NRK Meny
Normal

Ingrid (46) mista jobben: – Eg er optimist

– Ein må ikkje gå og tenka at ein er ubrukeleg, seier Ingrid Sundal. Ingeniøren er mellom offera for rekordhøg arbeidsløyse i sitt distrikt. Ferske tal syner stabilt høg arbeidsløyse i Noreg.

Ingrid Sundal

OPTIMIST: – Sjølv om det ikkje ser lyst ut akkurat no, så trur eg det snur, seier den permitterte ingeniøren Ingrid Sundal.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Ein må koma seg opp om morgonen og vera sosial. Ein kan ikkje setja seg ned og bli deprimert, seier Ingrid Sundal (46).

I fjor haust kom beskjeden om at ho blei permittert frå ingeniørjobben ved Kværner Stord.

– Eg har ei dotter på seks år som eg får god tid til, men eg saknar å gå på jobb. Til å byrja med var det bittert å måtte gå heime. Det kjennast feil når eg veit at eg kan brukast til så mykje i jobbsamanheng, seier Sundal.

Ferske tal viser stabil arbeidsløyse

I dag presenterte Statistisk sentralbyrå si ferske arbeidskraftundersøking. Undersøkinga har vist gradvis auke i arbeidsløysa frå 3,2 prosent i mai 2014 til 4,6 prosent i august 2015.

Det blir ein tøff vinter.

Grete Sandtorv, leiar i Stord næringsråd

Sidan det har arbeidsløysa vore stabil. Men talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos Nav gjekk opp med 3000 frå september til desember i fjor.

Kværner Stord

PERMITTERING: Kværner Stord permitterte i fjor haust. Sunnhordland har ikkje hatt høgare arbeidsløyse sidan 1996.

Foto: Kværner

– Det blir ein tøff vinter

Sundal hamna i same båt som mange andre i Sunnhordland. Ved utgangen av januar stod 1350 personar utan arbeid. 6,1 prosent av arbeidsstyrken i Stord kommune har ingen jobb å gå til.

– Me må heilt tilbake til januar 1996 for å finna høgare arbeidsløyse, seier rådgjevar i Nav Sunnhordland, Geirmund Mæland.

– Me er vane med at det går opp og ned i Sunnhordland, men no er det ganske travle tider, seier han.

– Det blir ein tøff vinter

Denne veka inviterte lokale aktørar i Sunnhordland til «Moglegheitsarena for arbeidsledige». Nav og ekspertar innan karriererettleiing og bedriftsetablering var på plass for å visa dei arbeidsledige moglegheiter og gi håp.

– Det blir ein tøff vinter. Olje- og gassnæringa vil gå opp att, om enn sannsynlegvis ikkje på det nivået den var. Men me trur det vil snu, seier leiar i Stord Næringsråd, Anne Grete Sandtorv.

Eg er alltid optimist, og håpar at eg får jobb.

Ingrid Sundal

Nav ser også lys i tunnelen.

– Det har vore ein viss pessimisme, men eg trur pilane vil peika riktig veg att litt ut på året. Me har ein del prosjekt som startar opp, og ein del bedrifter har fått kontraktar som startar opp til hausten, seier Mæland.

– Eg er alltid optimist

Den permitterte Kværner-ingeniøren veit ikkje om ho får jobben tilbake, men har ikkje gitt opp håpet.

– Eg er alltid optimist, og håpar at eg får jobb. Sjølv om det ikkje ser lyst ut akkurat no, så trur eg det snur, seier Ingrid Sundal.

Siste video

Husbrann på Askøy natt til tirsdag 23. januar.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås