Hopp til innhold

Vurderer å kutta ut jernbanen

Schenker har fått nok av problema på Bergensbanen og vurderer å ta i bruk lastebilar i staden for jernbane.

Trafikkdirektør Jon Austrheim i transportselskapet Schenker

Jon Austrheim er avdelingsdirektøren for produksjon og utvikling i Schenker.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Transportselskapet Schenker AS har sett seg lei på driftsavbrota på Bergensbanen og vurderer difor å legga meir av trafikken til lastebil.

– Kundane våre er avhengige av påliteleg framføring. Me fraktar fleire varer som krev ekstremt nøyaktig framføring, uttaler avdelingsdirektøren for produksjon og utvikling, Jon Austrheim, i ei pressemelding frå selskapet.

Leiinga i Schenker har tatt initiativ til å få vurdert om dei med faste bilruter kan levera varene til rett tid.

To store hendingar har i løpet av den siste månaden ført til problem på Bergensbanen. 16. juni tok det til å brenna ved Hallingskeid stasjon. Beredskapen på Bergensbanen er blitt kritisert i etterkant av denne hendinga.

Sist veke førte eit kraftig regnvêr til at grunnen forsvann under 30 meter med togskinner . Banen måtte stengast forbi denne staden medan dette blei reparert.

LES OGSÅ: Hareide skylder på klimaforandringer og frykter fortsettelsen

30 trailerar i kvar retning

Det blir sett opp ekstra kapasitet frå jernbanen si side for persontrafikken når det er problem på Bergensbanen. Tilsvarande blir ikkje gjort for godstrafikken.

– Det blir store meirkostnadar ved å hanka inn ein bil på kort varsel, og det er ikkje berre bil, me må ha spesialbilar som skal ta frukt, grønsaker og medisinar. Det er ein krevjande jobb som gir så store kostnadar at me må sjå på totalløysinga, seier Jon Austrheim til NRK.

– kor store kostnadar er det snakk om?

– Eg tør ikkje å svara på kva det har kosta oss no, men me har hatt ca. 30 trailerar som har gått i kvar retning denne veka når bana har vore stengt, og tilsvarande då det var den store brannen, seier Austrheim.

Schenker meiner at Bergensbanen den siste tida stadig har hatt driftsavbrot og svikt i leveringskvaliteten.

– Med faste bilruter vil det vera enklare og meir forutsigbart å framføra gods mellom Austlandet og Bergen. Alle Schenker sine terminalar vil kunna få direkte bilruter til og frå Bergen, seier Austrheim.

– Staten må ta ansvar

Avdelingsdirektøren for produksjon og utvikling meiner staten må ta ansvar viss dei vil at transport skal skje over jernbane.

– Me kunne ha overført meir gods til bane om me hadde hatt større kapasitet og ein infrastruktur som gjorde at me kunne stola på framføringa. Det er staten har ansvaret for infrastrukturen på jernbanenettet og då er det dei som må ta ansvaret her, seier Jon Austrheim.

– Kjenner de til andre som vurderer det same som dykk?

– Eg veit at Posten så seint som i fjor hadde tilsvarande frustrerte utspel, seier Austrheim.