Hopp til innhold

Steinane flaug 100 meter og hagla ned over nabolaget

ALVERSUND (NRK): Bygginga av ny barneskule enda med sprengingsuhell. – Det var veldig skummelt, seier nabo som fekk stein gjennom taket.

stein

STEIN: Denne steinen trefte like ved huset til Nina Håheim og Arne Henning Rysjedal. Andre steinar laga hol i taket.

Foto: IDA YASIN ANDERSEN / NRK

Minst to hus fekk skadar etter eit sprengingsuhell i Alversund i Lindås måndag ettermiddag.

Arbeidet med den nye skulen i bygda gjekk gale.

– Klokka 17.45 small det skikkeleg, eit kraftig brak, det halgla med stein nedpå terrassen, på taket og rundt alle vegar, fortel Arne Henning Rysjedal.

fekk stein i taket

SMELL: – Det var eit «heise» smell, seier Nina Håheim. Dei var innandørs då steinane hagla over huset.

Foto: IDA YASIN ANDERSEN / NRK

Glad dei var innandørs

Han er nabo til den nye skulen og var heime saman med kona Nina Håheim.

– Eg blei litt sjokka, kan du seia. Hadde eg vore utanfor, hadde det vore skikkeleg skummelt, seier Rysjedal.

UHELL: Sprenginga skjedde i samband med bygging av ny barneskule i Alversund.

Nabo Øystein Mongstad fekk òg stein i taket på huset som ligg rundt 100 meter frå sprengingsplassen. Det er hol tvers gjennom.

– Eg sat og slappa av. Smellet som kom, var enormt. Hadde ein av dei steinane treft nokon, hadde dei truleg ikkje vore her lenger, seier Mongstad.

hus

SKADAR: Huset til ekteparet blei treft av stein i taket og på terrassen.

Foto: Nina Håheim

– Ingen skadde

– Uhellet blei meld til oss klokka 18.15, seier politiets operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK.

Operasjonsleiaren seier at det er hol i tak og vegger på husa og på ein garasje.

hus2

STORE KREFTER: Terrassen ber synlege teikn på steinane som hagla over eigedomen.

Foto: Nina Håheim

Ingen personar skal ha blitt skadde i sprengingsuhellet.

– Men det er tilfeldig at dette ikkje blei meir alvorleg, basert på skildringane frå skadestaden, seier Dahl-Michelsen.

Etterforsking

Det er no starta etterforsking. Politiet har sikra staden og er i gang med å avhøyra vitne. Arbeidstilsynet er òg varsla.

– Politiet har vore innom her òg, seier Rysjedal, som er glad for at det trass alt gjekk bra med familien og naboane.

Eigedomssjef Line Valle i Lindås seier dei no skal bruka tid på å finna ut kva som gjekk gale på byggjeplassen.

– Det er ein erfaren entreprenør som har bygd mange skular før. Eg manglar førebels informasjon til å kunna seia noko om nøyaktig kva som gjekk gale. Men vi følgjer opp denne hendinga, seier ho til NRK.