Hopp til innhold

Hol i huset etter sprengingsuhell – ventar opp mot 150 millimeter regn

LINDÅS (NRK): Fleire steinar laga hol tvers gjennom taket til Øystein Mongstad under bygging av ny skule. – ikkje gunstig, nedbøren blir kraftig fram mot helga, seier meteorolog.

Øystein Mongstad fekk hol i taket etter sprengingsuhell

HOL: Øystein Mongstad måtte tysdag ta grep for å sikra at ikkje han fekk kraftig vasslekkasje i huset sitt. Ein stein laga hol i taket hans etter at sprengingsarbeid gjekk gale.

Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

Måndag kveld small det i Alversund i Lindås då arbeidet med ny skule gjekk gale. Øystein Mongstad fekk to hol i taket etter sprengingsuhellet.

– Eg hadde kvidd meg til dei skulle byrja å skyta og fekk eit lite sjokk då det først gjekk gale, seier han.

Ingen personar blei skadde i uhellet, men totalt tre hus fekk materielle skadar.

Opp mot 150 millimeter regn

Ifølge meteorologane kan det komma mellom 100 og 150 millimeter med regn fram mot helga.

– Det er nok viktig å få tetta til hola så det ikkje blir vasskadar i huset. Det kjem truleg litt mindre nedbør onsdag, men torsdag aukar det kraftig på igjen, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt.

Det har vore regnfullt på Vestlandet tysdag, ikkje minst i Lindås. Mongstad fortel at takstfolk har jobba med å sikra at skadane ikkje blir verre.

– Det kan jo bli vasslekkasje. Men eg tetta det til i går, og det blir sikra endå meir i dag, seier han.

Nina Håheim og mannen Arne Henning Rysjedal fekk òg hol tvers gjennom taket etter at det regna steinar utover nabolaget.

– Me har fått to store skadar på taket av huset som me har jobba litt med for å unngå at det regnar inn, seier Håheim.

Sprengingsuhell i Lindås

Det regna fleire store steinar over huset til Nina Håheim og mannen Arne Henning Rysjedal. Nokre av dei laga hol i tak og terrasse.

Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

Politietterforsking

Då NRK snakka med Håheim tysdag, hadde ho ikkje fått vita noko meir om kvifor arbeidet gjekk gale.

Lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland opplyser at dei held på å etterforska årsaka til sprengingsuhellet. Han vil ikkje gå i detalj om kva dei har funne ut.

– Me har vore i kontakt med kommunen og fått naudsynte papir og forklaringar frå dei, seier han.

Har det skjedd noko straffbart?

– Det er jo det me etterforskar. Me vil finna ut kvifor dette skjedde og ta ei påtalemessig avgjerd på om noko straffbart kan ha skjedd.

Største steinane vog 15 kilo

– Dei største steinane me målte var rundt 15 kilo, seier politibetjent Marianne Kalnes ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

Mange av desse steinane har truleg flydd nærare 100 meter gjennom lufta.

Kalnes fortel at dei no har avhøyrt bebuarar og gjort ei åstadsundersøking på sprengingsstaden.

Politibetjent Marianne Kalnes
Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

– Staden ser grei ut og massane har bevega seg stort sett slik dei skal, med unntak av éin steinsprut som har gått i retning av dei tre skadde husa.

Mongstad fortel at han kvir seg til dei skal halda fram med sprenginga.

– Eg er jo klar over at det var eit uhell, men eg kvir meg litt til akkurat den utskytinga.

stein

STOR: Denne store steinen trefte like ved huset til Nina Håheim og Arne Henning Rysjedal. Andre steinar laga hol i taket.

Foto: IDA YASIN ANDERSEN / NRK