Christina Gulla på Askøy legevakt til NRK.

Måndag møter Gulla og kollegaene pressen for å fortelje om korleis dei første intense arbeidsdagane var då smitteutbrotet vart kjent på Askøy.

Dei fatta mistanke om at noko alvorleg var på gang då mange frå same bustadområde kom inn med dei same plagene; magesmerter, oppkast, diaré og feber.

– Vi skjønte raskt at vi måtte varsle og gav melding til miljøretta helsevern i kommunen. Drikkevatnet var ein fellesnemnar. Då kokevarselet gjekk ut til innbyggjarane, eksploderte det rett og slett, fortel avdelingsleiar Christine Bakke til NRK.

Dei tre første dagane tok legevakta imot 260 personar. Over 600 fekk råd på telefonen. Totalt har over 70 personar vore innlagde på Haukeland universitetssjukehus.

Terje Mathiassen og Sylvi Listhaug

MØTTEST: Askøy-ordførar Terje Mathiassen (Ap) saman med Sylvi Listhaug på rådhuset på Askøy.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Ingen lovnader frå Listhaug

Måndag besøkte folkehelseminister Sylvi Listhaug Askøy, for å få ein orientering om situasjonen i kommunen. Eitt av stoppa til Frp-statsråden var på legevakta.

– Dei har stått på dag og natt for å handtere situasjonen og det har dei gjort på ein god måte, skryt Listhaug.

Like etter klokka 12.30 var folkehelseministeren i møte med kommuneleiinga på rådhuset. På møtet lufta ordførar Terje Mathiassen (Ap) tanken om at staten kan hjelpe til med rentefrie lån for investeringar innan vatn- og avløp.

På Askøy har dei planar om opprusting for 3,8 milliardar kroner på dette feltet. For innbyggjarane vil det føre til ei tredobling av vatn- og avløpsgebyret til over 30.000 kroner i året.

Listhaug ville ikkje love statlege midlar til betre vatn i dag.

– Det er kommunane som har ansvaret. Innbyggjarane betalar gjennom ei øremerka avgift.

Mistenkt høydebasseng på Askøy

HØGDEBASSENG: I dette høgdebasseng trur kommunen at smittekjelda er. Det er funne E.coli-bakteriar i vatnet her. Elles i drikkevatnet er det påvist campylobacter fleire stader.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Håpar andre kommunar har lært

Regjeringa bestiller no ei kartlegging av vatn- og avløpssituasjonen i norske kommunar. Det er Mattilsynet som skal utføre undersøkinga, seier Listhaug.

– Vi skal sjå på leidningsnettet, få oversikt over kva investeringsplanar kommunane har, korleis stoda er og kva behov kommunane har, seier Listhaug.

Ho håpar andre kommunar har lært av skandalen på Askøy.

– Dei kommunane som no veit at dei ikkje har orden i sakene, bør setje i gang naudsynte investeringar for å få det på plass. Her på Askøy vil kommunen slite med tilliten frå innbyggjarane i lang tid framover, seier Listhaug.

– Må aldri skje igjen

Også Askøy kommune skal bestille ei ekstern gransking av det som har skjedd i drikkevatn-saka.

Ordførar Terje Mathiassen (Ap) seier han førre fredag opplevde sin vanskelegaste dag i sitt 24 år lange politiske liv.

– Då var eg i gravferda til den eitt år gamle guten som døydde. Foreldra hadde ein klar beskjed til oss: At dette aldri må skje igjen.

– Det er utruleg viktig med ei gransking for at vi skal greie å vinne tilbake tilliten hjå innbyggjarane. Eg beklagar til alle som er råka av denne saka.

Ventar ny obduksjonsrapport

Dødsfalla til ei 72 år gamal kvinne og ein eitt år gamal gut blir knytt til drikkevatnet på Askøy.

Måndag vart resultata av den førebelse obduksjonsrapporten på 1-åringen offentleggjort. Den synte at guten hadde streptokokkar i tillegg til campylobacter, og at streptokokkane har gjeve guten blodforgifting som forårsaka at han døydde.

Den avdøde kvinna (72) hadde ein alvorleg sjukdom frå før då ho vart smitta av tarmbakterien campylobacter.

Politiet opplyser til NRK måndag at dei får obduksjonsrapporten på kvinna i løpet av denne veka.