Hopp til innhold

Flaumkaoset: – Ekstremt spesielle temperaturar

I Tafjord i Møre og Romsdal vart det målt 25,5 grader i natt. Det er berre ein tidel bak rekorden for oktober her i landet. Kombinert med nedbør fører ekstremvarmen til enorme mengder vatn i bekker og elver.

Skjåk er råka av flaum, sjå luftbileta frå områda rundt Ofossen.

Skjåk er råka av flaum, sjå luftbileta frå områda rundt Ofossen.

Nedbør, snøsmelting og heilt spesielle temperaturar fører til at bekker og elver går over sine breidder både i Oppland, Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Det er veldig spesielt vêr vi har nå. Det har vore ein heilt spesiell varme heile veke som har gjort at snøen vi fekk tidleg i oktober har smelta, seier statsmeteorolog Bente Wahl.

Nærare 2000 meter over havet har det vore over ti varmegrader, noko som er særs uvanleg på denne tida av året.

– I Tafjord i Møre og Romsdal var det 11 grader klokka 2 i natt. Så steig det til 25 grader på ein time. Makstemperaturen der var på 25,5 grader, noko som er berre ein tidel bak rekorden for oktober.

Varme høgt til fjells

For 14 dagar sidan låg det 20 cm med snø i mange av fjellområda i Nord-Gudbrandsdalen. Alt dette smelta i løpet av særs kort tid, fortel ordførar i Skjåk, Elias Sperstad.

– Eg var i Breidalen i går, 1000 meter over havet. Der var det 15–16 grader. Da smeltar alt av snøen som har kome tidlegare i haust, i kombinasjon med mykje regn så fekk det store konsekvensar.

Både i kommunesentrumet Bismo og fleire andre stader i kommunen står fleire hus under vatn og kommunen har sett krisestab.

Se dronevideo fra Lom i Gudbrandsdalen . Foto: Lom kommune

Se dronevideo frå Lom i Gudbrandsdalen. Foto: Lom kommune

Fryktar at det kan bli verre

Regiondirektør i NVE Brigt Samdal seier at dei har raudt farevarsel på vassdrag på begge sider av fjellet, nord i Gudbrandsdalen, Nordfjord og indre Sogn.

– Det er fleire vassdrag som har stigande vassføring enda. Så veit vi at det er på veg meir nedbør. Kvar det treffer vil vere veldig avgjerande for kvar det blir størst problem framover. Men vi fryktar at det kan bli verre før det roar seg.

Han seier at det er for tidleg å seie kor store skader vatnet har ført til.

Temperaturar klokka 09.00

Meir nedbør på veg

Meteorolog Bente Wahl seier at det vil kome meir nedbør utover ettermiddagen og kvelden.

– Somme stader vil det kunne kome 20–25 millimeter i løpet av dei neste timane. Så vil denne fronten forsvinne austover natta og morgondagen. Da vil det kome kaldare luft og heilt andre temperaturar.

På primstaven er14. oktober den fyrste vinterdagen, og ifølgje gammal tradisjon fortel vêret i dag korleis det blir resten av vinteren.

– Vi får håpe det ikkje slår til denne gongen. Det er heilt spesielt at vi ser slik vêr i midten av oktober.

Store delar av Bismo står under vatn

Skjåk er vanlegvis landets tørraste kommune. Nå står delar av sentrum under vatn.

Foto: Politiet
Ottaelva har gått over sine breidder og inn i byggjefeltet i Bismo i Skjåk.