Enkemann: – Eg trur eg blir sterkare, men eg føler ein kniv som stikk meg i hjartet

FYLLINGSDALEN (NRK): Karoline Aadland (28) frå Bergen omkom i flystyrt i Etiopia. Torsdag tok familie og vener farvel.

Minnegudstjeneste for Karoline Aadland.

KLEMMER: Vener og familie tok i dag farvel med Karoline Aadland.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Søndag 10. mars tok eit fly av frå Addis Abeba i Etiopia på veg til Nairobi i Kenya. Om bord var 28 år gamle Karoline Aadland frå Bergen. Ho var økonomimedarbeidar i den internasjonale avdelinga til Røde Kors.

Men ho kom aldri fram. Aadland omkom saman med 156 andre menneske i ein flystyrt med Ethiopian Airlines. Flyet, ein Boeing 737 Max 8, styrta kort tid etter avgang søndag 10. mars.

Torsdag klokka 13 tok ei fullsett Sælen kyrkje i Bergen farvel med Karoline. Minnegudstenesta blei direkteoverført av Røde Kors for at vener og kollegaar frå rundt om i verda skulle kunne følgje minnestunda.

Karoline Aadland ble bisatt 28.3.2019

FULLSETT: Sælen kyrkje i Bergen var fullsett under minnegudstenesta for Karoline Aadland torsdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK Hordaland

– Eg har levd i ein fantasi

Prest Ketil Nødtvedt la i sitt minneord vekt på at Karoline var nysgjerrig på livet frå ein tidleg alder. Sjølv om ho var einebarn og sosial, sa Nødtvedt, hadde ho ikkje eit ønskje om å vere i fokus.

Enkemannen John Zatta heldt ein minnetale om Karoline.

– Eg har levd i ein fantasi. Eg har vore gift med ei kvinne utan feil. Karoline ønskte betre for alle. Eg trur eg blir sterkare, men eg føler ein kniv som stikk meg i hjartet, sa enkemannen.

Faren Knut Aadland og onkelen Ole Mjåtvedt sa nokre ord under minnestunda.

– Karoline er ikkje lenger blant oss, men minne om ho ville leve for alltid. La oss minne Karoline som den flotte, positive og omsorgsfulle jenta ho var, sa Mjåtvedt.

Generalsekretær i Røde Kors, Bernt G. Apeland, kalla Karoline «eit sjeldan menneskje».

– Frå heile Røde Kors vil eg takke Karoline for hennar gode gjerningar. Prosjekta vil leve vidare og gjere verda litt betre.

Varm og engasjert

Under minnegudstenesta framførte Tor Endresen songen «Amazing Grace».

Aadland har tidlegare blitt skildra som eit menneske som var engasjert i å gjera verda til ein betre stad.

Ho hadde mykje erfaring med humanitært arbeid og miljøarbeid.

Aadland gjekk ut av Norges Handelshøyskole (NHH) i fjor og har tidlegare jobba for Unicef.

Kristin Risvand Mo, tidlegare kommunikasjonsdirektør ved Norges Handelshøyskole i Bergen, sa til NRK at Aadland var ein flott student som var veldig engasjert i å rekruttera fleire jenter til humanitært arbeid.

Karoline Aadland

OMKOM: Karoline Aadland var blant dei som omkom i flystyrten i Etiopia.

Foto: Privat

Lysseremoni

Etiopiske styresmakter seier at det vil gå mange månadar før dei sikkert kan identifisera dei omkomne. Minnegudstenesta i Bergen dag vil dermed vera eit endeleg farvel med Karoline Aadland.

I staden for kiste og jordpåkasting vil det vere ein lystenningsseremoni.

Ethiopian Airlines Flight ET 302

STYRTA: Ingen overlevde då flyet frå Ethiopian Airlines med 149 passasjerar og et mannskap på åtte styrta mellom Addis Abeba og Kenyas hovudstad.

Foto: TIKSA NEGERI / Reuters