Hopp til innhold

– Det har vore svært intense timar i Istanbul

Morten Myksvoll frå Bergen landa i Istanbul like før militærkuppet braut ut.
– Eg er svært nær alt som skjer. Hotellrommet har rista med jamne mellomrom i heile natt, fortel Myksvoll.

TURKEY-POLITICS-MILITARY-COUP

Morten Myksvoll kom til Istanbul like før dei første meldingane om militærkuppet kom i går kveld.

Foto: GURCAN OZTURK / Afp

– Det flyr jamleg jagarfly over meg, og det bråkar noko ekstremt. Hotellrommet ristar, fortel Myksvoll til NRK like før klokka 07.30 i dag tidleg.

I løpet av natta har han berre fått to timar med søvn.

– Eg har framleis ikkje heilt oversikt over situasjonen. Det ser ut til at myndigheitene har slått tilbake kuppet, men at det ikkje er heilt over endå, seier Myksvoll.

Kaotisk

Han driv også nettsida Tyrkisk Politikk, og har etablert seg som ein ekspert på den politiske situasjonen i landet. Han har vore i dramatiske situasjonar i Istanbul før, og var svært nær å hamne midt i terror-eksplosjonen i Istanbul si handlegate i mars i år.

I natt har han haldt ein lav profil, og haldt seg i dekning på hotellrommet.

– Eg har ikkje følte meg utrygg, men det er ganske kaotisk her. Det høyrdest ut som det var eksplosjonar i natt, fortel Myksvoll.

– Det har flydd helikopter over byen gjennom natta, og med jamne mellomrom kjem lågtflygande jagarfly. Dei flyr raskt og bryt lydmyren, noko som merkast godt, fortel Myksvoll frå hotellrommet sitt i Istanbul.

Demonstranter i Istanbul

Det har vore ei dramatisk natt i Istanbul.

Foto: GURCAN OZTURK / Afp

Store mengder folk i gatene

Det har også vore store mengder folk i gatene i byen i natt.

– Eg såg ei gruppe på hundrevis, kanskje tusenvis, av menneske som gjekk mot Taksim-plassen tidleg i natt. Nokre timar seinare kom dei jublande tilbake, truleg fordi kuppet var slått ned. Då køyrde også brannvesenet gjennom gatene med sirenene på, i det eg tolka som ei feiring, fortel Myksvoll.

UD ber no folk som ikkje må la vere å reise til Tyrkia. Myksvoll har førebels ikkje avgjort korleis han skal ta omsyn til situasjonen vidare.

– Eg må sjå korleis utviklinga blir utover morgonen. Det er ikkje gitt at det er utrygt å vere ute i dag, men eg vil følgje med på kva mellom anna UD melder, seier Myksvoll.

TURKEY COUP ATTEMPT Attempted coup d'etat in Turkey

Mennesker tar over ei stormpanservogn i gatene i Istanbul i natt.

Foto: TOLGA BOZOGLU / Epa