Hopp til innhold

– Dette er dramatisk

Leiaren i transportkomiteen meiner det er dramatisk at ein av dei største transport-aktørane vurderer å kutta ut godstransport på Bergensbanen.

Hareide og Bergensbanen

Knut Arild Hareide meiner noko må gjerast.

Foto: Scanpix/Jernbaneverket

I går kveld blei det kjent at transportselskapet Schenker tenkjer på å kutta ut all godstransport på Bergensbanen og heller kjøra gods med lastebilar.

– Kundane våre er avhengige av påliteleg framføring, seier avdelingsdirektøren for produksjon og utvikling, Jon Austrheim, i ei pressemelding frå selskapet.

Bakgrunnen er at Bergensbanen nyleg har vore stengd i to periodar, først på grunn av togbrannen på Hallingskeid og deretter på grunn av ras .

Les og: Bergensbanen opnar igjen | – Vi taper mange millioner

– Dramatisk

Trafikkdirektør Jon Austrheim i transportselskapet Schenker

Jon Austrheim er avdelingsdirektøren for produksjon og utvikling i Schenker.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Knut Arild Hareide (KrF), som er leiar i transportkomiteen på Stortinget, meiner dette er ein dramatisk nyhet.

– Dersom ein av dei største aktørane vurderer å kutta ut Bergenbanen, så er det dramatisk, seier Hareide.

Han meiner ein no ser resultatet av altfor dårleg vedlikehald over lang tid.

– Dei må få hjelp

Hareide seier at utviklinga burde ha gått i motsatt retning, ved å flytta meir godstransport frå vegane og over på jernbane.

– Vi må sjå på kven som har ansvaret for å finna løysingar når Bergensbanen er stengt. No er det Schenker som sjølv må finna alternativ når godset ikkje kan sendast med tog. Eg trur vi må sjå på om godstransportørane kan få hjelp til å finna løysingar, seier Hareide.

Les og: Fleire saker om Bergensbanen.

Tar saka opp med statsråden

Nestleiaren i transportkomiteen, Anne Marit Bjørnflaten (Ap), meiner og at signala frå Schenker dette er veldig alvorlege.

– Eg kjem til å ta dette opp med statsråden, for å sjå om vi kan setja i verk andre strakstiltak enn dei vi er i ferd med å gjennomføra på Bergensbanen for å gjera det enklare å senda gods med tog, seier Bjørnflaten.

Anne Marit Bjørnflaten

Anne Marit Bjørnflaten (Ap) meiner signala er alvorlege og vil ta saka opp med statsråden.

Foto: NRK